Bana er opa 

Årets avslutningsturnering gjekk i eit ver som berre Vivaldi kunne funne på å skrive om. John Ivar Stennes gjekk ei fantastisk runde på heile 41 poeng med Jostein Digernes rett bak på 40 poeng. Det var også nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Mikael Schakenda var den slo lengst medan Brodie Bramich var den som kom nærast pinnen.

 

Tusen takk til Jass Maritime for premiane til turneringa.

 

Det var eit stort ynskje frå deltakarane om å ha Lauvfall turnering neste søndag klokka 12 så det skal vi få til.

 

2020 10 11 16.22.18

 

Resultat avslutningsturneringa 2020

 

SmallLogo

Heile 21 golfarar stilde på årets nattgolf turnering. Ekstra kjekt var det at det var mange nye golfarar som ikkje har gått turnering før var med denne kvelden. Det var utslag klokka 20 og ein gjekk to runder à 6 hol før ein samla seg i klubbhuset for pizza. Deretter gjekk ein ut igjen og gjekk ei siste runde på 6 hol. Det var dei to beste resultata som vart ståande som teljande på kvart hol. Premieringa var ferdig omlag klokka 01:30. Det vart dessverre ikkje tatt bilete av vinnarane.

 

Jan Egil Gretland var den som spelte best i mørkret. Han gjekk på par. Joar Voldsund, Elsie Hansen og Stein Gisle Monsholm var alle eit poen bak Jan Egil og delte andreplassen. I Grøntkort klassa var det Marius Osborg som gjekk best. Han gjekk +11.. Herman Hvale tok andreplassen på +5 og Erik Marius Riise gjekke på par. For alle i grøntkort klassa så var dette første turneringa dei deltok i.

 

Ein stor takk til Jass Maritime som stod for premiane til turneringa.

  

Nattgolf 2020

 

Nattgolf GK 2020

 

SmallLogo

Då er det mørketid og snart klart for årets nattgolfturnering. Vi tok opp når det passa best å arrangere årets nattgolfturnering på turneringa på laurdag. Til tross for gode meldingar til helga så var det så mange som det ikkje passa for så vi satsar på siste helga i haustferien (veke 41). Vi ser an veret om det vert på laurdag eller søndag.

 

Webjørn har lagt ut turneringa i golfbox så det er berre å melde seg på.

 

Volda golfklubb arrangerer nattgolfen slik:

Utslag klokka 20. Vi brukar berre hol 3, 5, 6, 7, 8, og 9 som vi går tre gongar. Det er utslag frå raud tee. I år kjem vi til å køyre ut matter då det vert noko oppslått i mørket. Vi tek pause med Pizza midt i turneringa.

Bana er markert med farga ledlys midt i fairway på 50m, 100m , 150m og 200m. Ytterkantane på green markert med grøne lys. Flagget har ein stor ledlysstav som skiftar fargar og det er ein grøn ledlysring nede i holet. Straffeområda er markert med raude lys. Og ikkje minst, vi spelar med ballar som lyser.

 

Håper at mange har lyst og mulighet til å vere med. 

2019 09 27 23.33.29

Årets siste SkOlsen Scramble gjekk av stabelen i strålande haustver. 18 spelarar vart delt i lag på tre med omlag same handicap gjennomsnitt. To lag gjekk på -5, det var Barstad, Korsfur og Ryste og Trandal, Eikrem og Eltvik. Team Barstad vart dømt som vinnarar med best score på dei siste seks hola. 

2020 09 26 17.50.24

Olav Trandal, Aage Eikrem, Helge Eltvik, Peder Barstad, Bjørn Arve Korsfur og Trond Are Ryste.

 

Resultat SKOlsen Scramble

Jass Maritime er ein av våre aller nyaste sponsorar og var ikkje tungbedde når vi kom med førespurnad om dei ville arrangere ei sponsorturnering. Jass Maritime stilde med gåvekort på golfutstyr og ballar til vinnarane.

