Bana er opa

SkOlsen Tour 8 - 2022

Det var heile 22 spelarar med på onsdagens SkOlsen Tour og det kom ikkje som noko sjokk på nokon at det var litt regn i lufta. Det vart heldigvis ikkje mykje regn men det var heftig vind som skapte utfordringar for dei fleste. Svein Aasen takla forholda bra og tok sigeren på -1. Jan Gundersen hadde same skore men lågare handicap og fekk andreplassen. Joar Vollsund, Johan Liadal og Kenneth Sekkeseter Strand gjekk alle på +1 og delte tredjeplassen.

I Grøntkort-klassa var det berre ein spelar,  men han gjekk til gjengjeld veldig bra og hadde slått alle med god margin om det var berre ei klasse. Andreas Nupen gjekk på -9 og går kraftig ned i handicap.

 

2022 08 10 20.21.08

Andreas Nupen (vinnar GK), Svein Aasen (vinnar), Joar Voldsund og Johan Liadal.

 

Resultat SkOlsen Tour 8 2022

Resultat SkOlsen Tour 8 GK 2022