Bana er stengt 

Då er resultata frå gruppespelet i Toyota Sunnmøre Matchplay cup klare. Dei to beste i kvar gruppe går vidare til sluttspelet.

Gruppe 1
1. Helge Eltvik
2. Peder Barstad
3. Webjørn Yksnøy Bergmann
4. Trond Are Ryste

Gruppe 2
1. Jan Egil Gretland
2. Jan Trygve Gretland
3. Joar Voldsund

Gruppe 3
1. Johan Liadal
2. Are Myklebust
3 Svein Solum

Gruppe 4
1. Rune Strømmen
2. Per Kristian Langlo
3. Olav Trandal

Dette gjev følgjande matchar i sluttspelet:

Helge Eltvik - Jan Trygve Gretland
Jan Egil Gretland - Peder Barstad
Johan Liadal - Per Kristian Langlo
Rune Strømmen - Are Myklebust

Toyota sunnmre matchplay cup

 

Det ser ut som vi skal få regn på alle turneringane i år, men til tross for litt fuktig ver så var det god temperatur og mykje godt humør. Harald Indresøvde gjekk best av dei 21 spelarane som stilde til start. Han gjekk på -2 og hadde Joar Voldsund og Helge Eltvik rett bak seg på -1. Andreas Nupen vant grøntkort klassa. Det går rykter om storspel så det er ikkje lenge før Andres gjev Harald og resten av gjengen ein god fight i den andre klassa.

 

2022 06 15 20.26.52

Harald Indresøvde (vinnar), Joar Voldsund, Andreas Nupen (vinnar GK) og Helge Eltvik

 

Resultat SkOlsen Tour 4 GK

Resultat SkOlsen Tour 4

14 spelarar stilde til start i SkOlsen Flaggturnering. Der var det om å gjere å kome seg så langt som mogleg med sine tildelte slag. Lengst kom Joar Voldsund som var 9 meter i frå flagget på hol 20. Jan Egil Gretland runda akkurat 18 hol og hadde utslaget på hol 19. 

 Plassering Hol - meter frå flagget Namn 
20 - 9 m  Joar Voldsund 
19 - 230 m  Jan Egil Gretland 
18 - 0,5 m  Kristian Sekkeseter Strand 
18 - 5 m  Helge Eltvik 
18 - 13 m  Per Arve Hovde 
18 - 47 m  Torleif Remme
7 18 - 83 m Jostein Digernes 
8 18 - 92 m Olav Trandal
9 18 - 115 m  Jarle Nes
10 18 - 135 m Johan Liadal
11 18 - 208 m Kenneth Rusten
12 18 - 436 m Sindre Winjevoll
13 17 - 60 m Per Kristian Langlo
14 14 - 5 m Jan Gundersen

 

2022 06 08 21.56.27

Joar Voldsund (vinnar), Jan Egil Gretland, Helge Eltvik og Per Arve Hovde

 

2022 06 08 17.38.32

Flight nummer tre klar for utslag.

 

 

Då er gruppene for årets Toyota Sunnmøre Matchplay cup trekt.

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4
Webjørn Yksnøy Bergmann Joar Voldsund Are Myklebust Olav Trandal
Helge Eltvik Jan Egil Gretland Svein Olav Solum Rune Strømmen
Trond Are Ryste Jan Trygve Gretland Johan Liadal Per Kristian Langlo
Peder Barstad      

 

Ta kontakt med dei andre i gruppa di og avtal tid for gjennomføring av matchar. Du skal spele mot alle i di gruppe. Sjå lenger nede for fullstendige reglar for matchplay cupen.

For å sjå resultat frå matchane som er spelt i gruppespelet og korleis tabellen er så kan de klikke her.

Toyota sunnmre matchplay cup

 

Reglar for Toyota Sunnmøre Matchplay cup 

 

Gruppespel

  • Opp til 23 deltakarar så vert det fire grupper der dei to beste går vidare til sluttspel
    • Vinnar i gruppe 1 mot 2. plass i gruppe 2
    • Vinnar i gruppe 2 mot 2. plass i gruppe 1
    • Vinnar i gruppe 3 mot 2. plass i gruppe 4
    • Vinnar i gruppe 4 mot 2. plass i gruppe 3
  • Det vert tilfeldig trekning av gruppene
  • Det vert spelt matchar på 9 hol med fullt spelehandicap.
  • De skal gå alle 9 hola og oppgi tal opp etter 9 hol
  • Front eller back vert trekt av dei som går matchen før dei går ut på hol 1 eller 10.
  • Siger gjev to poeng og uavgjort gjev 1 poeng
  • Om det vert lik poengsum så er det totalt tal på hol opp (og ned) som avgjer. Om det også vert likt så tek vi omspel på dei som er like til ein har eit hol opp.
  • Laurdag 4. juni vert felles oppstartsdag.
  • Resultat etter kvar match i gruppespelet sender de til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

Sluttspel

Sluttspelet skal spelast over 18. hol med fullt spelehandicap
Kvartfinalane vert spelt frå 15. juni til 30. juni
Semifinalane vert spelt frå 1. juli til 15. august
Finalen og bronsefinalen vert spelt frå 15. august til 1. september
Avvik frå oppsett plan må avtalast med turneringsnemda.
resultatet etter kvar match i sluttspelet kan de sende som tidlegare til Webjørn Yksnøy Bergmann som vil oppdatere resultata i Golfbox.

