Bana er opa 

24 deltakarar gjekk SkOlsen Tour 3. Rune Strømmen, Dag Tore Hagen og Per Heltne gjekk alle på -2 og delte førsteplassen men Rune tok sigeren med lavast handicap. Johan Liadal gjekk på -1 og tok fjerdeplassen Sigfred Spissøy vant Grøntkort klassa på -1.

2020 06 03 20.22.44

Sigfred Spissøy (Vinnar GK), Dag Tore Hagen, Rune Strømmen (Vinnar), Johan Liadal og Per Heltne.

 

Resultat SkOlsen Tour 3 2020

Resultat SkOlsen Tour 3 GK 2020

 

 

Opningshelga i Toyota Sunnmøre Matchplay cup har gått i strålande sommarver. Omlag 2/3 av matchane i gruppespelet er gjennomført på dei to første dagane. Det har vore mykje godt spel og mange jamne matchar. Gruppe 3 er ferdigspelt og Per Arve og Per Kristian har gått vidare til sluttspelet. I dei andre gruppene er det fortsatt heilt ope.

 

Følg med på resultata her.

 

2020 05 31 13.53.01

Sosialt og kjekt mellom matchane.

 

2020 05 30 13.04.18

Då startar vi med gruppespelet og trekninga vart slik:

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4
Helge Eltvik Peder Barstad Per Arve Hovde Jostein Digernes
Joar Voldsund Trond Are Ryste Håvard Dalsbø Harald Indresøvde
Webjørn Y. Bergmann Johan Liadal Per Kristian Langlo Jan Egil Gretland
Rune Strømmen Svein Olav Solum Bjørn Arve Korsfur Are Myklebust
Olav Trandal Jan Trygve Gretland    
       
       
Matchar gruppe 1 Matchar gruppe 2 Matchar gruppe 3 Matchar gruppe 4
Helge - Joar Peder - Trond Are Per Arve - Håvard Jostein - Harald
Joar - Webjørn Trond Are - Johan Håvard - Per Kristian Harald - Jan Egil
Webjørn - Rune Johan - Svein Olav Per Kristian - Bjørn Arve Jan Egil - Are
Rune - Olav Svein Olav - Jan Trygve Bjørn Arve - Per Arve Are - Jostein
Olav - Helge Jan Trygve - Peder Per Arve - Per Kristian Jostein - Jan Egil
Helge - Webjørn Peder - Johan Håvard - Bjørn Arve Harald - Are
Joar - Rune Trond Are - Svein Olav    
Webjørn - Olav Johan - Jan Trygve    
Rune - Helge Svein Olav - Peder
Olav - Joar Jan Trygve - Trond Are  

 

Klikk her for å sjå fortløpande resultat etterkvart som dei vert meldt inn.

Då nærmar det seg oppstart av Toyota Sunnmøre Matchplay Cup. Vi har utsett oppstarten ei veke då turneringane denne veka kom litt tett. 

 

Vi hadde i vinter ei undersøking som gjekk på turneringane og de fekk kome med tilbakemeldingar, også på Matchplay cupen. Alle bortsett frå to som var usikre meinte vi burde fortsette med gruppespel. Det var nokre endringar de ynskte og dei har vi tatt med i dei reviderte reglane under. Bl.a. minus poeng for tal hol ned og faste motstandarar frå gruppespel til sluttspel der vinnar i gruppe 1 møter nummer 2 i gruppe 2, osb. slik at ikkje gruppevinnarane spelar mot kvarandre.

 

Då er det berre å melde seg på!

 

Reglar for Toyota Sunnmøre Matchplay cup 

Gruppespel

  • Opp til 23 deltakarar så vert det fire grupper der dei to beste går vidare til sluttspel
    • Vinnar i gruppe 1 mot 2. plass i gruppe 2
    • Vinnar i gruppe 2 mot 2. plass i gruppe 1
    • Vinnar i gruppe 3 mot 2. plass i gruppe 4
    • Vinnar i gruppe 4 mot 2. plass i gruppe 3
  • Det vert tilfeldig trekning av gruppene
  • Det vert spelt matchar på 9 hol med fullt spelehandicap.
  • De skal gå alle 9 hola og oppgi tal opp etter 9 hol
  • Front eller back vert trekt av dei som går matchen før dei går ut på hol 1 eller 10.
  • Siger gjev to poeng og uavgjort gjev 1 poeng
  • Om det vert lik poengsum så er det totalt tal på hol opp (og ned) som avgjer. Om det også vert likt så tek vi omspel på dei som er like til ein har eit hol opp.
  • Laurdag 30. mai vert felles oppstartsdag og vi håper flest mogleg har mulighet til å vere med den dagen.
  • Om det ikkje høver så kan ein bruke heile veke 23 og 24 til gruppespel.
  • Resultat etter kvar match i gruppespelet sender de til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

Sluttspel

Sluttspelet skal spelast over 18. hol med fullt spelehandicap
Kvartfinalane vert spelt frå 15. juni til 30. juni
Semifinalane vert spelt frå 1. juli til 15. august
Finalen og bronsefinalen vert spelt frå 15. august til 1. september
Avvik frå oppsett plan må avtalast med turneringsnemda.
resultatet etter kvar match i sluttspelet kan de sende som tidlegare til Webjørn Yksnøy Bergmann som vil oppdatere resultata i Golfbox.

