Bana er opa 

Klubbmeisterskapet 2021 gjekk under fantastiske speleforhold i strålande ver. Sjølv om ikkje alt spelet var like strålande så kosa dei aller fleste seg desse to dagane. Nokre midt på resultatlista skylda på nyleg sett andre dose av koronavaksina, som gav litt ømme armar. Om lista hadde sett annleis ut utan vaksinesprøyte får vi aldri vite.

 

Som vinnar av stort sett alle klubbmeisterskap han har stilt opp i, måtte Ole Magnus tole å ha favorittstempelet denne helga. Sjølv med eit visst press så innfridde Ole Magnus og leverte to gode runder på 67 og 72 slag. Runda på 67 slag er lågaste registrerte score etter endring av bana for eit par år sidan. Ole Magnus gjekk på -1 totalt og vart med det klubbmeister med heile 13 slag foran nummer to som var Lars Kåre Vikestrand.

 

Det er dessverre ikkje så mange konkurrentar for Mari Chluba i dameklassa, men Mari lot ikkje det påverke spelet og leverte to sterke runder på 77 slag. Ho gjekk med det inn på tredje beste score denne helga, berre slått av Ole Magnus og Lars Kåre.

 

I senior klassa (over 50 år) var det Petter Hansen som gjekk av med sigeren. Joar Voldsund leia etter første dag, men måtte sjå seg slått av Petter som gjekk ei veldig sterk runde på 74 slag på søndagen. Tredjeplassen i denne klassa gjekk til Johan Liadal.

 

Det er heller ikkje så mange konkurrentar til Iben Louise Hansen i junior klassa, men Iben leverte veldig bra på søndag og var den som gjekk best på søndagen i høve sitt handicap. Det gjorde at ho også vant stableford klassa, eit poeng foran pappa, Petter Hansen. På tredjeplass kom Rune Strømmen med lik poengsum som Petter, men med eit høgare handicap.

 

Det var også konkurrert om nærast holet på hol 7/16 og lengste utslag. Lars Olav Winjevoll var den som klarte å kome nærast holet. Jan Egil Gretland hadde lengste utslag frå gult og Mari Chluba frå raudt.

 

2021 08 22 16.39.14

Jan Egil Gretland, Lars Olav Winjevoll, Ole Magnus Orlien (Klubbmeister herre og vinnar brutto vaksen), Lars Kåre Vikestrand, Mari Chluba (Klubbmeister dame og vinnar brutto dame), Joar Voldsund, Rune Strømmen, Petter Hansen (vinnar brutto senior) og Iben Louise Hansen (vinnar brutto junior og stableford)

 

Resultat KM stableford

Resten av resultata finn de ved å klikke her!

 

2021 08 22 14.32.01

Leiarballen på hol 12. (Joar, Ole Magnus, Mari og Lars Kåre)

 

2021 08 22 12.28.14 

Dei næraste utfordrarane til topplasering står spent å ventar på å få slå ut på hol 4. (Jan Egil, Dag Roar, Sindre og Rune)

 

2021 08 22 15.55.38

Ole Magnus puttar for birdie på hol 18. (Gjekk av med par)

 

2021 08 22 15.47.53

Publikum fylgjer spent med på leiarballen på siste holet.

 

2021 08 22 15.58.11

Kontroll av scorekort etter endt runde.

 

Då er det med stor glede vi kan invitere til Sparebank 1 Invitational 2021. På grunn av GDPR så kan ikkje banken lagre data om kundane som spelar golf og sende ut invitasjon direkte til dei. Vi legg difor ut invitasjonen her og inviterer ALLE til å melde seg på turneringa. De finn den i golfbox eller de kan gå direkte til turneringa ved å klikke her.

 

Det er ikkje startkontigent på denne turneringa. Det vert flotte premiar frå Sparebank 1 i tillegg får de ein liten matbit og drikke før de går ut og når de kjem inn igjen. Turneringsforma er scramble med trear- eller firarlag alt etter kor det går opp med påmeldinga. Har de ynskje om spelarar de vil gå i lag med så kan de skrive inn det i kommentarfeltet ved påmelding.

Vel møtt til ein flott golfdag i Vassbotnen!

