Bana er opa 

Onsdag 5. mai arrangerte vi årets første SkOlsen Scramble. Det var heile 26 deltakarar som var med i fineveret. Vinnarparet vart Jan Egil Gretland og Håvard Dalsbø tett fylgt av para som delte andreplassen, Bjørn Arve Korsfur og Tore Skåltveit, og Harald Indresøvde og Olav Trandal.

 

 Vinnarar SkOlsen Scramble 1
 Jan Egil Gretland, Harald Indresøvde, Håvard Dalsbø, Bjørn Arve Korsfur, Tore Skåltveit og Olav Trandal
 
 Resultatliste SkOlsen Scramble 1
 

Søndag 19. mai frå klokka 12 til 15 vert det kickoff for barnegolfen på treningsområdet til Volda golfklubb. Er du i alderen 7 til 12 år og kunne tenkt deg å prøve golf så er du hjarteleg velkomen fram i Vassbotnen. Du får prøve å slå golfballar med forskjellige køller på drivingrangen og putte på treningsgreenen. Roy og Kai vil nok ha nokre andre spennande øvelsar også som du kan prøve deg på. Hovudsponsoren vår Sparebank 1 Søre Sunnmøre stiller med is. Du treng ikkje å ha nokon kunnskap om golf frå før for å delta. Dette er ei heilt uformell samling der du kan ha med deg foreldre og søsken. Vi skal ha kaffi til dei vaksne slik at dei kan drikke kaffi og snakke med andre vaksne så dei ikkje forstyrrer deg når du spelar golf. 

Om du synest at dette var kjekt og kunne tenkt deg å fortsette så vert det starta opp treningar kvar tysdag framover.

Om nokon vaksne skulle lese denne meldinga og har barn/barnebarn i denne alderen så er det fint om du kan informere dei som er i denne aldersgruppa om dette arrangementet.

Vel møtt til store og små!

2008 08 17 12.58.41

Vårspretten Felleskjøpet Open vart utsett ei veke i høve oppsett plan noko som var fornuftig. I staden for snøbyger så var det lettskya med stadige solgløtt. Det var mykje godt spel og John Ivar Stennes gjekk av med sigeren på -3. På andre plass kom Lars Kåre Vikestrand som er i kanonform for tida og gjekk nok ein gong på -2. Om dette fortsetter så er det ikkje lenge før han er scratch-spelar. I grøntkort-klassa var det Håvard Dalsbø som vant. Han starta turneringa med 46 i handicap og gjekk på heile -12. Det gjer at dette vart både første og siste turneringa hans i grøntkort-klassa. Etter turneringa så er han nede på 35,5 i handicap og må stille i herre-klassa i neste turnering. Premiane kom frå friluftsavdelinga til turneringssponsor Felleskjøpet.

 

 Vinnarar Felleskjøpet Open
 Lars Kåre Vikestrand, Per Kristian Langlo, Håvard Dalsbø (Vinnar GK), Harald Indresøvde, Arnfinn Strande og John Ivar Stennes (Vinnar)
  
 Resultat Felleskjopet Open
 Resultat Felleskjopet Open GK
 
Felleskjopet flagg

 

 

Årets første SkOlsen Tour gjekk av stabelen i friskt vårvêr med berre nokre få plussgrader. Det hindra ikkje Sindre Winjevoll i å storspele. Han gjekk på heile -5 og går kraftig ned i handicap. Lars Kåre Vikestrand på andreplass gjekk på 35 slag som er bane-par. Bana er no i veldig fin stand og vi gler oss til neste turnering som er allereie denne helga. Det er Vårspretten Felleskjøpet Open som egentlig skulle vore forrige helg men vart utsett på grunn av dårleg vêr. Vêrmeldinga ser bra ut til helga så det er berre å melde seg på. Det vert fine premiar frå Felleskjøpet.

 

 Vinnarar SkOlsen Tour 1 2019
 Rune Strømmen, Sindre Winjevoll, Lars Kåre Vikestrand og Svein Aasen
 
 Resultat SkOlsen Tour 1 2019
 

Tysdag 7. mai hadde Volda golfklubb besøk av 17 blide damer frå Inner Wheel. Dei fekk prøvt seg på treningsområdet vårt og vart delt opp i to grupper der den eine slo ut på drivingrangen og den andre var på treningsgreen å putta. Etter halvgått tid bytta dei. Dei var under kyndig veiledning av Webjørn Bergmann og Ole Magnus Orlien. Nokre av damene er røynde golfarar og bisto også med instruksjon. Etter treninga ute så var det samling i klubbhuset der leiar Olav Trandal fortalde om klubben før dei avslutta med mat og soialt samvær.

