Bana er stengt 

Nattgolfen har blitt ein fin tradisjon på tampen av sesongen. Vi spelar 3 x 6 hol (hol 3, 6, 5, 7, 8 og 9) frå raudt utslag. Det dårlegaste resultatet på kvart hol vert stroke og dei to beste rundene vert ståande igjen som teljande. Det er sett opp led lys i forskjellige fargar på flagget, i holet, rundt vannhinder, rundt green og på 50, 100 og 150 meter. Vi er litt spente kvart år om kveldsflyet landar i Vassbotnen eller på Hovden. For dei som tok turen fram i Vassbotnen for å sjå så var det nok eit merkeleg skue, der lysande ballar gjekk på kryss og tvers på bana.

 

14 spelarar stilde til årets nattgolfturnering. Debutanten Kristian Sekkeseter Strand var den som spelte best i mørket og tok sigeren. Etter han kom Joar Voldsund og Per Arve Hovde. I grøntkortklassa så var det Lars Arne Muren som tok sigeren framfor Herman Hvale.

 

2021 10 02 00.47.44

Lars Arne Muren (Vinnar GK), Herman Hvale, Joar Voldsund, Per Arve Hovde og Kristian Sekkeseter Strand (vinnar)

 

Resultat nattgolf 2021

Resultat nattgolf 2021 GK

Denne sesongen har fått veldig raskt. Vi er allereie komen til nest siste turneringa i SkOlsen touren. 20 spelarar stilde til start i fint haustver, tre av desse var i grøntkortklassa. Leon Myrvåg gjekk på -1 og tok sigeren. Rett bak seg hadde han heile fire stykker som gjekk på par. Det var Rune Strømmen, Per Arve Hovde, Olav Trandal og Kristian Sekkeseter Strand. I grøntkortklassa var det Anders Kalvatn som vant. Han hadde ei veldig god runde og gjekk på -5. Fortsetter han slik så er det ikkje så lenge før han har spelt seg ut av klassa. Tobjørn Osland tok andreplassen og Yngve Vadstein kom på tredje.

 

I Order of Merit så er det Per Arve Hovde som framleis tronar på toppen.Nærast er Svein Aasen som er sju slag bak. Det er tre stykker som ligg to slag bak Svein og som har ein mulighet til å kjempe om andreplassen. Det er Jan Egil Gretland, Kristian Strand og Harald Indresøvde. Rett bak dei er det også tre stykker som kan blande seg inn. Sjølv om førsteplassen er spikra så er det litt spenning bak. SkOlsen Tour 12 vert spelt om to veker så vi får leve i spenning til då.

 

2021 09 18 17.01.35

Olav Trandal, Leon Myrvåg (vinnar), Anders Kalvatn (vinnar GK) og Rune Strømmen

 

Resultat SkOlsen Tour 11 2021

Resultat SkOlsen Tour 11 2021 GK

 

Order of Merit etter 11 runder

SkOlsen Tour oom 11

Då har vi fått inn nye greengaflar med Volda golfklubb logo på. Vi fikk tidlegare i haust inn Callaway sine greengaflar og denne veka kom det greengaflar av merket Pitchmaster. Venom Pitchmaster kan foldast saman og med eit trykk så sprett "gaffelen" ut. 

 

 

Venom Pitchmaster (sammenleggbar) - Pris kr. 149,-
Callaway - Pris kr. 99,-

 

2021 09 13 21.26.01

 Venom Pitchmaster greengaffel

 

2021 08 16 11.49.22

Callaway greengaffel

Siste helga i mai starta årets Toyota Sunnmøre Matchplay cup med gruppespel der dei to beste frå kvar gruppe gjekk vidare til sluttspelet. Gjennom sommaren og hausten har det vore spelt kvartfinalar og semifinalar. Begge semifinalane var veldig jamne og det vart ikkje avgjort før på siste holet i begge matchane. I semifinalane vant Per Kristian Langlo over Helge Eltvik og Peder Barstad over Olav Trandal. 

 

I matchplay så spelar ein om sigeren på kvart hol. Den som vinn flest hol er vinnaren i matchen. Nytt av året var at finalen og bronsefinalen gjekk samstundes og alle fire i same flight. I begge matchane så var det veldig jamt. Det vart bytta på å ligge i leiinga og halvvegs så var det heilt likt i finalen, medan Olav leia med eit hol på Helge i bronsefinalen. Både Olav og Per Kristian starta bra på andre runda og fikk eit lite forsprang. Etter utslaget på hol 12 så låg Per Kristian 127 meter frå flagget. På det neste slaget så sette han ballen rett i koppen og fikk ein fin eagle. Etter ein litt trå start på andre runda så tok spelet seg opp igjen for Helge og Peder.

