Hei alle medlemmer av Volda golfklubb. Takk for eit fint golfår, til tross for endå eit år med pandemi. Vi har stort sett fått gjennomført alle planlagde turneringar og arrangement. Bana har vore i veldig god stand til glede for medlemmer og gjestar.
Vi gjekk inn i 2019 med om lag 200 medlemmer. Når vi no avsluttar 2021 så er vi oppe i 286 medlemmer. Vi har fått nokre utmeldingar pr. 31.12. Er det nokon som veit dei ikkje skal vere medlemmer i 2022 så er det viktig at vi får utmeldinga i dag. jmf. reglementet:
Utmelding av klubben må skje før 31.12 i foregående år. Avgift på kr 450 ved utmelding i tidsrommet 01.01- 30.04. Ved seinare utmelding må det betalast full medlemskontingent.
Om de skal skifte «kategori» så er det også fint om de gir beskjed om det så raskt som mogleg, helst i god tid før årsmøtet og utsending av faktura på medlemskontingent.
Vi har nok av utfordringar for 2022 som vi arbeider med. Den største utfordringa er at mesteparten av dugnadstimane vert gjennomført av ein liten del av medlemmane. Vi ser at slik kan vi ikkje ha det framover. Vi held no på å kartlegge det totale dugnadsomfanget på faste driftsoppgåver. Det vil gi oss eit grunnlag i det vidare arbeidet med å finne ei løysing som er meir berekraftig.
Etter at dei fleste av oss har pakka vekk golfkøllene har dei som har lagt ned mest dugnadsarbeid fortsett med arbeidet inne i løda med klargjering av maskinene til 2022 sesongen. Det er kjøpt inn nye klippeaggregat til greenklipparen og ein del delar for å få dei andre maskinene også klare til ein ny sesong. Det vert gjort fortløpande vurderingar om vi må investere i «nye» maskiner. Traktoren vår var nesten oppbrukt og vart tatt med tilbake til Felleskjøpet for ein overhaling når den nye vart levert no i haust. Vi ser fram til å ha to fungerande traktorar i drift.
Bana er veldig humpete nokre stadar med mykje stein som går hardt utover klippeaggregata våre og gir ein god del ekstra arbeid og slitasje. Dette må vi få løyst i løpet av våren.
Som de kjenner til så har vi arbeidd med å få til ein simulator i klubben. Vi hadde eit lokale på hand, men huseigar trekte seg under kontraktsinngåelsen. Vi har sett på nokre lokaler men har til no ikkje funne lokale som oppfyller krava. Det største problemet er høgda på lokalet. Det er også veldig kjekt at vi fikk fylt opp driftsgruppa for simulator ganske kjapt og har mange namn som også har meldt seg som vi har i bakhand. Eg ser at nokre har bekymring for at det vil bli auka medlemskontigent på grunn av simulatoren. Det vert det ikkje. Sparebank 1 Søre Sunnmøre er framleis med på laget med eit betydeleg beløp og vi trur at simulatoren på sikt vil gje gode inntekter til klubben. Det er noko usikkert om vi klarer å få til dette i løpet av vinteren, men vi arbeider med saka.
På tampen av året vil eg vil rette ein stor takk til alle som bidreg med smått og stort i klubben vår. Vi er heilt avhengig av ditt bidrag for å drifte klubben. Vi skulle berre fått med så mange fleire slik at vi kan få gjort så endå mykje meir. La oss i 2022 framsnakke klubben og dei som arbeider der. Det er ikkje noko som er meir demotiverande for dei som legg ned enormt med timar i Vassbotnen enn å få «syting og klaging» over at det burde vore gjort meir eller på ein annan måte.
Med ynskje om eit godt nytt golfår.
Olav Trandal
Leiar
Ein stor takk til vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre som her er representert ved banksjef Arne Lothe på roughklipparen. Ein svært tydeleg og viktig medspelar til golfklubben.
Om det er frost på bana så skal ein IKKJE gå inn på greenane.
Snøen kryp nedover fjellsida og golfsesongen er på hell. Det vart før helga sett opp vintergreenar. På kort varsel vert flagga på greenane fjerna om vi ser at det ikkje lenger kan spelast på sommargreenar. Men om det vert frost på bana før dei vert fjerna så skal ein sjølvsagt IKKJE gå inn på greenane. Er du i tvil om det er frose på så held du deg unna, så held greenane seg fine til neste sesong.
Etter nesten ein månad med regn så kom det endeleg ein søndag med ok ver. Det var 9 spelarar som ikkje var heilt ferdigspelte for sesongen som stilde til start. Sjølv med ballplassering på ei våt bane så var det ingen som spelte betre enn handicappet sitt. Joar Voldsund, Helge Eltvik og Par Arve Hovde gjekk alle på 35 poeng. I stableford så er turneringane våre sett opp med at ved lik poengsum så er det den som speler best dei siste 9, 6 eller 3 hola som vert kåra som vinnar. Joar gjekk best på dei siste 9 og vart kåra til vinnar. Helge gjekk betre dei siste 9 enn Per Arve og tok andreplassen. Etter desse karane så var det Lars Kåre som tok fjerdeplassen med 33 poeng.
