Bana er opa 

Til trass for ferietid så har det vore godt oppmøte på SkOlsen turneringane i sommar. Lenke til resultatlista og bilete av vinnarane på dei tre første turneringane i juli finn de under. 

SkOlsen To-kølle

Heile Resultatlista

20240703 201044

Svein Aasen og Kenneth Rusten (vinnar)

SkOlsen Tour 6

Heile Resultatlista

20240710 202228

Harald Indresøvde (vinnar), Johan Liadal, Joar Voldsund, Kennth Rusten

 

SkOlsen Raud

Heile Resultatlista

2024 07 17 21.53.19

Olav Trandal, Joar Voldsund (vinnar), Kenneth Rusten, Jan Egil Gretland og Kai-Are Strande

I regi av vår hovudsponsor Sparebank1 SMN arrangerte vi Sparebank1 SMN open med heile 38 deltakarar. Det var ikkje berre deltakartalet som var bra denne dagen, det var også spelet til Christer Adrian Mork som gjekk på 65 slag og mest truleg sette ny banerekord. Han tok med det også sigeren i klasse brutto jr./vaksen, heile 4 slag færre enn Oliver Sulebakk Sylte på 2. plass. Sveinar Øvrelid tok 3. plassen på 70 slag. Pallen i brutto jr./vaksen klassa var dominert av gjestane frå Sunnmøre golfklubb med beste volding på 4. plass. Det var Lars Kåre Vikestrand som var nokre slag bak. I klassa brutto senior var det Volda GK sin eigen Joar Voldsund som toppa lista på 73 slag med Per Bernt Aske på 2. plass på 74 slag og Robert Graham på 3. plass med 76 slag. Vi hadde nokre deltakarar som gjekk frå raudt utslag og det vart premiert for beste bruttoresultat i denne klassa. Det var Harald Indresøvde som vant denne klassa på 81 slag.

I Stableford klassa så vert det gitt poeng på kvart hol ut frå tildelte slag etter spelaren sitt handicap. I denne klassa var alle dei 38 spelarane med. Det var Christian Adrian Mork som dominerte denne klassa også. Sjølv Hovland ville hatt problem med å følgje denne karen i dag, med 7 birdiar, så enda Christian opp på heile 47 poeng. Hallgeir Frøystadvåg gjekk på 43 poeng og tok andreplassen. Trond Heltne og Robert Graham delte 3. plassen på 41 poeng. Det var mykje godt spel og dei 11 første på lista spelte på sitt handicap eller betre.

Det var også premie til den som kom nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag frå både gult og raudt utslag på hol 18. Det var Eldar Djupvik Johansen som kom nærast pinnen og var om lag 1 meter frå holet på sitt utslag. Bente Ørsal var den som slo lengst frå raudt utslag og Marius Ryste Skjeret frå gult. Marius slo om lag 250 meter i motvinden, noko som er mildt sagt imponerande.

Resultatlistene finn de her!

 rgb SB1 SMN verti neg bak

29. august kl. 13 er det Sparebank1 SMN Invitational, så det er berre å sette av datoen og ordne seg ein halv ferie/avspaseringsdag. I denne turneringa er det det sosiale og kosen som står i høgsetet. Det vert Scramble med 3 eller 4 på lag. Sparebanken stiller med noko å bite i før ein går ut og litt mat når ein kjem inn og ventar på premieutdelinga.

2024 06 30 15.56.10

Eldar Djupvik Johansen, Hallgeir Frøystadvåg, Per Bernt Aske, Sveinar Øvrelid, Christer Adrian Mork (vinnar brutto jr./vaksen og Stableford), Joar Voldsund (vinnar brutto senior), Trond Heltne, Marius Ryste Skjeret, Oliver Sulebakk Sylte, Robert Graham, Harald Indresøvde (vinnar brutto raudt), Olav Trandal og Bente Ørsal

27 spelarar stilde til årets finaste kveld, så langt i år for den femte turneringa i SkOlsen Touren. Kai-Are Strande har funnet forma og storspelte og gjekk på heile -4. Joar Voldsund, Leon Myrvåg og Svein Aasen gjekk alle på -2 og delte andreplassen. Jan Egil Gretland og Harald Indresøvde gjekk på -1 og delte femteplassen.

Heile resultatlista finn de her!

