Bana er opa 

Det er berre å bøye seg i hatten for Ole-Magnus Orlien som er klubbmester for 14. gong. I år som i fjor så gjekk han på -2. Næraste spelar var Lars Kåre Vikestrand som var 12 slag bak. Lars Kåre tok andreplassen i vaksen klassa. I Seniorklassa så var det Joar Voldsund som tok sigeren på +13. Andreas Nupen var åleine i brutto junior klassa, men spelte god golf og gjekk på +20. Om utviklinga til Andreas fortsetter slik den har gjort så vil Ole-Magnus få skikkeleg kamp om klubbmester-tittelen til neste år. I klassa brutto Eldre senior så var det også berre ein deltakar men Svein Aasen gjer som han har gjort dei siste åra, levert stabil og god golf. Han gjekk på +35 på brutto og leia stort i stableford-klassa etter første dag. Olav Trandal starta på verst tenkeleg vis og var +8 etter tre hol på første dag. Han gjekk dei siste 15 hola på +7 og var plutseleg med i kampen i stableford-klassa. Olav låg 4 poeng bak Svein etter første dag. På andre dag gjekk Olav ei runde på 78 slag som er personleg rekord, og med det gjekk han heilt til topps i stableford-klassa med 76 poeng.

Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Joar Voldsund var den som slo lengst på hol 18. Petter Hansen låg om lag 80 cm frå holet, men klubbmesteren som kom i flighten bak viste kven som er sjefen på bana og la ballen 20 cm nærare.

2023 08 20 16.27.12

Petter Hansen, Joar Voldsund (vinnar brutto senior), Lars Kåre Vikestrand, Andreas Nupen (vinnar brutto junior), Ole Magnus Orlien (vinnar brutto vaksen), Svein Aasen (vinnar eldre senior), Olav Trandal (vinnar stableford), Jan Egil Gretland og Kristian Sekkeseter Strand.

Resultat KM junior

Resultat KM vaksen

Resultat KM senior

Resultat KM eldre senior

Resultat KM stableford

2023 08 20 15.44.19

Heiagjengen på hol 18.

2023 08 20 15.51.24

Leiarflighten les green på hol 18.

2023 08 19 13.50.06

Epleslang på hol 3/9.

21 spelarar deltok i årets SkOlsen snorturnering. I denne turneringa vert kvart tildelt slag erstatta med ein meter tau. Tauet kan ein nytte til å flytte ballen. For kvar gong ein flyttar ballen må ein klippe av tauet like mykje som ein flyttar ballen. Kai-Are Strande og Harald Indresøvde gjekk begge på 23 poeng. Kai-Are vart dømt framfor Harald pga. lågare handicap og tok med det førsteplassen. Jan Egil Gretland, Andreas Nupen, Per Kristian Langlo og Torleif Remme gjekk alle på 22 poeng og delte tredjeplassen.

2023 08 16 20.23.14 1

Per Kristian Langlo, Jan Egil Gretland, Harald Indresøvde, Torleif Remme, Kai-Are Strande (vinnar) og Andreas Nupen

Resultat SkOlsen snorturnering

Vi har eit fullpakka turneringsprogram utover hausten og har vore nødt til å flytte og endre litt på tidspunkta på dei faste SkOlsen turneringane.

16. august kl. 18.00 - SkOlsen snor-turnering (9 hol - kr. 100)

SkOlsen logo

 
19. og 20. august kl. 11.00 - Klubbmeisterskap (18 + 18 hol - kr. 200)

logo voldagolf

 

24. august kl. 13.00 - Sparebank 1 Invitational (18 hol - gratis!!)

Tradisjonen tru så er det første torsdagen etter klubbmeisterskapet sett av til vår hovudsponsor, Sparebank 1. På grunn av GDPR så har ikkje banken lov å samle inn data om kven som speler golf for å sende ut invitasjonar, så dette er i praksis ei Opa turnering som alle kan melde seg på. Vi spelar denne turneringa som Scramble med firarlag. Banken stiller med mat og drikke til deltakarane. Premiar til dei tre beste laga.

cmyk SB1 SMN verti neg bak

 

27. august kl. 11.00 (kr. 200) Jass Maritime Open (18 hol - kr. 200)

Jass Maritime er sponsor for turneringa den 27. august og stiller med flotte golfrelaterte premiar. Her vert det premiering i Stableford og Brutto klassar.

SmallLogo

 

30. august kl. 17.00 - SkOlsen Tour 9 (9 hol - kr. 100)

NB! nytt starttidspunkt. Vår faste onsdagstour med SkOlsen som turneringssponsor.

SkOlsen logo

 

3. september kl. 11.00 Toyota Sunnmøre Open (18 hol - kr. 200)

I år var det så få deltakarar på Matchplay cupen at vi avlyste den. Toyota Sunnmøre ønskte då å heller sponse ei 18 hols turnering. Her vert det også flotte golfrelaterte premiar. Det vert premiering i Stableford og Brutto klassar.

Toyota sunnmre logo

 

6. september kl. 17.00 - SkOlsen Tour 10 (9 hol - kr. 100)

NB! nytt starttidspunkt. Vår faste onsdagstour med SkOlsen som turneringssponsor.

SkOlsen logo

 

9. september kl. 15.30 - SkOlsen Fourball (9 hol - kr. 100)

NB! laurdagsturnering. Vår faste onsdagsturnering med SkOlsen som turneringssponsor.

SkOlsen logo

 

10. september kl. 11.00 - Sparebank 1 Open (18 hol - kr. 100)

Opa turnering med vår hovudsponsor Sparebank 1. Denne turneringa skulle vore i vår men vart flytta til hausten. Her vert det også flotte golfrelaterte premiar. Det vert premiering i Stableford og Brutto klassar.

cmyk SB1 SMN verti neg bak

 

16., 23. og 30. september kl. 15:30 - SkOlsen Tour/Scramble (9 hol - kr. 100)

Frå 9. september så er onsdagsturneringane som tidlegare år, flytta til laurdagane på grunn av at det vert så tidleg mørkt.

