Bana er opa 

23 personar stilde til start på klubbmeisterskapet. Som vanleg så går klubbmeisterskapet over to dagar der ein speler 18 hol kvar dag.

Første dagen gjekk Lars Kåre Vikestrand på 71 slag og leia vaksen klassa med fire slag på Jan Egil Gretland og seks slag på Rune Gaarder og Torstein Akslen Lianes. I seniorklassa var det Rune Humberset som leia første dagen med  2 slag på Joar Voldsund. Mari Chluba stilde som einaste dame og gjekk første dagen på 83 slag. Kristoffer Trandal har vore einaste i juniorklassa dei siste åra. Denne helga starta han på folkehøgskule på Hamar og hadde ikkje mulighet til å stille. Det er godt å sjå at barnegolfen har fått nokre trufaste golfarar og det er ikkje lenge før desse er med i juniorklassa. I stableford klassa så var det Torstein Akslen Lianes som leda med 45 poeng  med Håvard Dalsbø rett bak.

På dag to så fortsatte Lars Kåre storspelet og gjekk på 70 slag som er banepar. Han sikra dermed sigeren i voksenklassa og kan også titulere seg som Klubbmeister 2019. Jan Egil gjekk også ei god runde på 72 slag og sikra med det andreplassen. Rune Gaarder kom på tredjeplass. I seniorklassa gjekk Joar andre dagen på 79 slag mot Rune Humberset sine 82 slag og dermed bytta dei plass på resultatlista.På tredjeplass etter Joar og Rune kom Petter Hansen..Mari gjekk andre dagen på 80 slag, tre slag betre enn første dagen. I stableford klassa så var det Håvard Dalsbø som gjekk av med sigeren med gode runder både laurdag og søndag. Torstein hadde ei god runde på søndagen men ikkje like god som dagen før og måtte sjå Håvard klatre forbi på resultatlista. Tredjeplassen i stableford klassa gjekk til klubbmeisteren Lars Kåre.

Premiane til vinnarane var gåvekort frå SkOlsen.

IMG 2549
Torstein Akslen Lianes, Rune Humberset, Håvard Dalsbø, Mari Chluba, Joar Voldsund, Lars Kåre Vikestrand (Klubbmeister), Jan Egil Gretland og Rune Gaarder.
 
Resultat VM voksen brutto
Resultat VM senior brutto
Resultat VM stableford
 
 
 

 

I strålande solskin gjekk SkOlsen snorturnering av stabelen. Snorturnering er ei turneringsform der kvar spelar får utdelt ei snor som er like lang i meter som tal på tildelte slag. Denne snora får ein undervegs bruke til å forbedre ballen sin posisjon på bana. Flyttar ein ballen ein meter må ein klippe av ein meter på av snora. Snora bør ein bruke opp under turneringa, for det gir ingen fordelar å sitte att med snor når ein er ferdig.

Den som brukte snora si smartast var Per Kristian Langlo som gjekk på 29 slag. Tett bak kom Joar Voldsund og Helge Eltvik.

2019 08 21 20.44.38 2
Per Kristian Langlo (vinnar), Joar Voldsund og Helge Eltvik.
2019 08 21 19.19.50 2
Johan Liadal og Peder Barstad klipper av snora til Olav Trandal.
 
Resultat SkOlsen snorturnering

 

Roy Inge og Kai Rune er klar for å ta til igjen etter ferien og det vert oppstart tysdag 27. august klokka 18.30 til 20.00 i Vassbotnen.

Barnegolf er for deg som er mellom 7 og 12 år. Det vert treningar framover hausten på tysdagane frå 18.30 til 20.00.

Vi ynskjer både tidlegare og nye golfarar velkomne.

 

Det har berre stått SkOlsen overraskelsesturnering i kalenderen. No er det bestemt at det vert snorkonkurranse på onsdag 21. august. Turneringa er no lagt inn i golfbox og det er berre å melde seg på. De kan klikke her for å kome direkte til turneringa. 