Det er stor sjanse for at det fortsatt ligg snø på golfbana på søndag. Det er meldt 2 grader og regn på starttidspunktet på turneringa. Meldingane for neste helg ser mykje betre ut så vi har i samråd med Felleskjøpet bestemt at turneringa vert flytta frå søndag 5. mai til søndag 12. mai. Dei som har meldt seg på har fått beskjed om at den vert flytta.

Den vert nok også snart flytta i golfbox, så då er det berre å melde seg på.

Då er vi i gong med turneringane. Det var 21 deltakarar som trossa vervarselet og stilte til start i dagnes turnering. Veret vart heldigvis ikkje så gale som det var meldt. Litt skoddeyr toler ein når ein går i godt selskap og golfar. Vinnaren av herreklassa var Torstein Liadal på -4 og vinnaren av dameklassa var Aashild Longvastøyl på +2.

 Opningsturnering Volda golfklubb
 Torstein Lianes, Idar Arne Rebbestad, Aashild Longvastøyl og Peder Barstad
  
Resultat herrar opningsturnering
 
Resultat damer opningsturnering

 

Då er terminlista for 2019 lagt inn i kalenderen. Heile 40 turneringar (inklusiv Nordvest Touren) er fordelt frå 1. mai til 12. oktober. Opplegget er ganske likt fjoråret men med nokre små endringar. Det aller meste er spikra men det kan kome nokre justeringar.

Vi har tidlegare år hatt ei dugnadsturnering og opning av bana etter det. I år var det så fint ver at vi aldri fekk denne store dugnaden før vi opna bana. Det har vore gjort mykje godt arbeid over lengre tid der mange har bidratt og nokre har ikkje kome i gong med dugnadsarbeidet då det ikkje har vore tillyst ein stordugnad. Vi innbyr difor ALLE til opningsturnering onsdag 1. mai og turneringa er heilt GRATIS for ALLE.

Prisane på onsdagsturneringane (SkOlsen Tour og SkOlsen Scramble/m.m.) er uforandra frå tidlegare. For dei som er med på dei fleste turneringane så kan det løne seg å førehandsbetale for alle onsdagsturneringane (med unntak av Pink cup).

Nytt av året er gruppespel før sluttspelet på Toyota Sunnmøre Matchplay cupen. Det sikrar at alle får spele fleire matchar før ein vert utslått. Det vert "premiering" for alle som deltek og dei 4 øvste plassane vert premierte på årsmøtet med flotte premiar. Vi kjem attende med meir utfyllande informasjon om Toyota Sunnmøre Matchplay cup.

Webjørn kjem innan kort tid til å legge inn turneringane i Golfbox så meld dokke på. 

Måndag 6. mai klokka 18.00 startar vi med "Veien til golf" kurset på klubbhuset i Vassbotnen. Kurset går over fire kveldar der første kvelden er teoretisk medan dei tre andre kveldane er praktisk opplæring. For å kunne spele golf på ei golfbane så må du ha tatt dette kurset.

Kurset kostar kr. 1.500 for junior og vaksne og kr. 600 for barn opp til 16 år. Inklusiv i prisen for kurset er prøvemedlemskap i Volda golfklubb som gir deg rett til å spele på bana vår i Vassbotnen heile sesongen 2019.

Om du ynskjer å starte med å spele golf så kan du melde deg på kurs med å sende ein epost til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..

 

Vi har no fått inn ballar med Volda golfklubb logo på eine sida og vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre på andre sida.
  
Callaway Supersoft
1 dusin kr. 219
3 dusin kr. 599
 
Callaway Chrome Soft
1 dusin kr. 389
3 dusin kr. 1.050
 
Peder har lagt ballane inn i Vipps. Ta kontakt med Olav Trandal om du vil kjøpe ballar så ordnar vi overlevering.
 
Det vert også lagt inn 3 pk. med ballane i automaten på klubbhuset. Prisen er då 70 for Supersoft og 120 for Chrome Soft.