Av dei 23 deltakarane så var det Kato Andre Hansen og representant for Jass Maritime, Stein Gisle Monsholm som gjekk best. Dei gjekk begge på -5 men Kato Andre har lågare handicap og vart kåra som vinnar i herreklassa. I dameklassa var det Bente Ørsal som gjekk best på +8 med Elsie Hansen rett bak på +9. Bak Kato Andre og Stein Gisle var det heile fire spelarar på -2. Det var Lars Kåre Vikestrand, Johan Liadal, Helge Eltvik og Leon Myrvåg.

Det vart også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Når alle spelarane hadde passert på hol 7 så var det Leon Myrvåg som låg nærast men han klinka til med eit veldig godt utslag på hol 16 også og kom endå nærare. Lengste utslag på hol 18 hadde Svein Olav Solum i herreklassa og Bente Ørsal i dameklassa.

Det er no berre tre offisielle turneringar igjen i tillegg til nattgolfturneringa. Dei siste turneringane er SkOlsen Tour 11 og 12 i tillegg til SkOlsen Scramble og vert halde på laurdagane framover klokka 15:30. Nattgolfturneringa vert lagt til ein fredagskveld. Vi ser an veret til denne turneringa. Her vert det mat og moro i ei pause i turneringa. Om veret vert bra utover i oktober så ser vi om vi får laga nokre ekstra turneringar om interessa er der. Då vert det lauvfall 1, 2, 3 ... Følg med på voldagolf.no og på Facebook framover for meir informasjon.

2020 09 13 15.25.42

Kato Andre Hansen (vinnar herrer), Leon Myrvåg, Bente Ørsal (vinnar damer), Stein Gisle Monsholm, Elsie Hansen, Svein Olav Solum, Lars Kåre Vikestrand og Helge Eltvik.

 

Resultat Jass Maritime Stableford

2020 09 13 12.07.28

Rune Strømmen med ein sving som er ei fryd for auget. 

Dei aller tøffaste golfarane i Volda golfklubb trossa ver og vind og gjekk kveldens SkOlsen Tour. Av dei tretten som gjekk så var det Harald Indresøvde og Are Myklebust som gjekk aller best. Begge gjekk på -3 men Harald tok førsteplassen med lavast handicap. Sindre tok tredjeplassen med -2 og Joar kom på fjerdeplass med -1.

Samanlagt så befester Harald førsteplassen i Order of Merit og forbetra scoren sin med 2 slag i dag og har totalt 161 slag på dei fem bestre rundene i SkOlsen Touren. Are og Sindre klatra også samanlagt med gode runder i dag men ligg 7 og 9 slag bak Harald. Slik Harald har spelt i år så vert det vanskeleg for dei bak å kome så mykje nærare dei to siste rundene. Bak Are og Sindre så ligg det tett i tett med spelarar så det vert spennande og tett i innspurten.

 

2020 09 09 20.07.06

Sindre Winjevoll, Are Myklebust, Harald Indresøvde (vinnar) og Joar Voldsund

 

Resultat Skolsen Tour 10 2020

I sommar fylde Jostein Digernes 75 år og vi kunne ikkje la denne sjansen gå frå oss til å hedre Jostein med ei turnering. Turneringsforma var snorturnering der tildelte slag var bytta ut med ei snor tilsvarande ein meter per tildelt slag. Denne snora kunne ein bruke kvar som helst for å kome seg ut av problem eller kome seg ned i koppen. For kvar gong ein brukte av snora så vart ho klipt av. Så her var det viktig å vere taktisk å bruke snora på dei rette stadane.

Jan Egil Gretland var den som gjekk ut med den kortaste snora men brukte sine tildelte fem meter veldig godt. Han gjekk på heile 45 poeng. Svein Olav Solum var eit par poeng bak på andreplassen. 

Etter turneringa var det samling på den nye terrassen utanfor klubbhuset der vi åt mat som var levert av Osdals Catering. Harald Indresøvde holdt ei fin tale til Jostein og hadde eit tilbakeblikk bl.a.frå den første turneringa i klubben som gjekk over 3 x 6 hol. 

 

2020 09 06 16.05.43

Petter Hansen (lengste utslag), Svein Olav Solum, Trond Are Ryste (nærast pinnen), Helge Eltvik, Stein Gisle Monsholm, Peder Barstad, Jostein Digernes (Jubilant), Svein Aasen og Jan Egil Gretland (vinnar)

 

Resultat jubileumsturnering Jostein

2020 09 06 12.04.15

Jubilanten Jostein Digernes slår ut på hol 6.

