Bana er opa 

Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational 2022

Tradisjonen tru så er det Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational torsdagen etter klubbmeisterskapet. Denne gongen var vi litt usikre på om vi skulle flytte den fram nokre dagar på grunn av veret, men i helga så var meldingane for torsdagen veldig bra og vi bestemte oss for å gjennomføre etter oppsett plan. Vermeldinga har gradvis endra seg ut over veka til det verre og det gjorde nok at nokon valgte å stå over denne gongen.

Dei 20 spelarane som stilde fekk til gjengjeld lite av regnet som var meldt. Det var varmt og godt, og sola kika også fram. Før turneringa starta så var det lett servering med wraps frå Osdals Catering. Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational vert spelt som Scramble med firemannslag. Sjølv om det er ein konkurranse så er det i denne turneringa det sosiale og å ha det kjekt på golfbana det som er det viktigaste. 

Det vart veldig jamt og det skilde berre to slag frå første til sisteplassen. Laget som tok førsteplassen var Bente Ørsal, Rolf Ørsal, Svein Aasen og Jostein Digernes. Harald Indresøvde, Helge Eltvik, Jan Egil Gretland og Olav Trandal tok andreplassen med like mange slag som dei som kom på tredjeplass, men med lågare samla handicap. Laget som kom på tredjeplass var Torleif Remme, Britt Indresøvde, Jan Trygve Gretland og Geir Helge Hungnes. 

Det var også spelt om lengste utslag på hol 18 og nærast holet på hol 7/16. Ole-Magnus var den som slo lengst frå gult utslag og Simen Greftegreff frå raudt utslag. Webjørn Yksnøy Bergmann var den som kom nærast holet på hol 7/16. 

Premiane var golfartiklar som var sponsa av Sparebank 1 Søre Sunnmøre. 

Sparebank1 invitational 2022 2

 Olav Trandal, Jan Egil Gretland, Ole-Magnus Orlien, Helge Eltvik, Jostein Digernes, Svein Aasen, Bente Ørsal, Rolf Ørsal, Harald Indresøvde, Torleif Remme, Simen Greftegreff, Britt Indresøvde, Jan Trygve Gretland og Webjørn Yksnøy Bergmann.

 

Resultat Sparebank1 Invitational

 

Sparebank1 invitational 2022 Ole Magnus 2

Ole-Magnus informerer om vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

  

Sparebank1 invitational 2022 Ole Magnus. 2jpg 2

Ole-Magnus stod også for premieutdelinga med flotte premiar som var sponsa av Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

rgb SB1 Sore Sunnmore verti blå