Bana er opa 

Ein flott gjeng stilde i dag og spelte matchane sine samstundes. Det var ein del som var vekkreist denne helga eller hadde andre gjeremål. Den mest uheldige hamna på sjukehus men er forhåpentlegvis snart attende på golfbana. Sjølv om det var mange vekke så møtte det opp fleire som ikkje hadde matchar i dag og gjekk matchar mot kvarandre for å få treninga.

Det har begynt å kome inn nokre resultat frå matchane. Det er fortsatt heilt ope kven som går vidare til kvartfinalane.

Klikk her for å sjå oversikt over matchane og resultata i gruppespelet.

Toyota Sunnmore matchplay cup bil 1

 

Toyota Sunnmore matchplay cup bil 3

 

Toyota Sunnmore matchplay cup bil 2

24 spelarar deltok på tredje turneringa av SkOlsen Touren. I fint ver var det mykje godt spel. Den som gjekk best denne onsdagen var Sindre Winjevoll som susar nedover i handicap. Andreplassen vart delt mellom Johan Liadal og Terje Kalvatn.

Vinnarane SkOlsen Tour 3
Trond Are Ryste, Terje Kalvatn, Johan Liadal, Helge Eltvik og Sindre Winjevoll (Vinnar)
 
Resultat SkOlsen Tour 3 2019
 

 

Då har vi trekt gruppene for gruppespelet. Det er 24 golfarar som er påmelde. Dei er fordelt på fire grupper med seks i kvar gruppe. Sjå gruppene under. Både gruppene og rekkjefylgja er trekt tilfeldig. Kvar spelar er sett opp i match mot den som er over  og under seg på lista i tillegg til den som er tre nedom/oppom. Dette gir då tre matchar for kvar spelar i gruppespelet. 

  • Matchar i gruppespelet går over ni hol
  • Front eller back vert trekt før de går ut.
  • Det skal spelast med fullt spelehandicap
  • Seier gir 2 poeng og uavgjort gir 1 poeng
  • Ved lik poengsum så er det tal på hol opp som avgjer. Om det då fortsatt er likt så vert det omspel til vi har ein opp.
  • Dei to beste i kvar gruppe går vidare til kvartfinalen.
  • Resultat i matchane i gruppespelet skal de sende til Olav (This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.)
  • Alle matchane i gruppespelet skal vere ferdige til 17. juni

De har kanskje sett at det er nokre endringar frå det opprinnelege oppsettet. Vi har etterkvart oppdaga at det var ein del føresetnader som vi ga som ikkje let seg gjennomføre i praksis då det var logiske bristar. Dette er første gongen vi gjennomfører gruppespel i matchplay cupen så vi lagar litt vegen medan vi går og så får vi ta med erfaringane til neste år så det vert endå meir straumlinjeforma.

Målet vårt er å gjere matchplay cupen meir attraktiv og at spelarane får fleire matchar og ikkje er ferdig etter den eine om dei skulle tape. Om ein går ei dårleg runde så har ein kanskje mulighet til å kome seg vidare til sluttspelet likevel. Vi håper at dette er eit konsept som de vil like og som gjer at vi får med fleire på matchplay cupen i åra framover.

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4
Idar Arne Rebbestad Jan Erik Myklebust Torstein Akslen Lianes Olav Andre Trandal
Sindre Winjevoll Trond Are Ryste Joar Voldsund Helge Eltvik
Dag Thore Hagen Per Kristian Langlo Webjørn Yksnøy Bergmann Are Myklebust
Lars Kåre Vikestrand Johan Liadal Jan Trygve Gretland Helge Haram
Rune Strømmen Håvard Dalsbø Peder Barstad Jostein Digernes
Bjørn-Arve Korsfur Jan Egil Gretland Svein Aasen Terje Kalvatn
       
Matchar gruppe 1 Matchar gruppe 2 Matchar gruppe 3 Matchar gruppe 4
Idar Arne - Sindre Jan Erik - Trond Are Torstein - Joar Olav - Helge E
Sindre - Dag Thore Trond Are - Per Kristian Joar - Webjørn Helge E - Are
Dag Thore - Lars Kåre Per Kristian - Johan Webjørn - Jan Trygve Are - Helge H
Lars Kåre - Rune Johan - Håvard Jan Trygve - Peder Helge H - Jostein
Rune - Bjørn-Arve Håvard - Jan Egil Peder - Svein Jostein - Terje
Bjørn-Arve - Idar Arne Jan Egil - Jan Erik Svein - Torstein Terje - Olav
Idar Arne - Lars Kåre Jan Erik - Johan Torstein - Jan Trygve Olav - Helge H
Sindre - Rune Trond Are - Håvard Joar - Peder Helge E - Jostein
Dag Thore - Bjørn-Arve Per Kristian - Jan Egil Webjørn - Svein Are - Terje

Onsdag 12. juni arrangerer Volda golfklubb årets viktigaste turnering. Norges Golfforbund og Kreftforeninga har sidan 2008 samarbeida om turneringa Pink Cup, der formålet er å å samle inn pengar til brystkreftsaka og skape positivt engasjement i klubbane.