Snorturnering er ei turneringsform der kvar spelar får utdelt ei snor som er like lang i meter som tal på tildelte slag. Denne snora får ein undervegs bruke til å forbedre ballen sin posisjon på bana. Flyttar ein ballen ein meter må ein klippe av ein meter på av snora.

Snora bør ein bruke opp under turneringa, for det gir ingen fordelar å sitte att med snor når ein er ferdig.

 

21 spelarar stilde i onsdagens turnering i lett sommarregn. Joar Voldsund, Par Arve Hovde og Helge Eltvik gjekk alle på -2. Det var jamt i toppen og det skilde 4 slag mellom dei 11 første. Etter turneringa skein det opp og vinnarbilda vart tatt i strålande kveldssol.

2019 08 14 20.13.37 2
Vinnarane Joar Voldsund, Per Arve Hovde og Helge Eltvik
 
2019 08 14 20.14.12 2
 
Resultat SkOlsen Tour 8

 

Måndag 19. august klokka 18.00 startar vi med "Veien til golf" kurset på klubbhuset i Vassbotnen. Kurset går over fire kveldar der første kvelden er teoretisk medan dei tre andre kveldane er praktisk opplæring. For å kunne spele golf på ei golfbane så må du ha tatt dette kurset.

Kurset kostar kr. 1.500 for junior og vaksne og kr. 600 for barn opp til 16 år. Inklusiv i prisen for kurset er medlemskap i Volda golfklubb som gir deg rett til å spele på bana vår i Vassbotnen heile sesongen 2019. I tillegg gir vi deg også medlemsskap for sesongen 2020 om du tek kurset no i haust.

Om det ikkje høver for deg denne gongen så satsar vi også på å halde eit kurs i slutten av september.

Om du ynskjer å starte med å spele golf så kan du melde deg på kurs med å sende ein epost til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..

Provgolf still 5

 

16 personar stilde til start på SkOlsen 18-hols Scramble. Det vart fire firar-lag fordelte på omlag likt handicap. Laget som vant var Dalsbø, Langlo, Indresøvde og Rebbestad som gjekk 18-hol på 62 slag. Det var to slag som skilde første- og siste-plassen.

Veldig kjekt at damene er med på turneringar. Denne kvelden var det Britt Indresøvde som stilde. Vi håper at vi får med fleire frå damegruppa framover.

Det er også hyggeleg at feriegjestar kjem og er med på turneringa. Denne onsdagen var det Lasse Laran frå Soon golfklubb som var med.

Neste turnering er SkOlsen Tour 8 den 14. august.

2019 08 07 22.05.44 2
Vinnarlaget! Harald Inge Dalsbø, Per Kristian Langlo, Britt Indresøvde og Idar Arne Rebbestad
 
Resultat SkOlsen 18 hols scramble
 

 

I morgon laurdag 10. august frå klokka 10 så held vi dugnad i Vassbotnen.
Det vi håper å få gjort er:
  • Rydde rundt løda og få køyrt vekk rusket
  • Få klipt ned krattet som er rundt om på bana
  • Anna forefallande arbeid
Dersom du har kantklippar med sagblad e.l. så hadde det vore fint om du kunne ta den med. Her er arbeid for alle!
Vel møtt!

Då har Garmin endeleg lagt ut baneoppdateringa som rettar hol 6/15 og 9/18. Eg la også inn ynskje om å kunne velje mellom front, back og 18-hol. Det har dei også ordna.

Har du ei Garmin klokke så kan du oppdatere banene med programmet Garmin Express. Det kan du laste ned frå denne sida.

2019 08 04 22.35.42 1 2

Heile 23 spelarar stilde på SkOlsen Tour 7 sjølv om det er midt i ferien. Arnfinn Strande spelte ei fantastisk runde på -6 og tok heim sigeren denne kvelden. Rune Strømmen har kvilt seg i form i varmare strok og tok ein solid andreplass i lag med Per Heltne. Per Arve Hovde og Svein Aasen delte fjerdeplassen.

2019 07 31 20.18.20 3
Svein Aasen, Rune Strømmen, Arnfinn Strande (Vinnar) og Per Arve Hovde
 
Resultat SkOlsen Tour 7