2024 06 26 20.24.18

Jan Egil Gretland, Kai-Are Strande (vinnar), Svein Aasen, Joar Voldsund, Leon Myrvåg og Harald Indresøvde

På par-3 turneringa så flyttar vi utslaga slik at vi får 18 utslag med lengde frå 40 meter til 150 meter, slik at alle hola vert par-3 hol. Jan Egil Gretland og Are Myklebust takla nærspelet best og gjekk begge på -3, heile 5 slag betre enn nestemann. Jan Egil har lågast handicap og vart kåra til vinnar. Kai-Are Strande tok tredjeplassen med Jostein Digernes og Joar Voldsund på plassane bak.

Heile resultatlista finn de her!

2024 06 19 21.30.50

Kai-Are Strande, Are Myklebust, Jostein Digernes, Joar Voldsund og Jan Egil Gretland (vinnar)

Det var ikkje den best vermeldinga til dagens turnering, men det var mange med longbukse som angra valet då sola kika fram rett etter start. Det vart premiert i brutto jr./vaksen, brutto senior og Stableford. Sidan det var heile fire stykker som gjekk frå raudt utslag så vart også vinnaren der premiert.

Av dei som slo ut frå raudt så var det Elsie Hansen som gjekk på færrast slag. 81 slag brukte ho på runda. Svein Aasen var nærast Elsie på 84 slag. 

I brutto jr./vaksen klassa så var det Sindre Winjevoll som gjekk på færrast slag. Han gjekk på 78 slag. Det var tre slag mindre enn Frode Hool Egge på 2. plass og 11 slag mindre enn Jørn Sævik på 3. plass

I brutto senior klassa så var det Kai-Are Strande som gjekk på færrast slag. Han brukte 76 slag som var 5 slag færre enn Jan Egil Gretland på 2. plass. Petter Hansen tok 3. plassen eit slag bak Jan Egil.

Evigunge Svein Aasen brukte eit slag mindre enn alderen sin og gjekk på 39 poeng og tok med det sigeren i Stableford klassen. Kai-Are Strande, Elsie Hansen og Sindre Winjevoll gjekk alle på 38 poeng og tok 2., 3. og 4.plassen.

Det var også konkurrert i nærast pinnen og lengste utslag på hol 18. Nærast pinnen var Elsie Hansen som forsynte seg grovt av premiebordet i dag. Ho var 50 cm frå holet på sitt utslag på hol 7/16. Lengste utslag frå gul tee var Rune Strømmen og frå raud tee var det Tore Skåltveit.

Heile resultatlista finn de her

2024 06 16 16.02.50

Olav Trandal, Jan Egil Gretland, Kai-Are Strande (vinnar brutto senior), Jørn Sævik, Trond Heltne, Petter Hansen, Rune Strømmen, Elsie Hansen (vinnar brutto raud), Svein Aasen (vinnar Stableford) Robert Bucham Graham, Joar Voldsund, Sindre Winjevoll (vinnar brutto jr./vaksen) og Frode Hool Egge.

2024 06 16 16.04.20

Toyota bz4X kan du prøvekøyre hos Toyota Sunnmøre i Hovdebygda.

23 spelarar gjekk den fjerde SkOlsen Tour turneringa for sesongen. Andreas Nupen og Harald Indresøvde gjekk begge på -1, men med lågare handicap tok Andreas 1. plassen. Bak Andreas og Harald kom Rune Strømmen og Tore Skåltveit som begge gjekk på par.

Heile resultatlista finn de her

2024 06 12 20.32.33

Andreas Nupen (vinnar), Harald Indresøvde, Johan Liadal, Tore Skåltveit og Sindre Winjevoll

Det var dessverre litt få deltakarar på flaggturneringa dette året, men som de ser på biletet under så var det god stemning blant dei som var der. I flaggturneringa så er det om å gjere å kome så langt som mogleg ut frå tildelte slag før ein plantar flagget sitt. Joar var den einaste som kom til hol 19 og tok med det sigeren. Dei fleste planta flagget sitt på hol 18 og 17, medan ein spelar som ikkje hadde heilt dagen planta sitt flagg på hol 15. Helge Eltvik kom i koppen på hol 18 og tok andreplassen og Johan Liadal var 10 cm frå holet på tredjeplass.

