Bana er opa 

Årets første scramble vart ei svært jamn turnering. Det var to slag som skilde første og siste laget. Det var to lag som delte førsteplassen og det var Rune Strømmen, Jan Trygve Gretland og Svein Aasen på det eine laget og Trond Are Ryste, Kai-Are Strande og Sveinung Aasen på det andre.

Neste turnering vert SkOlsen Tour 2 den 18. mai. Merk at denne turneringa vert flytta til torsdagen på grunn av 17. mai på onsdag.

2023 05 10 20.06.24

Trond Are Ryste, Rune Strømmen, Jan Trygve Gretland, Svein Aasen, Kai-Are Strande og Sveinung Aasen

 

Resultat SkOlsen Scramble 1 2023

Det er tydeleg at det er mange som har lengta etter å få spele turnering igjen. Heile 31 spelarar stilde til start i årets første SkOlsen Tour. Det var strålande vårver med blå himmel. Kai-Are Strande var den som gjekk aller best denne kvelden og hamna på -3. Tett bak på -2 kom Joar Voldsund og Kai-Rune Bjørke. Jan Gundersen har gitt beskjed om feilføring av sekreteriatet og skal litt lenger ned på lista. Jan Egil rykte då opp frå 5. plass til 4. plass.

Neste onsdag er det SkOlsen Scramble. Turneringane ligg ute så det er berre å melde seg på.

 

2023 05 03 20.36.22

Jan Egil Gretland, Kai-Are Strande (vinnar), Jan Gundersen, Joar Voldsund og Kai-Rune Bjørke

Resultat SkOlsen 1 2023

Resultat SkOlsen 1 2023 GK

Då ser det ut som veret vert litt meir stabilt framover og vi startar med SkOlsen Touren på onsdag 3. mai. Dei turneringane som er bekrefta ligg no i kalenderen på voldagolf.no og dei første turneringane finn du no i Golfbox. Prisane på onsdagsturneringane er som tidlegare: kr. 100 for 9-hols turneringane, kr. 200 for 18-hols turneringane og kr. 1.500 for alle onsdagsturneringane. Junior/barn er halv pris. Premiane er også i år sponsa av onsdagsturneringssponsoren vår SkOlsen - Eurosko Volda og Eurosko Amfi Ørsta, som har eit godt utval av Ecco golfsko i sine butikkar.

NB! Merk at vi som tidlegare premierer berre dei som vert igjen på premieutdelinga. Om ein av dei som skal ha premie har gått så går premien vidare til neste på lista.

Vel møtt til ein fin turneringssesong.

2022 09 03 17.49.59

Frå ei av SkOlsen turneringane i 2002.

Over tjue personar stilde på dugnad og dugnadsturnering etterpå. Det vart gjort mykje godt arbeid og no er bana opna og klar for ein ny sesong. Rune Strømmen vant dugnadsturneringa med 21 poeng. Nærast Rune var Sindre på 20 poeng. Jan Gundersen, Gunnar Eikrem og Arnfinn Strande gjekk alle på 19 poeng.

Takk til alle som stilde på dugnad!!

2023 04 15 17.29.18

Per Arve Hovde, Rune Strømmen, Sindre Kalvatn, Jan Gundersen og Arnfinn Strande

Resultat dugnadsturnering 2023

2023 04 15 13.30.51

Bjørn Arve sliper aggregat.

2023 04 15 13.26.45

Tore, Per Kristian og Yngve ordnar bunkeren på hol 5.

2023 04 15 13.14.53

Herman med ryddesag.

2023 04 15 13.14.33

Kai-Rune og Helge fliser opp skat.

2023 04 15 13.10.22

Are og Kai-Are gjer klar vatningslangane til teeane.

ETTER dugnadsturneringa på laurdag 15. april vert bana og drivingrangen opna for spel. Dugnadsturneringa startar etter vi har fått i oss mat (kl. 14) og er sikkert ferdig om lag kl. 17.

Vi vil oppmode alle som har høve til å stille på dugnaden slik at vi får bana fin og klar for ein ny sesong.

2021 07 07 20.22.44

På laurdag 15. april så vert det dugnad frå klokka 10.00. 

Arbeid som skal gjerast er:

  • Rydde på bana og drivingrangen (plukke opp greiner o.l.)
  • Stelle bunkerane
  • Rake teeane
  • Rette opp stakar og elles gjere bana klar til spel
  • Med meir.

Det vert mat og drikke om lag klokka 14 og så vert det dugnadsturnering med gratis påmeldingsavgift for dei som har vore med på dugnaden.

Vel møtt!!

2022 04 23 14.37.26

Ein matbit før dugnadsturneringa i 2022.