 

Sparebank 1 Invitational 2021

Klubbmeisterskapet 2021 er godt i gong. Tradisjonen tru så er det Ole Magnus Orlien som leiar kampen om tittelen "Klubbmeister", etter dag 1. Ole Magnus gjekk dagens runde på 67 slag som er tre under banepar. Nærast Ole Magnus er Mari Chluba på 77 slag. Rett bak Mari er Lars Kåre Vikestrand og Joar Voldsund på 79 slag.

 

Ole Magnus leiar også vaksenklassa med 10 slag på Mari og 12 slag på Lars Kåre. I seniorklassa er det Joar Voldsund som leiar med 2 slag på Petter Hansen og 7 slag på Leon Myrvåg. I juniorklassa så er det Iben Louise Hansen som leiar med 104 slag. I stableforklassen er det også Ole Magnus som leiar på 37 poeng. Sindre Winjevoll ligg poenget bak, på par. Joar Voldsund, Rune Strømmen og Leon Myrvåg ligg alle på 34 poeng og er med å kjempar om sigeren i denne klassa.

 

Vermeldingane er gode til i morgon også, så vi ser fram til ein fin og spennande golfdag. 

 

2021 08 21 10.58.50

Ole Magnus slår ut på hol 1.

 

Resultat KM dag 1 Vaksen

Resultat KM dag 1 senior

Resultat KM dag 1 junior

Resultat KM dag 1 stableford

2021 08 21 12.03.48

Jan Egil puttar på green 5.

 

2021 08 21 14.26.50

Rune spelar seg inn på hol 3 medan Per Arve og Svein står å beundrar den fine blandinga mellom teknikk og kraft.

I SkOlsen snorturnering er tildelte slag bytta ut med tau der 1m tau tilsvarer 1 tildelt slag. Tauet kan du nytte når som helst for å flytte ballen uten at du må bruke slag. Når du har brukt tau for å t.d. flytte ballen i holet, må du klippe av den lengda du har brukt. Så her gjeld det å tenke smart å bruke tauet på dei rette stadane, og å ikkje sitte igjen med tau når du er ferdig med runda.

 

Den som var best i årets snorturnering var Helge Eltvik. Han både storspelte og brukte tauet på ein smart måte. Med eagle på hol 6 utan å bruke tau viser potensialet til denne golfvirituosen. Helge gjekk på -3. Rett bak på -2 kom Per Arve Hovde, Sindre Winjevoll og Harald Indresøvde.

 2021 08 18 20.25.15

Per Arve Hovde, Sindre Winjevoll, Helge Eltvik (vinnar) og Harald Indresøvde

 

Resultat SkOlsen snorturnering 2021

Hei,

 

Det nærmer seg årets høydepunkt i enhver golfklubb. Klubbens beste golfspillere skal kåres!

 

Hvert år er det spørsmål og diskusjoner om hvem som kan delta i klubbmesterskapet, og noen har en oppfatning om at bare spillere som har golfklubben som hjemmeklubb kan delta i klubbmesterskapet.

 

For å svare enkelt på dette, alle med gyldig medlemskap i golfklubben kan delta i klubbmesterskapet. Har en spiller gyldig medlemskap i fire golfklubber kan han/hun delta i fire klubbmesterskap. Litt utfordrende å få til rent praktisk, men ikke umulig.  

 

Les gjerne litt mer om klubbmesterskapet her:

https://www.golfforbundet.no/spiller/turneringer/klubbmesterskap

 

Hvis spørsmål om årets klubbmesterskap, vennligst ta kontakt.

 

Lykke til med årets Klubbmesterskap!

 

Med vennlig hilsen

NORGES GOLFFORBUND

  

Thore Wilhelmsen

Norges Golfforbund

Postboks 5000

0840 Oslo

Ballar med Volda golfklubb og Sparebank 1 Søre Sunnmøre logo.

Ballar 1 dusin 3 dusin 
Callaway Supersoft 279 699 
Callaway E. R. C. Triple track 399  1.099
Callaway Chrome Soft  449  1.249
Titleist Trufeel  249  599
Titleist Velocity  279  699
 Titleist Tour Soft 379 1.049
 Titleist Pro V1 539  1.499 

Vi får inn farga ballar i løpet av hausten. Det er Supersoft i fargane gult, grønt og rosa.

