Bana er opa 

Ein stor takk til dei om lag 25 som møtte på dugnad i dag. Vi fekk gjort mykje godt arbeid og bana fekk seg eit løft etter vinteren. Det vart dessverre ikkje tatt bilde av dugnadsfolket men nedst så er Johan Liadal avbilda med benkane og borda som han har demontert, høvla, pussa, beisa og montert igjen, i løpet av vinteren. Resultatet vart veldig bra.

 

Etter ei pizzapause så gjekk arbeidarane over i konkuransemodus og var klare for årets første turnering. I dag hadde sjølv Viktor Hovland hatt problem med å hamle opp med Jan Egil Gretland. På ni hol så hadde han 5 birdiar og 4 par. Han tok ein klar siger med 25 poeng. Utan å vere for skråsikker så trur vi at dette må vere banerekord på ei ni-hols runde. Nærast Jan Egil var Svein Andreas Sporsheim som hadde 21 poeng og Per Arve Hovde på 19 poeng.

 

2021 05 01 16.20.20

Per Arve Hovde, Svein Andreas Sporsheim og Jan Egil Gretland (Vinnar)

 

Resultat dugnadsturnering

2021 04 30 19.47.00

Då er terminlista lagt inn i kalenderen på voldagolf.no. Det er mykje likt frå tidlegare år, men vi har lagt inn to grøntkortturneringar for dei som har handicap mellom 36 og 54. Det er også lagt inn ei 27 hols maratonturnering der vi ikkje heilt har landa på formatet. Det vert uansett ei pause i rundene med servering. Svein har fylt 80 år og arrangerer jubileumsturnering 13. juni i formatet foursome.

 

Vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre vil i år arrangere to turneringar. Sparebank 1 Open vert arrangert i midten av juni og den tradisjonelle Sparebank 1 Invitational vert arrangert i slutten på august.

 

SkOlsen er framleis med som sponsor på onsdagsturneringane, SkOlsen Tour og SkOlsen "anna". Prisane for turneringane er uendra i 20021. Det er kr.100 for 9-hols turneringane, kr. 200 for 18-hols turneringane og kr. 1.500 for alle SkOlsen turneringane. Om du veit at du skal gå dei fleste onsdagsturneringane så er det berre å betale inn kr. 1.500  allereie no på Vipps. Nytt av året er at vi også premierer topp 3 samanlagt i bruttoklassen. Då vil dei tre beste i netto-klassen og dei tre beste i brutto-klassen bli premierte på årsmøtet i 2022.

 

Toyota Sunnmøre er også framleis med som sponsor for Matchplay cupen. Vi gjer ingen endringar i år med tanke på gjennomføringa. Med litt korrigeringar i høve gruppespelet i 2019 så gjekk 2020 turneringa veldig greitt. Vi startar gruppespelet i Toyota Sunnmøre matchplay cup i helga 29. - 30. mai. Vi håper å få tatt dei aller fleste matchane i gruppespelet denne helga. Når gruppespelet er ferdig startar vi på sluttspelet og vil stå igjen med ein vinnar ut på hausten.

 

Vi har ikkje høyrt noko om Nordvest Touren men skal klare å finne ein ledig dato om det vert noko av.

 

Webjørn har starta med å legge inn turneringane i golfbox så det er berre å melde seg på. Foreløpig er det lagt opp til 33 turneringar men det er fleire ledige helgar om nokon ynskjer å sponse ei turnering. Turneringsnemda er opne for alle gode forslag.

2020 09 02 19.28.17

Det vert dugnad på laurdag 1. mai frå klokka 11. Det er ein del arbeid som må gjerast for at vi er heilt klar for sesongen. Bunkerane må rakast, plukking av greiner på bana, rake vekk lauv frå teeane, klipping av kratt, m.m. Her er det arbeid for alle.

Vi bestiller pizza og får i oss litt mat før vi startar på turneringa. Dugnadsturneringa er ei ni-hols turnering der startkontigenten er dugnadsinnsatsen tidlegare på dag. 

Vel møtt til ein fin dag i Vassbotnen.