 

2020 09 06 14.41.59

Nøgde karar etter utslaget på hol 18.

 

2020 09 06 13.35.07

Peder og Jan Trygve måler ut og klipper snor.

 

2020 09 06 15.53.29

Harald Indresøvde held tale til Jubilanten.

 

2020 09 06 15.55.53

Vinnaren får i seg mat frå Osdals Catering.

Ein god start på september med over 20 grader på kvelden. Speleforma denne kvelden var fourball. I fourball så er det to på lag og det beste resultatet på kvart hol, justert for handicap vert ståande som teljande. Aage Eikrem og Jan Egil Gretland tok sigeren foran Arnfinn Strande og Rune Strømmen. Begge laga gjekk på -5. Det vart delt tredjeplass på Per Kristian Langlo og Svein Aasen, og Idar Rebbestad og Harald Indresøvde som begge gjekk på -4.

2020 09 02 20.27.07

Aage Eikrem (vinnar), Jan Egil Gretland (vinnar), Arnfinn Strande, Rune Strømmen, Per Kristian Langlo, Svein Aasen, Idar Rebbestad og Harald Indresøvde.

Resultat SkOlsen foruball

2020 09 02 19.26.44

2020 09 02 19.28.17

2020 09 02 19.40.55

Vår hovudsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre arrangerte i samarbeid med Volda golfklubb turneringa Sparebank1 Invitational. Til tross for at turneringa gjekk på dagtid så var det heile 41 golfarar  med på turneringa som gjekk i strålande ver. Speleforma var Scramble med firemannslag. Det var også lagt inn nærast pinnen på hol 7 og 16 og lengste utslag på hol 18.

Før turneringa starta vart det servert kyllingwraps frå Osdal Catering slik at golfarane skulle ha litt i magen før dei gjekk ut til over fire timar med golf.

Nærast pinnen gjekk til den som hadde reist lengst. Det var Per Olav Gretland som er medlem i Borregaard Golfklubb i Sarpsborg. Han var 89 cm frå pinnen med sitt utslag på hol 16. Lengste utslag på hol 18 hadde Dag Roar Ørsal og Elsie Hansen.

Vinnarane av turneringa var Håvard Dalsbø, Bjørn Arve Korsfur, Trond Are Ryste og Leon Myrvåg som gjekk på 60 slag og på -21 justert ut frå handicap. Dei fekk kvart sitt nabomedlemsskap i Sunnmøre golfklubb for sesongen 2021. Andreplassen gjekk til Arnfinn Strande, Webjørn Yksnøy Bergmann, Tor Olsen og Svein Aasen. Dei fekk kr. 500 i premie. Tredjeplassen gjekk til Amund Yksnøy Bergmann, Peder Barstad, Helge Eltvik og Jostein Digernes. Tredjepremien var ein sekk frå banken med mykje spennande oppi.

Etter turneringa var det samling på uteplassen og det var servert varm suppe som også var levert av Osdal Catering. Banksjefane Arne Lothe og Ole Magnus Orlien stod for serveringa.

Volda golfklubb vil takke vår hovudsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre for eit fint arrangement og fine premiar som var levert frå banken, Tusen Takk!

2020 08 27 17.46.47

Ole Magnus Orlien, Per Olav Gretland, Dag Roar Ørsal, Elsie Hansen, Håvard Dalsbø, Bjørn Arve Korsfur, Trond Are Ryste, Leon Myrvåg, Arnfinn Strande, Tor Olsen, Jostein Digernes, Svein Aasen, Webjørn Yksnøy Bergmann, Amund Yksnøy Bergmann, Peder Barstad, Helge Eltvik og Arne Lothe.

Resultat Sparebank1 Invitational

2020 08 27 17.43.33

Representant for vinnarlaget Håvard Dalsbø mottek førstepremien og får ein albogehelsing frå Arne Lothe.

 

2020 08 27 17.43.22

Premieutdelarane Arne Lothe og Ole Magnus Orlien frå Sparebank1 Søre Sunnmøre.