SkOlsen logo

 

8. oktober kl. 12.00 - Avsluttingsturnering (18 hol - kr. 200)

Premiering i Stableford og brutto klassar.

logo voldagolf

 

Om veret tillet det så vert det Lauvfall I, Lauvfall II, osb. utover hausten til vi stenger for sesongen. Dette vert 18 hols turneringar. Meir info om det vert aktuelt.

 

 

 

I øs pøsande regn så stilde 15 tøffe spelarar til SkOlsen Tour 8. Den beste av dei tøffe var Petter Hansen som gjekk på -3. Bak Petter kom Jan Egil Gretland på -2, Dag Tore Hagen på -1 og Andreas Nupen, Kenneth Rusten og Kristian Sekkeseter Strand gjekk på par.

2023 08 09 20.25.10

Dag Tore Hagen, Andreas Nupen, Petter Hansen (vinnar) og Jan Egil Gretland.

Resultat SkOlsen Tour 8

Det var også 20 deltakarar denne onsdagen som deltok på SkOlsen 18-hols Scramble. Deltakarane vart delt i fem lag med fire på kvart lag. Vinnarane av turneringa var laget med Andreas Nupen, Petter Hansen, Torleif Remme og Jarle Nes. Dei gjekk på heile -15. Dei hadde 8 birdiar og 1 Eagle. Eaglen kom på hol 6 og det var Andreas som stod for både utslaget og putten. Vi har dessverre ikkje bilde av vinnarlaget.

Resultat SkOlsen 18 hol scramble

SkOlsen logo

Det var 20 deltakarar med på onsdagens turnering. Olav Trandal og Harald Indresøvde gjekk begge på -2, men Olav Trandal tok førsteplassen med lågare handicap. Bak Olav og Harald var det tre stykker på delt tredjeplass. Jan Egil Gretland, Joar Voldsund og Kenneth Rusten gjekk alle på -1.

I grøntkortklassa var det Herman Hvale som tok sigeren på +6.

2023 07 26 20.23.12

Herman Hvale (vinnar GK), Harald Indresøvde, Jan Egil Gretland, Kenneth Rusten, Joar Voldsund og Olav Trandal (vinnar)

Resultat SkOlsen Tour 7

Resultat SkOlsen Tour 7 GK

Selje golfpark feirar 25 år i 2023. Klubben har derfor valt å kombinere klubbmeisterskapen med ei jubileumsturnering laurdag 12.august. Det blir også konkurranse om «longest drive» og «closest to pin». Vi ønsker medlemmar frå våre naboklubbar hjartelag velkommen! Info og påmelding finner man i Golfbox.

Det blir taler, festligheiter med grillmat, musikk og noko å drikke attåt (medbrakt). Vi planleggar å sette opp eit telt, slik at vi kan være der utover kvelden. Selje Camping ligger rett ved vist nokon ønskjer overnatting, samt at Frimansbuda og Selje Apartment driver utleige.

Foto: Selje golfklubb

Selje golfklubb

Berre 10 spelarar stilde til start på SkOlsen Raud 2023. Her går alle spelararane frå raudt utslag og ein må tenkje litt annleis med tanke på kva køller ein skal nytte. Kombinasjonen ferietid og pissregn er ikkje av dei beste, men dei som stilde kosa seg og spelte bra trass dårleg ver. Best av alle var Joar Voldsund som gjekk på -3. Johan Liadal og Kristian Sekkeseter Strand delte andreplassen på -1. Tre spelarar delte fjerdeplassen på +1, men det vart berre premie til Jan Egil som har lågast handicap.

 

2023 07 19 21.47.20

Kristian Sekkeseter Strand, Jan Egil Gretland, Joar Voldsund (vinnar) og Johan Liadal

Resultat SkOlsen raud

19 spelarar stilde med to køller pluss putter. Den som velde rette køllene og brukte færrast slag var Torleif Remme som gjekk på +3. Bak Torleif kom Svein og Arnfinn på +4 og delte andreplassen. I grøntkortklassa var det  Amir Muric som tok sigeren med -3.

Konklusjonen etter turneringa var at det var mykje med 18 hol og to køller, så vi kjem til å endre denne turneringa til 9 hol til neste sesong.

Resized 20230705 222426

Torleif Ola Remme (vinnar), Svein Aasen og Arnfinn Strande

Resultat 2 kølle

Resultat 2 kølle GK

Veldig gøy at vi stabiliserer oss på rundt 30 deltakarar på onsdagsturneringane. Denne kvelden var vi 32 som var påmeldt. I det vi skulle gå ut så stilna vinden og det begynte å dryppe litt, så det var eit eldorado for knotten. Er usikker på om det var knotten eller om det var Idar Rebbestad som var mest nøgd denne kvelden, men Idar tok ein klar siger på -6. Nærast Idar var Torleif Remme på -3. På delt 3. plass på -2 var Per Arve Hovde, Kai Are Strande og Marius Ryste Skjeret. Petter Hansen med lågast handicap av dei seks som delte 6. plassen var siste som fekk premie. 

Neste onsdag er det SkOlsen to-kølle. Då får du berre ta med deg to køller på runda i tillegg til putteren. Vel møtt!

2023 06 28 20.45.07

Torleif Remme, Per Arve Hovde, Marius Ryste Skjeret, Idar Arne Rebbestad (vinnar), Kai-Are Strande og Petter Hansen

 

Resultat SkOlsen Tour 5 1

Resultat SkOlsen Tour 5 2