2020 08 14 20.54.33

Det er med stor glede vi kan melde at vi på onsdag opnar greenane for sesongen. Rune melder om god grasvekst og Sindre har i dag slått greenane. Joar vil sette nye hol på onsdag. Når Joar er ferdig så er bana opna for sesongen. 

2021 04 26 19.25.46

Green 9 i dag. Som de ser så er det framleis litt snø igjen på hol 4.

Kortlesaren i ballautomaten er no aktivert. Automaten er testa no i kveld og fungerer fint. Det er ikkje lenger lov å gå ut på drivingrangen å plukke ballar.

2020 05 30 17.30.56

Sakliste til årsmøtet i Volda golfklubb

Digitalt møte fredag 26. mars 2021 klokka 19

KLIKK HER LITT FØR MØTET FOR Å DELTA.

På grunn av smittesituasjonen så har styret bestemt at årsmøtet vert eit digitalt møte. NGF anbefalar at digitale årsmøte vert gjennomført med bruk av Microsoft Teams. Vi kjem på møtedagen til å legge ut lenke til møtet på denne sida. sakliste med lenke til dokument finn de under.

Brukarrettleiing på møter i Teams frå Norges Idrettsforbund. Om du har spørsmål til Teams eller gjennomføringa av det digitale møtet er det berre å ta kontakt med Olav.

 

1. Opning ved styreleiar

2. Godkjenne dei som har røysterett

3. Val av møteleiar og referent

4. Val av 2 personar til å skrive under protokollen

5. Godkjenning av innkalling

6. Godkjenning av sakliste

7. Godkjenning av forretningsorden

8. Styret si årsmelding for 2020

9. Revidert rekneskap for 2020 - Melding frå Kontrollutvalet

10. Behandle eventuelle forslag og saker

  • Ingen saker er meldt inn innen fristen.

11. Fastsette medlemskontingent/prisar for 2021

12. Vedta budsjett for 2021

13. Handsame organisasjonsplanen til klubben

14. Val

15. Premiering og takk

16. Avslutning

I samsvar med lov for Volda Golfklubb § 14 pkt. 3 kallar vi med dette inn til årsmøte fredag 26. mars 2021. Vi kjem tilbake med klokkeslett og møtestad.

Vi håpar på å få til eit fysisk møte, men om koronarestriksjonar tilseier det vert det eit nettmøte.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument vil bli tilgjengelege på www.voldagolf.no seinast ei veke før årsmøtet. 

 

Innkallinga er sendt ut på e-post til alle medlemmer. Om du ikkje har fått det tilsendt må du sjekke om eposten har hamna i søppelpost. Om den ikkje er å finne må de ta kontakt med Peder Barstad for å eventuelt få endra kontaktinformasjon i Golfbox.

Nok ein søndag med flott "vinterver". 14-15 grader og heile 21 golfarar i aksjon. Svein Andreas Sporsheim gjekk på heile 45 poeng og tok med det sigeren i Lauvfall V. Bak Svein kom Rune Strømmen og Jostein Digernes, begge med 39 poeng. Fjerdeplassen tok Svein Aasen med 37 poeng.

 

Veret ser ikkje heilt lovande ut med tanke på Lauvfall VI neste helg men vi får sjå an veret og tek beslutninga seinare i veka.

 

Takk igjen til Jass Maritime for premiar til Lauvfall turneringane.

 

2020 11 15 15.09.16

Svein Andreas Sporshiem (vinnar), Rune Strømmen, Jostein Digernes og Svein Aasen

 

Resultat Lauvfall V 2020

SmallLogo

I midten av september så hadde vi besøk av Student-TV frå Høgskulen i Volda som laga ein reportasje om golf. Sjå filmen nedst i artikkelen. Takk til Morten som ein god ambassadør for Volda golfklubb som sporty stilde opp.

 

Tekst frå Student-TV:

Dette er første av forhåpentlegvis mange episodar av vår eigen lille miniserie: Student-TV tester!

I denne episoden testar vi golf saman med fritidsgolfer Morten Tjessem Våge på Volda golfklubb si utruleg vakre golfbane. Det blir opplæring, konkurransar og golftips, medan vi badar i sol blant vakre naturomgjevnadar!

Takk til:
Morten Tjessem Våge (gjest)
Volda golfklubb (utstyr)
Epidemic Sound (musikk)