Det vert i tillegg til sjølve turneringa muligheit for å kjøpe seg mat og drikke. Det vert også utlodding med fine premiar. Alt som kjem inn av pengar går direkte til brystkreftsaka. I fjor vart det samla inn 1,35 millionar på Pink Cup. (Ikkje berre i Volda) 

Det vert scramble med premiering av dei beste laga i tillegg til nærast pinnen og lengste drive.

Klikk her for å kome til påmelding og turneringsinfo.

Vi håper flest mogleg kan vere med på turneringa og støtte denne gode saka.

980

Velkommen til Pink Cup – årets viktigste turnering

Norges Golfforbund og Kreftforeningen har siden 2008 samarbeidet om turneringen Pink Cup, hvor formålet er å å samle inn penger til brystkreftsaken og skape positivt engasjement i klubbene.

Heile 44 spelarar deltok på Nordvest Tour Volda - Tess Open fordelt på tre klasser. I kvar klasse vart det konkurrert i brutto og stableford. Nordvest Tour er eit samarbeid mellom ni golfklubbar på sunnmøre og i nordfjord. Det er Ålesund golfklubb, Sunnmøre golfklubb (Ulstein/Hareid), Volda golfklubb, Vanylven golfklubb, Stranda golfklubb, Nordfjord golfklubb, Selje golfklubb, Sandane golfklubb og Sunnfjord golfklubb.

I junior klassa vart det heilt likt mellom dei to juniorane Andreas Årseth (Sunnfjord GK) og Kristoffer Trandal (Volda GK). Begge gjekk på 77 slag og med omlag heilt likt handicap så enda begge på 31 poeng. 

Brutto vaksen vart vunne av Bjørn Julius Ulstein Vattøy (Sunnmøre GK) Han gjekk på 71 slag som er eit slag over banepar. Rett bak kom Tore Gjerdalen (Sunnfjord GK) på 72 slag og Jan Egil Gretland (Volda GK) på 73 slag. Tore Gjerdalen (Sunnfjord GK) gjekk på heile 43 poeng og vant i stableford. På andre plass kom Dag Roar Ørsal (Volda GK) på 41 poeng og på tredje plass var det Bjørn Julius Ulstein Vattøy (Sunnmøre GK) på 40 poeng. Det var mykje godt spel i vaksenklassa og heile 7 stk. får ei justering ned i handicap.

Det var også mykje godt spel i seniorklassa. Tore Naustdal (Nordfjord GK) brukte færrast slag i seniorklassa. Han gjekk på 76 slag. Per Kristian Langlo (Volda GK) vart nummer to med 81 slag. Joar Voldsund (Volda GK) og Robert Graham (Sunnmøre GK) delte tredjeplassen med 82 slag. Dei to første plassane i stableford gjekk til dei same som i brutto. Tore fekk 40 poeng og Per Kristian gjekk på sitt handicap på 36 poeng. Tredjeplassen vart også her delt men Joar var bytta ut med Jon Tore Sætre (Vanylven GK) som delte med Robert Graham.

Det var også konkurrert i nærast pinnen på hol 11 og lengste utslag på hol 18. Det var Thomas H. Pettersen (Sunnmøre GK) som var nærast pinnen og landa 3 meter og 93 centimeter frå holet. Den som slo lengst på hol 18 var Kristoffer Trandal.

Det var mykje skryt frå dei tilreisande for ei flott bane. Det skal vi bringe vidare til banemannskapet som legg ned mykje arbeid for at vi skal ha ei slik flott bane her i Volda. Vi vil også takke Tess Ørsta/Volda i Hovdebygda med avdelingsleiar Arthur Geir Brænne som har stilt med flotte premiar til vinnarane. Det var bekledning, verktøy, støvsugar og elektroverktøy som vinnarane kunne ta med seg heim. Ein stor takk til damegruppa som stilde i kiosken og serverte slitne golfarar kaffi, vafler og kaker for å få blodsukkeret i (u)balanse.

NB! Det er lagt inn fleire bilder under resultatlistene.

 

 2019 06 02 16.21.33 1 2
Jan Egil Gretland, Dag Roar Ørsal, Jon Tore Sætre, Thomas H. Pettersen, Andreas Åresth, Per Kristian Langlo, Kristoffer Trandal, Bjørn Julius Ulstein Vattøy, Joar Voldsund og Tore Naustdal.
 