 

 

 

24 deltakarar var med i kveldens turnering. Det var veldig mykje godt spel og om lag halve feltet gjekk på par eller betre. Ole Magnus Orlien har starta oppkøyringa til klubbmeisterskapet og gjekk ei fin runde på 32 slag. Med eit slag i fråtrekk så vart det -2 netto som holdt til siger. Peder Barstad og Arnfinn Strande gjekk også på -2 men har noko lågare handicap og vart dømt som nummer to og tre. I grøntkortklassa så var det Iben og Aksel, begge med etternamn Hansen som kjempa om sigeren. Iben gjekk på -2 og tok med det sigeren. Aksel gjekk også ei god runde og hamna på +1. 

 

2021 08 11 20.20.14

Ole Magnus Orlien (vinnar), Peder Barstad, Arnfinn Strande, Aksel Hansen og Iben Louise Hansen (vinnar GK)

 

Resultat SkOlsen Tour 8 2021

Resultat SkOlsen Tour 8 2021 GK

25 spelarar var med i kveldens SkOlsen Tour. Heile fire av dei var i grøntkkort klassa. Svein Aasen er i storform for tida og er vanskeleg å slå. I dag tok han sigeren på -4, foran Kristian Strand som også gjekk på -4 men med lågare handicap enn Svein. Olav Trandal tok tredjeplassen på -2. I grøntkort klassa så var det Anders Kalvatn som tok sigeren på -1 med Yngve Vadstein på andreplass med par.

 

2021 07 14 20.26.55

Olav Trandal, Svein Aasen (vinnar), Kristian Strand, Anders Kalvatn (vinnar GK) og Yngve Vadstein

 

Resultat SkOlsen Tour 6 2021

Resultat SkOlsen Tour 6 GK

Det spørs om det var vermeldingane eller utfordringa med å gå turnering med berre to køller som skremde nokre frå å delta i kveldens turnering. Men 13 av klubben sine tøffaste golfarar stilde til turnering med to køller og paraply i baggen. Turneringa starta i strålande solskin før himmelen opna seg og vi fekk ei skikkeleg austlandsregnbyge. Det gjekk heldigvis ikkje så lenge før sola kika fram igjen og regnvåte golfarar tørka opp igjen.  

 

80 åringen Svein Aasen slår knappast eit feilslag med 14 køller i baggen, og viste i kveld at det ikkje var noko problem med to køller i baggen heller. Han tok førsteplassen framfor Kristian Strand med lågare handicap. Begge gjekk på par. Rune Strømmen tok tredjeplassen med lågare handicap enn Jarle Nes som begge gjekk på +2. 

 

Det er veldig kjekt at vi får med grøntkort spelarar på onsdagsturneringane. I kveld var det med 3 stykker. Den som gjekk best og vart vinnar i grøntkortklassa, var Erik Mariuis Riise som gjekk på +4. Bak han var det Svein Sporsheim på +6 og Anders Kalvatn på +9.

 

SkOlsen logo

2021 07 07 21.48.06

Erik Marius Riise (vinnar GK), Kristian Strand, Rune Strømmen og Svein Aasen (vinnar)

 

Resultat SkOlsen to kølle 2021

Resultat SkOlsen to kølle GK 2021

2021 07 07 18.23.20

Ei heftig regnbyge med dropar "nesten" så store som golfballar. Rune puttar på green 3.

 

2021 07 07 20.22.44

Så skein det opp igjen og vart ein strålande kveld. Her frå hol 4.

 

2021 07 07 20.58.53

Svein Sporsheim puttar på green 7.

 

2021 07 07 21.24.17

Innspel på siste holet.

22 deltakarar spelte i strålande sommarver. Are Myklebust takla godt varmen og vant med -2. Johan Liadal kom på andreplass med -1. Heile sju stykker gjekk på par. Kristoffer Trandal hadde lågast handicap og tok med det tredjeplassen med Jan Egil Gretland og Petter Hansen bak seg.

 

2021 06 30 20.27.17

Petter Hansen, Kristoffer Trandal, Jan Egil Gretland og Are Mykleubst (vinnar)

 

Resultat SkOlsen Tour 5 2021