2024 06 05 21.49.15

Joar Voldsund (vinnar), Helge Eltvik og Johan Liadal

Resultatliste

 Nr Namn  Flaggplassering
 1  Joar Voldsund   Hol 19
 2  Helge Eltvik  Hol 18 i koppen 
 3  Johan Liadal   Hol 18 - på green 10 cm frå holet
 4  Jan Egil Gretland   Hol 18 - på green 1,5 m frå holet
 5  Per Heltne   Hol 18 - 13 m
 6  Dag Tore Hagen  Hol 18 - 222 m
 T7  Olav Trandal  Hol 17 i koppen
 T7  Stein Monsholm  Hol 17 i koppen
 9  Andreas Nupen  Hol 15 - på green 30 cm frå holet

 

 

Tor Olsen har vore skohandlar i 50 år og arrangerte i lag med Volda golfklubb ei turnering i høve jubileet. SkOlsen stilde med rause premiar der vinnaren av stableford og brutto samla fekk kvart sitt par med golfsko. I tillegg var det premiar som paraplyar, sokkar, hanskar, med meir. 29 ivrige golfarar stilde til start i jubileumsturneringa og det var Jan Egil Gretland og Joar Voldsund som gjekk på færrast slag. Jan Egil hadde beste score på dei siste 6 og tok med det førsteplassen i brutto samla. I stableford (poeng) var det Jon Andre Rebbestad som var den klare vinnaren med heile 44 poeng. Begge to fekk med seg eit par Ecco golfsko.

I stableford klassa var det Amir Muric som var nærast Jon Andre og tok 2. plassen på 40 poeng. Are Myklebust var poenget bak på 3. plass.

I brutto jr./vaksen klassa så var det også Jon Andre som kom på 1. plass med 80 slag. 2. plassen gjekk til Kristian Sekkeseter Strand på 86 slag. Kristian er ein svært ivrig golfar som har vore framme i Vassbotnen seint og tidleg dei fem åra han har vore student i Volda. Dette var Kristain si siste turnering, no ventar lærarjobb på Sola og mest truleg eit medlemsskap i Sola golfklubb. Sindre Winjevoll og Amir Muric gjekk begge på 92 slag, men Sindre gjekk betre dei siste 9 hola og tok 3. plassen med Amir på 4. plass.

I klassa for dei eldre over 50 år, brutto senior så var det som nemt over Jan Egil Gretland på 1. plass og Joar Voldsund på 2. plass. Begge på 78 slag. Rune Strømmen og Leon Myrvåg var berre to slag bak, der Rune gjekk best på dei 6 siste hola og tok siste pall-plassen og Leon enda på 4. plass.

Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Helge Eltvik var den som slo lengst medan Peder Barstad la seg nærast pinnen.

Når spelarane kom inn frå runda så stod Ashild Longvastøl, Oddvor Hovden og Britt Indresøvde klar med varm mat, kaffi og litt twist. Det var god stemning og alle kosa seg.

Etter premieutdelinga fekk Tor gratulasjonar og ein bukett frå Volda golfklubb ved turneringsnemda i høve jubileet. Volda golfklubb takkar for eit godt samarbeid over mange år og vi håper at vi kan fortsette det gode samarbeidet framover.

Alle resultatlistene finn de her.

2024 06 02 16.16.35 2

Alle premievinnarane med jubilanten
Bak frå venstre: Sindre Winjevoll, Elsie Hansen, Webjørn Bergmann, Peder Barstad, Kristian Strand, Jan Egil Gretland (vinnar brutto samla og brutto senior), Jon Andre Rebbestad (vinnar brutto jr./vaksen og stableford), Are Myklebust, Trond Heltne, Leon Myrvåg, Joar Voldsund og Harald Indresøvde
Framme frå venstre: Olav Trandal, Helge Eltvik, Petter Hansen, Tor Olsen (jubilanten), Rune Strømmen og Amir Muric

2024 06 02 16.01.03

Tor talar til deltakarane før premieutdelinga.

IMG 5207

God mat og god stemning.

IMG 5206

Praten går godt rundt borda.

IMG 0201 

Premievinnarane utan jubilanten

SkOlsen logo

Onsdagens SkOlsen fourball gjekk med trearlag og det laget som gjorde det best var Per Kristian Langlo, Amund Bergmann og Are Myklebust. Dei gjekk på heile -8.

2024 05 22 20.30.25

Vinnarlaget med Per Kristian Langlo, Amund Bergmann og Are Myklebust

Resultatlista finn de her!

SkOlsen Tour 2 gjekk i strålande ver og den som strålte mest denne kvelden var Rune Strømmen som gjekk på -4 og dermed tok sigeren. Harald Indresøvde var nærast på -1 og tok andreplassen. Heile fem stykker delte tredjeplassen. Det var Joar Voldsund, Dag Tore Hagen, Johan Liadal, Kristian Sekkeseter Strand og Are Myklebust.

2024 05 15 20.40.05

Dag Tore Hagen, Rune Strømmen (vinnar), Johan Liadal, Harald Indresøvde og Joar Voldsund

Komplett resultatliste finn de her.