 

Toyota sunnmre matchplay cup

På tredje forsøk så klarte vi å finne ein dag det ikkje var snø og vi fikk arrangert Vårspretten Felleskjøpet Open før det vart Sommarspretten. Heile 36 golfarar var med på turneringa. Svein Solum er ivrig å trene og er nesten dagleg i Vassbotnen. I dag så fekk han utteljing for innsatsen og gjekk på heile -5. Ole Magnus Orlien har ikkje fått spelt så mykje i det siste men satte truleg banerekord i dag på 67 slag og tok andreplassen med -2. Jan Egil Gretland er som vanleg stabil og gjekk inn på tredjeplassen også han på -2. Tore Naustdal  frå Nordfjord golfklubb tok fjerdeplassen på -1. I Grøntkort klassa så var det ein deltakar. Det var Svein Andreas Sporsheim som gjekk på par.

 

Det var også konkurrert i nærast pinnen på hol 7/16 og lengste drive på hol 18. Per Heltne var nærast pinnen, omlag 2 meter frå holet. Kristoffer Trandal hadde lengste driven på hol 18.

 

Ein stor takk til banemannskapet som stilde bana i veldig god stand til turneringane i går og i dag.

 

 2020 05 21 15.53.28
 Jan Egil Gretland, Kristoffer Trandal, Ole Magnus Orlien, Svein Solum (Vinnar), Tore Naustdal og Harald Dalsbø (Sponsor)
 2020 05 21 14.49.09

 Kenneth Rusten siktar seg inn mellom trea på utslag 1. Trond Are Ryste og Webjørn Yksnøy Bergmann ventar på tur.

 

 Resultat Vårspretten Felleskjøpet Open
Resultat Vårspretten Felleskjøpet Open GK

Etter ei lang periode med snø var det godt å kome i gang igjen med turnering. 27 spelarar deltok i kveldens turnering. Det var Olav Trandal og Jan Erik Myklebust som gjekk best med -2. Heile 5 spelarar gjekk på -1 og delte tredjeplassen. Svein Andreas Sporsheim vant igjen grøntkort klassa.

 

2020 05 20 20.36.12

Nokre av vinnarane frå SkOlsen Tour 1 og SkOlsen Tour 2. Frå venstre Olav Trandal (vinnar SkOlsen Tour 2), Sindre Winjevoll, Jan Egil Gretland, Rune Strømmen, Johan Liadal og Harald Indresøvde (Vinnar SkOlsen Tour 1).

  

Resultat SkOlsen Tour 2 2020

 

Resultat SkOlsen Tour 2 2020 GK

I år måtte vi gjennom eit par ekstra vinterar før vi kunne arrangere Vårspretten Felleskjøpet Open og vi var litt bekymra for at det skulle bli Sommarspretten før vi fikk arrangert den. Felleskjøpet stiller med gåvekort som premiar i denne årvisse turneringa Det er fortsatt mogleg å melde seg på. Du kan gå rett til turneringa ved å klikke her.

 

Vi kan no ha shotgun start og premieutdeling opp til 50 personar.. Vi skal sjølvsagt framleis halde smittevernreglane og halde god avstand og vise omsyn til kvarandre.

 

2020 05 18 19.21.05

Harald Dalsbø frå Felleskjøpet ynskjer alle golfarar velkomen til Vårspretten Felleskjøpet Open.

 

Styret har vedtatt ein ny midlertidig lokal regel om ballplassering i bunker. Regelen er utarbeidd av Norges golfforbund på grunn av koronasituasjonen og gjeld berre så lenge det er restriksjonar på bruk av raker i bunker.


Midlertidig lokal regel om ballplassering i bunker

Når en spillers ball ligger i en bunker, kan spilleren ta fritak uten straff én gang ved å plassere den opprinnelige ballen eller en annen ball i og spille fra dette fritaksområdet:

  • Referansepunkt: Punktet til den opprinnelige ballen.
  • Størrelse på fritaksområde målt fra referansepunkt:Én køllelengde fra referansepunktet, men med følgende begrensninger:
  • Begrensninger for plassering av fritaksområde:
    • Må ikke være nærmere hullet enn referansepunktet, og
    • Må være i bunkeren.

Etter denne lokale regel må spilleren velge et punkt for å plassere ballen og bruke fremgangsmåten for å plassere tilbake en ball etter regel 14.2b(2) og 14.2e.

Straff for å spille ball fra et feil sted ved brudd på lokal regel: Generell straff etter regel 14.7a.


 

Harald Indresøvde

Det er endeleg turneringssesongen i gong igjen, Heile 29 stykker var påmeldt til turneringa i kveld. Harald Indresøvde (arkivbilete) gjekk ei veldig god runde og gjekk av med sigeren med -4. Jan Egil Gretland som hadde ein svært god sesongavslutning i fjor held fram med godt spel. Han var rett bak Harald på -3. Rune Strømmen og Per Arve Hovde delte tredjeplassen på -1. 

 

Det var to spelarar med i grøntkort klassa. Der var det Svein Andreas Sporsheim som gjekk av med sigeren med Jarle Nes på andreplass.

 

På grunn av Koronarestriksjonar så var det ikkje premieutdeling etter turneringa. Premiane vert leverte ut før utslag på neste turnering. Nokre har kanskje observert at dei tre siste hola var tatt vekk frå "live scoren". Det er ein funksjon i golfbox som vi kjem til å fortsette med for å halde på spenninga slik at ikkje alle veit resultatet før det vert publisert. Når turneringsnemda lukkar for scoreinntasting så vert resultatet publisert med alle hola.

 

Neste turnering er Vårspretten Felleskjøpet Open som vert på søndag 10. mai. Vi håpar at veremeldingane endrar seg fram mot helga slik at vi kan arrangere som planlagt. Om det skulle bli snø så må vi flytte turneringa ei eller to veker fram i tid.

 

 

Resultat SkOlsen Tour 1 2020

Resultat SkOlsen Tour 1 2020 GK