Det vert vurdert fortløpande utover om det vert fleire Lauvfallturneringar.
Premiane på lauvfall turneringane er ballar sponsa av Jass Maritime og ein Volda golfklubb Pique til vinnaren frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Joar Voldsund (vinnar), Helge Eltvik og Lars Kåre Vikestrand.
![]() |
![]() |
Jostein Digernes og Helge Eltvik på green 1.
Avslutningsturnering gjekk i fint haustver og med 22 spelarar i aksjon. Avslutningsturneringa vart spelt med stableford. Det var mange gode poengsummar og Peder Barstad som har auka på med turneringar på hausten gjekk ei runde på heile 44 poeng. Nærast Peder kom Johan på 42 poeng og Per Arve Hovde på 39 poeng.
Petter Hansen, Peder Barstad (vinnar), Per Arve Hovde, Johan Liadal, Kristian Strand og Dag Tore Hagen.
Rune Strømmen, Peder Barstad (vinnar) og Lars Kåre Vikestrand på green 5.
Heile 54 spelarar har delteke i SkOlsen Touren i 2021. 21 spelarar har gått fem eller fleire runder og har vore med å konkurrere om samanlagtsigeren, der dei fem beste rundene er teljande. Per Arve Hovde har vore på topp 3 i halvparten av turneringane han har delteke i. Han hadde ein spesielt god start i vår og sidan har det ikkje vore mogleg å ta han igjen. Han hadde 162 slag på desse fem rundene. Nærast kom Svein Aasen som var sju slag bak Per Arve. Det var mange som låg rett bak Svein og kjempa om 2. og 3. plassen. Jan Egil Gretland, Harald Indresøvde og Kristian Sekkeseter Strand låg på 171 slag og Johan Liadal, Olav Trandal og Are Myklebust låg på 172 slag. Ingen av desse klarte å spele seg ytterlegare ned på siste turneringa og Jan Egil tok difor tredjeplassen med lågast handicap av dei på 171 slag.
Jan Egil tok både bruttosigeren og eclectic. I brutto gjekk han på 178 slag og i eclectic fekk han til slutt 58 slag. I eclectic så hadde han 10 birdiar og ein eagle.I brutto tok Per Arve andreplassen og Joar Voldsund tredjeplassen. I eclectic var det Joar som tok andreplassen og Rune Strømmen tok tredjeplassen.
Permieutdeling vert på årsmøtet.
Vinnaren av SkOlsen Tour 2021, Per Arve Hovde
Sjølv ikkje velplasserte hinder kunne hindre Per Arve i ta samanlagtsigeren.
Turneringssjefen Jan Egil Gretland tok sigeren i brutto og eclectic.
Då var vi plutseleg komne til siste turneringa i SkOlsen Tour 2021. Sesongen har gått utruleg raskt, men vi får håpe vi får nokre fine veker til før vi må stenge ned for sesongen.
Leon Myrvåg har funne haustforma og har tatt sigeren i dei to siste SkOlsen Tour turneringane. Han gjekk på -3 og var eit par slag framfor Rune Strømmen og Harald Dalsbø. Iben Louise Hansen kom på fjerdeplassen.
Harald Inge Dalsbø, Leon Myrvåg (vinnar), Rune Strømmen og Iben Louise Hansen
Nattgolfen har blitt ein fin tradisjon på tampen av sesongen. Vi spelar 3 x 6 hol (hol 3, 6, 5, 7, 8 og 9) frå raudt utslag. Det dårlegaste resultatet på kvart hol vert stroke og dei to beste rundene vert ståande igjen som teljande. Det er sett opp led lys i forskjellige fargar på flagget, i holet, rundt vannhinder, rundt green og på 50, 100 og 150 meter. Vi er litt spente kvart år om kveldsflyet landar i Vassbotnen eller på Hovden. For dei som tok turen fram i Vassbotnen for å sjå så var det nok eit merkeleg skue, der lysande ballar gjekk på kryss og tvers på bana.
14 spelarar stilde til årets nattgolfturnering. Debutanten Kristian Sekkeseter Strand var den som spelte best i mørket og tok sigeren. Etter han kom Joar Voldsund og Per Arve Hovde. I grøntkortklassa så var det Lars Arne Muren som tok sigeren framfor Herman Hvale.
Lars Arne Muren (Vinnar GK), Herman Hvale, Joar Voldsund, Per Arve Hovde og Kristian Sekkeseter Strand (vinnar)
Denne sesongen har fått veldig raskt. Vi er allereie komen til nest siste turneringa i SkOlsen touren. 20 spelarar stilde til start i fint haustver, tre av desse var i grøntkortklassa. Leon Myrvåg gjekk på -1 og tok sigeren. Rett bak seg hadde han heile fire stykker som gjekk på par. Det var Rune Strømmen, Per Arve Hovde, Olav Trandal og Kristian Sekkeseter Strand. I grøntkortklassa var det Anders Kalvatn som vant. Han hadde ei veldig god runde og gjekk på -5. Fortsetter han slik så er det ikkje så lenge før han har spelt seg ut av klassa. Tobjørn Osland tok andreplassen og Yngve Vadstein kom på tredje.