 

I bronsefinalen så hadde Olav ei leiing på tre hol ei periode men på slutten så kom Helge heilt opp i ryggen igjen. Med siger på siste holet for Helge så hadde det blitt omspel. Med eit sjeldent skeivt utslag så hamna Olav i den høgste roughen og måtte slå ein provisorisk ball. Det såg lenge mørkt ut for å finne igjen førsteballen, men Helge skimta den langt nede i graset og kunne med eit smil fortelje at han fant ballen. Han tenkte nok med seg sjølv at denne kom aldri til å hamne ut på fairway igjen. Til tross for lave odds så slo Olav ballen fint ut av roughen og var med i kampen igjen. Når begge var komne på green så hadde dei brukt like mange slag. Helge fekk innspelet sitt ganske nær holet. Olav låg 3-4 meter frå holet og skulle på tvers av hellinga. Helge var i ferd med å førebu omspelet, men Olav heldt nervane under kontroll og avslutta med ein rå putt og sikra med det 3. plassen i turneringa.

 

I finalen så jobba Peder seg inn kampen igjen og var heilt opp i ryggen på Per Kristian før siste holet. Peder som no var godt i siget tok også dette. Då var det heilt likt etter 18 hol og det gjekk til omspel. Då er det første til å vinne eit hol som går av med sigeren.

 

Begge var tydeleg skjerpa før omspelet og dei hadde igjen gode utslag. Begge var litt upresise med innspelet og hamna rett på utsida. Igjen var det to gode slag og dei låg heilt likt, om lag 2 meter frå holet. Peder putta først og satte par putten. Per Kristian gjorde seg klar og sende ballen mot holet, men den stansa rett før. Dermed gjekk Peder sigrande ut av finalen.

 

Ein svært letta vinnar kunne no legge tapet i fjorårsfinalen bak seg. Flotte premiar frå turneringssponsor Toyota Sunnmøre vert delt ut på årsmøtet.

 

2021 09 15 19.09.04

Helge Eltvik, Peder Barstad (vinnar), Per Kristian Langlo og Olav Trandal

 

Toyota sunnmre matchplay cup

 

 

2021 09 15 17.24.16

Litt over halvvegs. Stilen er framleis veldig bra.

 

2021 09 15 17.30.44

Per Kristian med eagle på hol 12. 

 

2021 09 15 19.04.36

Peder set parputten og legg press på Per Kristian.

 

2021 09 15 19.04.50

Per Kristian med parputten som ikkje gjekk i. Dermed var Peder vinnar av årets Toyota Sunnmøre Matchplay Cup.

Med skodda hengande nesten ned i Rotevatnet gjekk den andre SkOlsen Scramble av stabelen. 12 deltakarar trassa det grå veret, Aller best gjekk Petter Hansen og Jostein Digernes som gjekk på -4. Andreplassen tok Johan Liadal og Olav Trandal som gjekk på -3.

 

2021 09 11 17.33.58

Olav Trandal, Johan Liadal, Petter Hansen (vinnarlaget) og Jostein Digernes (vinnarlaget)

 

Resultat SkOlsen Scramble II 2021

Olav Trandal som har vore på topp på dei to siste SkOlsen turneringane var vekke denne helga så då opna det seg for andre. Evigunge Svein Aasen let ikkje sjansen gå frå seg og gjekk ei veldig god runde. Han tok sigeren på -2, eit slag foran Joar Voldsund og to slag foran Rune Strømmen.

 

Samanlagt i SkOlsen Touren så gjekk Svein opp på 2. plass bak Per Arve Hovde. Det skiller 7 slag mellom Svein og Per Arve. Rett bak Svein så lurer Jan Egil Gretland og Harald Indresøvde. Leiaren er nok ikkje så godt å gjere noko med, men spenninga om resten av pallen er der framleis, med to runder igjen. 

 

1631040849309

Rune Strømmen, Svein Aasen (vinnar) og Joar Voldsund.

 

Resultat SkOlsen Tour 10 2021

I fourball så spelar begge spelarane sin ball til den er i holet. Kvar spelar får 90% av sitt handicap og den beste scoren i laget for kvart hol er gjeldande. Olav Trandal og Jan Trygve Gretland gjekk av med sigeren på -5. Joar Voldsund og Kristian Strand, og Johan Liadal, Svein Aasen og Lars Olav Winjevoll gjekk også på -5, men Gretland og Trandal har lavast handicap og vart dømt som vinnarar.

 

2021 09 01 20.22.25

Olav Trandal (vinnarlaget), Jan Trygve Gretland (Vinnarlaget), Joar Voldsund og Kristian Strand

 

SkOlsen logo

Resultat SkOlsen Fourball 2021 2

Då har vi fått inn farga golfballar med Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Volda golfklubb logo på. Kr. 289 pr. dusin. Vi har den i matt grøn, matt rosa og gul.

