Bana er stengt 

Simulatoropning

På tysdag denne veka så var det offisiell opning av simulatoren med Stig Brautaset og Ole-Magnus Orlien frå vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre som har sponsa simulatoren med kr. 350.000. I tillegg til representantane frå banken og pressa så var simulatornemda med Stein Gisle Monsholm og Per Kristian Langlo, simulatordriftsgruppa med Joar Voldsund, Sindre Winjevoll og Torstein Lianes, og leiar i Volda golfklubb Olav Trandal tilstades.

Volda golfklubb har vore på leit etter egna lokale i eit par år men det har vore vanskeleg å finne eit lokale som har god nok høgde under taket. Torbjørn Strand tipsa klubben om eit lokale i Strandgata der Ørsta bil tidlegare held til. Det vart signert leigekontrakt med huseigarane og dugnadsgjengen med Sindre Winjevoll, Joar Voldsund og Torstein Lianes i spissen kunne bygge om og lage til lokalet. Dei har stått på dagleg i lang tid. Dei vil også stå for den daglege drifta av simulatoren framover også. Ein stor takk for godt utført arbeid. No står det berre igjen at Låssenteret skal få på plass eit låsesystem så ein kan starte med booking av timar på simulatoren.

Simulatoren vil gje klubben eit løft der medlemmane og andre kan trene gjennom heile året. Vi kjem til å halde kurs, treningar, turneringar, med meir. Vi skal bruke Golfbox til booking og kjem snart med meir informasjon om prisar, m.m. I morgon laurdag 3. desember vil medlemmer frå simulatordriftsgruppa vere tilgjengeleg frå klokka 12 og utover slik at alle som ønskjer det kan kome innom å prøve og å lære seg å bruke simulatoren.

2022 11 29 09.22.47

Stig Brautaset (adm. dir.) frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre trykker på "launch knappen" og opnar simulatoren.

2022 11 29 09.27.24

Ole-Magnus på Old Course på St. Andrews.

2022 11 29 09.38.58

Fin detalj på beskyttelsen til Trackman som er laga av Vik Ørsta. På sidene kan ein setje køllene mellom slaga.

 

2022 12 02 07.39.55