Bana er opa 

15 deltakarar gjekk siste turneringa i årets SkOlsen Tour. I strålande haustsol som laga lange skuggar på bana så var det Harald Indresøvde som gjekk best denne ettermiddagen med -4. Sindre Winjevoll kom rett bak med -3 etterfulgt av Svein Aasen og Leon Myrvåg på -2.

Då er det berre ei turnering igjen denne sesongen og det er avslutningsturneringa neste helg.

Resultat SkOlsen Tour 12
 
2019 10 05 16.33.27
 
 

 

I natt hadde vi første natta denne hausten med frost. Vi ynskjer ikkje å stenge bana endå men vi ber alle om å ikkje gå inn på greenane om det er frost. Vent difor til godt ut på dagen så sola får tatt godt framme i Vassbotnen dei dagane det er frost på natta før de går ei runde. Ut frå meldingane så ser det ut som det kan bli nokre dagar framover der det er fare for nattefrost.

Vi håper at alle kan respektere dette så vi slepp å stenge greenane heilt og etablere vintergreen før det er heilt nødvendig.

Klikk her for å sjå kvifor vi ikkje ynskjer at de går inn på green når det er frost.

800px Frozen grass

Den siste helga i september vart avslutta med nattgolf på fredagen og scramble på laurdag. Sjølv om det vart seint på nattgolfen så var det ein opplagt og speleklar gjeng som stilde til turnering på laurdagen også. SkOlsen Scramble gjekk i strålande haustver med 17 deltakarar fordelt på 8 lag. Leon Myrvåg og Sindre Winjevoll, og Jostein Digernes og Jan Trygve Gretland gjekk begge på -4 og sikra med det delt seier. Familien Gretland har stort sett vore representert på pallen denne hausten og turneringa i dag var ikkje noko unntak. Ole Gretland som gjekk vegen til golf kurset no i haust gjekk si første turnering i lag med far og bestefar. Det vart ikkje pallplass i dag men vi skal ikkje sjå vekk i frå at han vil vere med å kjempe om pallplasseringar framover.

Det nærmar seg slutten på sesongen og neste helg er det avslutning på SkOlsen Touren. Der er det tett i teten så siste turneringa kan snu om på resultatlista. Den 12. oktober klokka 12 er det avslutningsturneringa. Denne går over 18 hol. Vi håper på fortsatt fint ver og godt oppmøte.

2019 09 28 18.02.24 2
Vinnarane Jostein Digernes, Jan Trygve Gretland, Leon Myrvåg og Sindre Winjevoll.
 
Resultat SkOlsen scramble
 
2019 09 28 16.40.52 2
Flott innspel på hol 5 av Leon Myrvåg frå vinnarlaget. 

 

16 spelarar deltok på årets nattgolf. Det var utslag klokka 20 og det var spelt fram til klokka 22:30. Då var det pizzapause i klubbhuset. Når magane var fulle så var det ut igjen for å gå dei siste hola. I år vart det gått hol 3, 6, 5, 7, 8 og 9 tre gongar, totalt 18 hol. Det var nok eit artig skue for dei som gjekk seg ein kveldstur rundt vatnet der bana var merka med ledlys i alle fargar og lysande ballar som flaug på kryss og tvers. Heile arrangementet var ferdig klokka 01.30. Premievinnarane lengta nok etter senga for dei var raskt ut av dørene og eg rakk så vidt i vinnaren og fikk tatt bilde av han. Vinnaren i årets nattgolf var Arve Nupen. Han var heile seks slag foran nestemann på lista.som var Trond Are Ryste. På tredje plass kom Joar Voldsund. 

2019 09 28 01.07.32 2
Vinnar Arve Nupen
 
Resultat nattgolf
2019 09 27 23.33.29

 

På fredag 27. september vert det nattgolf. Shotgunstart kl. 20.00.

Vi  har kjøpt nye lys til fairway som skal lyse endå betre enn glowsticksa som vi har brukt tidlegare. Vi set dei opp på 50, 100 og 150 meter i tillegg i retning flagget på blinde utslag. Det vert merking av tee og rundt greenane med glowsticks. Vi fikk nye lys på flagga i fjor som lyser goft opp som gjer at du aldri er i tvil om retninga. 