Det var berre datoen som hadde skifta til sommar, denne første sommardagen i 2022. Skodda gjekk heilt ned i fjorden og det rant godt frå himmelen. Til tross for veret så stilde heile 22 spelarar opp på SkOlsen Tour 3. Kristian Sekkeseter Strand hadde nok ein gong ei veldig god runde og tok førsteplassen med -5. Bak han var det tre blide karar som alle gjekk på -2. Det var Per Arve Hovde, Helge Eltvik og Jan Gundersen. Kristian er jamt oppe i toppen og ein sterk kandidat til samanlagt sigeren, men då må han overliste fjorårsvinnaren Per Arve, som kjem sigande bak frå.

 

2022 06 01 20.20.36

Helge Trond Eltvik, Kristian Sekkeseter Strand (vinnar), Per Arve Hovde og Jan Gundersen

 

Resultat SkOlsen Tour 3 2022

2022 06 01 19.09.28

Jan Trygve Gretland, Kristian Strand og Helge Eltvik

 

Då har vi starta opp igjen med Veien til golf kurs (VTG) for sesongen. 

Det er framleis slik at du kan sitje heime i ro og mak og ta teoridelen av kurset gjennom eit e-læringskurs. Det er noko tekst men mest videoar som du ser gjennom og svarer på oppgåver knytt til temaet. Den praktiske delen vert gjennomført med ein kveld på treningsområdet vårt og ute på bana med vår trenar Joar Voldsund. Han er der kvar måndag og kan ta med seg 4 - 5 personar kvar gong. 

Når du har tatt dette kurset og er medlem i ein golfklubb, kan du spele på stort sett alle baner rundt om i verda. Kurset/medlemsavgift kostar kr. 1.500 for vaksne og kr. 600 for barn opp til og med 16 år. Då kan du spele så mykje som du ynskjer på bana vår i Vassbotnen i heile 2022. Joar er på treningsfeltet kvar måndag og kan sjølvsagt nyttast til instruksjon for alle gjennom heile sesongen.

Kurset er i 2022 sett opp slik:

  1. E-læringskurs. Dette kan du ta i fred og ro heime. Omfanget er omlag ein time. Golfforbundet anbefalar at du tek kurset på ei datamaskin slik at du kan ha oppe kursmateriellet der du finn "fasiten" medan du svarar på spørsmåla. Om du svarar feil så får du beskjed om det og kan svare om igjen til du har valgt rett svar. Klikk her for instruksjonar og lenke til teoridelen av kurset.
  2. Når du er ferdig med e-læringskurset så får du eit diplom som du sender inn til klubben påThis email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.. Vi gjer då avtale om når du skal møte på den praktiske delen av kurset.
  3. Praktisk del av kurset. Instruktør frå klubben vil gjennomføre denne delen i lag med inntil fem kursdeltakarar i gongen. Her får du prøve forskjellige typar slag på vårt treningsområde (drivingrange, øvingsgreeen og bunker) i tillegg til spel ute på golfbana. Om du ikkje har golfutstyr så har klubben utstyr du kan låne. Den praktiske delen gjennomfører du på ein kveld. 
  4. Bestått og betalt kurs gjev kursbevis og medlemsskap i Volda golfklubb. Bestått kurs er gjennomført teoridel og deltakelse på praktisk del av kurset. Det er ingen eksamen eller ferdighetsprøve for å få godkjent kurset.

Vel møtt til kurs!

Notteroy VTG 14

12 spelarar fordelt på 6 lag var med på SkOlsen Fourball. I fourball så spelar begge spelararane på laget holet som vanleg og lågast score for laget på kvart hol er gjeldande. Peder Barstad og Leon Myrvåg gjekk på -5 og tok med det sigeren.

 

IMG 20220526 145058

Vinnarlaget med Peder Barstad og Leon Myrvåg

 

Resultat SkOlsen Fourball 2022

Fineveret lokka fram langt fleire golfarar enn sist onsdag. Heile 27 stykker møtte til SkOlsen Tour 2. Det var mykje bra spel og to stykker gjekk på heile -5. Det var Per Arve Hovde og Jarle Nes, men Per Arve vart dømt foran med lågare handicap. Peder Barstad begynner å spisse forma til Matchplay cupen og tok ein sterk tredjeplass med -3. Deretter kom Kristian Strand på -2 og Are Myklebust på par. I Grøntkortklassen var det ein familieduell mellom far Anders og son Sindre Kalvatn. Junior var den som gjekk best på +2 medan Anders gjekk på +3. 

Neste onsdag er det SkOlsen Fourball.

2022 05 18 20.31.48

Peder Barstad, Are Myklebust, Per Arve Hovde (vinnar), Kristian Sekkeseter Strand og Sindre Kalvatn (vinnar GK)

Resultat SkOlsen Tour 2 2022

Resultat SkOlsen Tour 2 GK 2022

Det var dei tøffaste golfarane i klubben som ikkje bryr seg om ver og vind, som tok turen fram i Vassbotnen denne kvelden. Det var ikkje Vivaldi sine fire årstider (som vi er vant med), men berre tungt regn som varierte litt i intensitet. 

Det var Scramble med firemannslag og veldig mykje godt spel til trass for veret. Tre av laga gjekk på -6 etter det var korrigert for handicap. Reglane for denne turneringa gjekk på best av dei siste 9, siste 6 og siste 3 hola. Vinnarlaget med Tore Skåtveit, Helge Eltvik, Jan Egil Gretland og Yngve Vadstein gjekk best dei siste 6 hola og tok med det sigeren.

2022 05 11 20.31.12

Vinnarlaget med Tore Skåltveit, Helge Eltvik, Jan Trygve Gretland og Yngve Vadstein.

SkOlsen logo

Resultat SkOlsen Scramble 1 2022