 

2021 09 07 20.48.27

Matt grøn, gul og matt rosa.

 

 

 

Det vart dessverre litt mykje fram og tilbake om denne turneringa. På grunn av Sparebank 1 Invitational på torsdag så vart denne turneringa sett til laurdagen i terminlista. Vi gløymde å endre tidspunktet i golfbox då turneringa var "kopiert" frå i fjor då den gjekk på ein onsdagskveld. Tidspunktet stod på klokka 18. I tillegg var det snakk om å flytte turneringa til søndag på grunn av dugnad på laurdag. Bjørn Arve, Joar, Sindre, m.fl. arbeidde så raskt at vi vart ferdige med arbeidet på greenane på fredag. Då vart det slått kontra på flyttinga. Dette har nok gjort nokre usikre på når den skulle vere. Jan Egil ringde rundt til dei påmelde for å vere sikre på at dei hadde fått dette med seg. Det var eit par det ikkje passa for og det er beklageleg. 

 

Vi var 13 stykker som stilde til start. Det treng kanskje ikkje nemnast at vi gjekk i strålande ver, då stort sett alle turneringane i år har vore bada i sol. Det var kanskje nokre slitne kroppar etter dugnaden men eit par stykker klarte å kome seg under par. Olav Trandal og Leon Myrvåg gjekk begge på -1 men Olav har lågare handicap og vart med det dømt som vinnaren av turneringa.På slaget bak kom Jan Egil Gretland og Harald Indresøvde som begge gjekk på par. Jan Egil tok tredjeplassen med lågare handicap.

 

Med ny putter i baggen så ser det ut som Jan Egil er i ferd med å finne haustforma og kan vere ein farleg utfordrar til samanlagtsigeren i SkOlsen Tour. Per Arve har framleis ein god ledelse på heile 9 slag med tre runder igjen.

 

2021 08 28 17.51.23

Leon Myrvåg, Olav Trandal (vinnar) og Jan Egil Gretland

 

Resultat SkOlsen Tour 9

 Når hovudsponsoren vår Sparebank 1 Søre Sunnmøre inviterer til turnering så er ikkje golfarane på Sunnmøre vonde å be.Sparebank 1 Invitational har blitt ei av dei mest populere turneringane vi arrangerer i klubben. Turneringa har eit sosialt preg der vi spelar scramble med firar-lag. I scramble så slår alle i laget frå der den beste ballen landar slik at ein har fire forsøk på kvart slag. Dette viser også igjen på resultata. I og med at det ikkje gjekk opp i fire så vart det eit trearlag. Dei får kompensert litt med tal tildelte slag, men det er vanskeleg å hevde seg heilt i toppen med berre tre på laget.

 

Dei 35 deltakarane fekk servert kyllingwraps før dei gjekk ut og blomkålsuppe når dei kom inn. Maten var levert av Osdals catering og servert av Arne Lothe og Ole Magnus Orlien frå Sparebank 1.

Det var veldig mykje god spel og ikkje så mange slag som skilde laga. Det laget som kom øvst på pallen var Peder Barstad, Are Myklebust, Webjørn Yksnøy Bergman og Amund Yksnøy Bergmann. Eit slag bak dei kom gjestane frå Sunnmøre golfklubb, Bjørnar Nesset, Kim-Tore Husøy, Niklas Uusitalo og Christer Adrian Mork. Siste pallplassen gjekk til Lars Olav Winjevoll, Sindre Winjevoll, Joar Voldsund og Helge Eltvik.

 

Det var også konkurrert i nærast holet på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Lars Olav Winjevoll kom nærast holet med om lag 2 meter igjen. Svein Aasen hadde lengste utslaget frå raudt utslag og Per Kristian Langlo slo lengst frå gult utslag.

 

Ein stor takk til Sparebank 1 somn stilde med flotte premiar, servering og eit framifrå ver. 

  

SP1I Alle

Alle deltakarane før start.

 

SP1I Winjevoll

Sindre og Lars Olav Winjevoll. Lars Olav var nærast holet på hol 7/16.

 

SP1I Halvvegs

Jan Egil, Rune og Olav etter halvgått runde.

 

SP1I Premieutdeling

Arne Lothe og Ole Magnus Orlien frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre er klare til premieutdeling.

 

Resultat SP1I

SP1I Vinnarlaget

Vinnarlaget med Peder Barstad, Are Myklebust, Webjørn Yksnøy Bergmann og Amund Yksnøy Bergmann kjem fram for å motta premiane.

 

SP1I Vinnarane

Alle vinnarane samla.