I Order of Merit så er det Per Arve Hovde som framleis tronar på toppen.Nærast er Svein Aasen som er sju slag bak. Det er tre stykker som ligg to slag bak Svein og som har ein mulighet til å kjempe om andreplassen. Det er Jan Egil Gretland, Kristian Strand og Harald Indresøvde. Rett bak dei er det også tre stykker som kan blande seg inn. Sjølv om førsteplassen er spikra så er det litt spenning bak. SkOlsen Tour 12 vert spelt om to veker så vi får leve i spenning til då.
Olav Trandal, Leon Myrvåg (vinnar), Anders Kalvatn (vinnar GK) og Rune Strømmen
Order of Merit etter 11 runder
Då har vi fått inn nye greengaflar med Volda golfklubb logo på. Vi fikk tidlegare i haust inn Callaway sine greengaflar og denne veka kom det greengaflar av merket Pitchmaster. Venom Pitchmaster kan foldast saman og med eit trykk så sprett "gaffelen" ut.
Venom Pitchmaster (sammenleggbar) - Pris kr. 149,-
Callaway - Pris kr. 99,-
Venom Pitchmaster greengaffel
Callaway greengaffel
Siste helga i mai starta årets Toyota Sunnmøre Matchplay cup med gruppespel der dei to beste frå kvar gruppe gjekk vidare til sluttspelet. Gjennom sommaren og hausten har det vore spelt kvartfinalar og semifinalar. Begge semifinalane var veldig jamne og det vart ikkje avgjort før på siste holet i begge matchane. I semifinalane vant Per Kristian Langlo over Helge Eltvik og Peder Barstad over Olav Trandal.
I matchplay så spelar ein om sigeren på kvart hol. Den som vinn flest hol er vinnaren i matchen. Nytt av året var at finalen og bronsefinalen gjekk samstundes og alle fire i same flight. I begge matchane så var det veldig jamt. Det vart bytta på å ligge i leiinga og halvvegs så var det heilt likt i finalen, medan Olav leia med eit hol på Helge i bronsefinalen. Både Olav og Per Kristian starta bra på andre runda og fikk eit lite forsprang. Etter utslaget på hol 12 så låg Per Kristian 127 meter frå flagget. På det neste slaget så sette han ballen rett i koppen og fikk ein fin eagle. Etter ein litt trå start på andre runda så tok spelet seg opp igjen for Helge og Peder.
I bronsefinalen så hadde Olav ei leiing på tre hol ei periode men på slutten så kom Helge heilt opp i ryggen igjen. Med siger på siste holet for Helge så hadde det blitt omspel. Med eit sjeldent skeivt utslag så hamna Olav i den høgste roughen og måtte slå ein provisorisk ball. Det såg lenge mørkt ut for å finne igjen førsteballen, men Helge skimta den langt nede i graset og kunne med eit smil fortelje at han fant ballen. Han tenkte nok med seg sjølv at denne kom aldri til å hamne ut på fairway igjen. Til tross for lave odds så slo Olav ballen fint ut av roughen og var med i kampen igjen. Når begge var komne på green så hadde dei brukt like mange slag. Helge fekk innspelet sitt ganske nær holet. Olav låg 3-4 meter frå holet og skulle på tvers av hellinga. Helge var i ferd med å førebu omspelet, men Olav heldt nervane under kontroll og avslutta med ein rå putt og sikra med det 3. plassen i turneringa.
I finalen så jobba Peder seg inn kampen igjen og var heilt opp i ryggen på Per Kristian før siste holet. Peder som no var godt i siget tok også dette. Då var det heilt likt etter 18 hol og det gjekk til omspel. Då er det første til å vinne eit hol som går av med sigeren.
Begge var tydeleg skjerpa før omspelet og dei hadde igjen gode utslag. Begge var litt upresise med innspelet og hamna rett på utsida. Igjen var det to gode slag og dei låg heilt likt, om lag 2 meter frå holet. Peder putta først og satte par putten. Per Kristian gjorde seg klar og sende ballen mot holet, men den stansa rett før. Dermed gjekk Peder sigrande ut av finalen.
Ein svært letta vinnar kunne no legge tapet i fjorårsfinalen bak seg. Flotte premiar frå turneringssponsor Toyota Sunnmøre vert delt ut på årsmøtet.
Helge Eltvik, Peder Barstad (vinnar), Per Kristian Langlo og Olav Trandal
Litt over halvvegs. Stilen er framleis veldig bra.
Per Kristian med eagle på hol 12.
Peder set parputten og legg press på Per Kristian.
Per Kristian med parputten som ikkje gjekk i. Dermed var Peder vinnar av årets Toyota Sunnmøre Matchplay Cup.