 Junior Brutto
 NVT Volda brutto junior
 Junior Stableford
NVT Volda Stableford junior
 Voksen Brutto
NVT Volda voksen brutto
Voksen Stableford
NVT Volda voksen stableford
Senior Brutto
NVT Volda senior brutto
Senior Stableford
NVT Volda senior stableford
 
2019 06 01 18.20.02 2
Flotte premiar frå Tess.
 
 2019 06 02 10.43.28 2
 
 2019 06 02 10.43.48 2
 
2019 06 02 10.43.55 2
 Klare til start.
2019 06 02 13.56.07 2
Når det er så mange som 44 spelarar på bana så vert det tid til ein liten pust i bakken. Jan Egil gjekk med paraplyen oppe heile turneringa for å halde regnet vekke. (Vi er ikkje overtruiske)
2019 06 02 14.12.16 2
Kasserar Peder Barstad  ved green på hol 3.
2019 06 02 14.12.52 2
Robert Graham klar for innspel på green på hol 3.
 
 

Tretten barske karar trossa ver og vind denne siste onsdagen i mai. Med nysnø i fjella og regnet som ausa ned som på ein somardag i Bergen så tømde dei baggane sine for køller, utanom to pluss putter. Det er mange vurderingar i valet av desse to køllene og nesten same kva ein vel så vert dei andre 11 køllene sterkt sakna desse timane. Nokre takla fråværet av køller betre enn andre og den som takla det best denne kvelden var Torstein Lianes som gjekk av med sigeren. På dei neste plassane så kom Jan Egil Gretland og Per Kristian Langlo.

No håper vi på meir sol og varme framover. 

 Vinnar SkOlsen to kølle
 Jan Egil Gretland, Torstein Lianes (Vinnar) og Per Kristian Langlo
 
Resultat SkOlsen to kølle
 

Vil med dette ynskje alle velkomen til Nordvest Tour Volda - Tess Open på søndag 2. juni. Det er begynt å sige inn med påmeldingar men vi har plass til fleire. Vermeldingane for søndagen ser akkurat no bra ut. Det er vår turneringssponsor Tess i Hovdebygda som står for premiane til turneringa. Damegruppa i Volda golfklubb stiller med kiosksal på turneringa og det vert mogleg å få kjøpt seg både mat og drikke. 

Påmelding kan de gjere ved å klikke her!

Vel møtt!

 

Tess

Det er fortsatt litt få påmeldte til Toyota Sunnmøre Matchplay Cup så vi utvider påmeldinga nokre dagar til. I år har vi eit ynskje om at alle skal få fleire matchar i eit gruppespel før sluttspelet slik at ein ikkje ryk ut etter ein kamp. Vi har ikkje heilt landa korleis vi skal få det til men oppsettet kjem snart.

Meld dokke på! Det vert fine premiar frå Toyota Sunnmøre AS der dei fire første vert premiert på årsmøtet i 2020. Førstepremien er ein wedge frå enten Callaway eller Titleist. Toyota Sunnmøre spanderer ein 3 pk. med Toyota Sunnmøre golfballar på alle som stiller.

Vi har eit håp om å få køyre gruppespelet nokonlunde samla. Mest truleg helga etter Tess Open Nordvest Tour i Volda. 

 

Toyota sunnmre matchplay cup

Kveldens SkOlsen Tour gjekk i lett regn men med god temperatur. Vinnar vart Olav Trandal som gjekk på -3. Etter å ha starta sesongen noko svakt så ser det ut som han kan ha begynt å finne forma. Rett bak på andre plass kom Rune Strømmen på -2. Idar Arne Rebbestad og Sindre Winjevoll fekk delt tredje plass på -1. Rune og Sindre låg heilt i toppen på forrige SkOlsen Tour også så dette kan bli bra samanlagt om dei fortset slik.

 

 2019 05 22 20.25.33 2
 Olav Trandal (vinnar), Idar Arne Rebbestad, Rune Strømmen og Sindre Winjevoll
 
 Resultatliste SkOlsen Tour 2
 

Tysdag 21. mai 2019 klokka 18.30 startar Volda golfklubb opp med barnegolf. Det vert for barn i alderen 7 til 12 år. Det vert treningar kvar tysdag fram til sommarferien i første omgang. Vi har alt du treng av utstyr så du treng ikkje kjøpe eige utstyr. Det er berre å møte opp på golfbana i Vassbotnen. Det er fritt fram for å kome å prøve om de er usikre på om dette er noko ein vil vere med på eller ikkje.