Vi går hol 1, 2, 3, 7, 8 og 9 frå raudt/framtrekt utslag. Ved godt vêr går vi tre runder der dei dei to beste scorane på kvart hol vert teljande. Fint om alle tek med haudelykt/lommelykt - men merk at den ikkje skal brukast under spel.

Pizza og to nigthflyer ballar er inkludert i kontingenten. (kr. 350) Ta med det du sjølv ønskjer å drikke. 

Velkomen til årets mest sosiale turnering!

Endeleg kom sommaren tilbake og vi fikk tatt fram shortsane igjen. 16 spelarar deltok på SkOlsen Tour 11. Familien Gretland har verkeleg funne haustforma men måtte denne gongen sjå seg slått av Peder Barstad som gjekk på -2. Jan Egil og Jan Trygve begge med etternamnet Gretland gjekk på -1. Med denne runda så gjekk Jan Egil også opp i tetkampen i Order of merit eit slag bak Rune Strømmen og Sindre Winjevoll. Helge Eltvik og Olav Trandal vart med det skyvd ned på delt fjerdeplass. Dette gjer at vi i årets SkOlsen Tour får spenning heilt til den siste turneringa Skolsen Tour 12 som er om fjorten dagar. 

2019 09 21 17.38.06 2
Jan Egil Gretland, Peder Barstad (vinnar) og Jan Trygve Gretland
 
Resultat SkOlsen Tour 11
 
2019 09 21 15.42.49 2
 
2019 09 21 15.47.36 2
 
2019 09 21 16.03.02 2
 
2019 09 21 16.03.32 2

 

Vi har vurdert om bana bør stengast dei komande dagane på grunn av dei store nedbørsmengdene som har kome og er varsla dei første dagane.

Konklusjonen er at vi held bana open for spel men oppmodar alle om å bruke vit og sunn fornuft.

- Berre matte-utslag skal brukast (der matte er utlagd) 2.køller regelen gjeld ikkje. Tee klossar står i dag ved matte.
- Vis varsemd ved innspel til green 1. Det er ikkje høve til å hente ballen om han vert liggande på duken i det nysådde området. (blå stakar med kvit topp)
- Unngå full sving prøveslag frå fairway.

SkOlsen Tour 9 som skulle vere siste onsdagsturneringa vart flytta til laurdagen på grunn av dugnad på green 1. Det vart ikkje tatt bilde av vinnarane då dei fleste nytta høvet til ei strafferunde i det fine veret. Jan Egil Gretland vant på -4. Helge Eltvik og Idar Arne Rebbestad delte andreplassen på par. Fullstendig resultatliste finn du under.

SkOlsen Tour 10 gjekk i fint haustver og denne laurdagen var det Gretland sr. (Jan Trygve) som gjekk av med sigeren på -3 i lag med Stein Monsholm. Olav Trandal og Gretland jr. (Jan Egil) delte tredjeplassen på -2. Jan Egil er verkeleg i storslag for tida og det går rykter om ei sterk runde i Toyota Sunnmøre Matchplay cup der han denne veka gjekk på 63 slag.

2019 09 07 17.48.40 2
Stein Monsholm, Jan Trygve Gretland, Olav Trandal og Jan Egil Gretland
 
Resultat SkOlsen Tour 10
 
Resultat SkOlsen Tour 9

 

Dei siste par vekene har vi hatt tre hole in one. Vegard Hellebust var først ute med hole in one den 10. august på hol 11. Han brukte eit åttar-jern. Håvard Dalsbø og Leon Myrvåg hadde begge hole in one den 27. august. Først var det Håvard på føremiddagen med hole in one på hol 11 med eit åttar-jern. På kvelden hadde Leon hole in one på hol 16 med ein Approach.

Hole in one Vegard Hellebust
Vegard Hellebust på hol 11
 
Hole in one Håvard Dalsbø
Håvard Dalsbø på hol 11
 
Hole in one Leon Myrvåg 2
Foten til Leon Myrvåg på hol 16

 

Banesjef har stengt hol 1 i morgon 28. august på grunn av arbeid på green 1. Det gjer at vi må  utsette SkOlsen tour 9 til søndag 1. september.
 
Der er tilgang på maskiner og veret som gjer at arbeidet må gjerast i morgon.
 
Om nokon har mulighet til å hjelpe til så vert det satt pris på det.