SAKLISTE

Årsmøte Volda golfklubb 03.03.2023 på Havila Hotel Ivar Aasen kl. 19.00

  Klikk på saka for å få opp dokumenta som er knytt til saka.

  1. Opning ved styreleiar
  2. Godkjenne dei som har røysterett
  3. Val av møteleiar og referent
  4. Val av 2 personar til å skrive under protokollen
  5. Godkjenning av forretningsorden
  6. Godkjenning av innkalling
  7. Godkjenning av sakliste
  8. Handsame årsmeldinga for 2022
  9. Handsame
    1. Rekneskapen for 2022
    2. Melding frå kontrollutvalet
  10. Handsame eventuelle forslag og saker
    1. Forslag om fastpris i simulatoren
  11. Fastsetje medlemskontingent for 2023
  12. Vedta budsjett for 2023
  13. Handsame organisasjonsplanen til klubben
  14. Val
    1. styre
    2. kontrollutval
    3. valkomité
  15. avgjere om det skal engasjerast revisor

    Pause med pizza og loddsal

  16. Premiering og takk
  17. Medlemsmøte med diskusjon
  18. Avslutning

 

Referat frå årsmøtet

Om du har lyst til å starte med å spele golf så kan ein no ta VTG (vegen til gofl) kurset på simulator. Kurset vert då tredelt.

Del 1 - Teori
Teoridelen kan ein no ta i ro og mak heime. Klikk her for å gå til NGF si side om VTG kurset for å registrere deg og gjennomføre kurset. Teoridelen tek om lag ein time.

Del 2 - Praktisk del på simulator
Her kan du i lag med vår trenar øve på golfslaga og gjennomføre den delen av kurset som vi tidlegare har hatt på øvingsområdet vårt i Vassbotnen. Om du ikkje har golfkøller så kan du låne med klubben til gjennomføringa av kurset. 

Del 3 - Praktisk del på bane
Siste del av kurset kan du ta som ei runde golf i lag med ein ven på golfbana. Om du ikkje har nokon å gå i lag med så kan vår trenar gjennomføre dette.

Kurset kostar kr. 500 for barn opp til og med 16 år og kr. 1.500 frå 17 år og oppover. Dette inkluderer medlemsavgift for første året med fritt spel på golfbana vår i Vassbotnen. 

Når du er ferdig med første delen så kan du sende ein e-post til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. med diplomet du fekk. Vi gjer då avtale med deg om når det høver å gjennomføre den praktiske delen på simulator.

Har du spørsmål om kurset så kan du ta kontakt med oss på e-post This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Vel møtt!

2023 01 07 19.45.28

Golfsimulatoren vår i Strandgata 9 i Ørsta. Her inne er det alltid godt ver og gode speleforhold.

Årsmøte 2022 Volda Golfklubb

I samsvar med lov for Volda Golfklubb §10 og lov for Norges idrettsforbund §2-16 kallar vi med dette inn til årsmøte fredag 3. mars 2023 klokka 19.00 på Havila Hotel Ivar Aasen.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument vil bli tilgjengelege på www.voldagolf.no seinast ei veke før årsmøtet.

 

logo voldagolf

 Volda 29. januar 2023

Her kjem litt meir informasjon om simulatoren.

Adgangskontroll

Vi har fått montert inn kodelås på både ytterdør og innerdørene. Torstein Lianes vil administrere dette og de får opp kva kode som gjeld på ytterdør og innerdør når de bestiller tid i Golfbox. Om du ønskjer å sette igjen golfsettet ditt så er det mogleg å få det inneleåst i ei bod vi disponerer. Snakk med Joar om dette og de vil få kode til døra.

Opplæring og test av simulatoren

I morgon måndag 12. desember og tysdag 13. desember så vil driftsgruppa for simulatoren vere tilstades frå klokka 16 og utover nokre timar om det er nokon som vil prøve og få opplæring i systemet.

Simulatorturnering

Sindre Winjevoll er simulatorturneringssjef og er den som legg til dei som ønskjer å vere med og administrerer turneringane. For å vere med på turneringa så må de laste ned appen "Trackman golf" som de kan laste ned frå Google play eller Apple store. Den epostadressa de brukar i appen er den epostadressa de må sende til Sindre på adressa This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.. Då får han lagt deg inn. Vi startar for fullt opp med turneringar i januar, men vi tek ei prøverunde i desember for dei som ønskjer det. Ein kan gå kvar bane i turneringa to gongar og det er den beste runda som vert teljande. Har de spørsmål om turneringane så er det berre å ta kontakt med Sindre.

2022 12 03 17.51.19