Bana er opa 

Veldig gøy at vi stabiliserer oss på rundt 30 deltakarar på onsdagsturneringane. Denne kvelden var vi 32 som var påmeldt. I det vi skulle gå ut så stilna vinden og det begynte å dryppe litt, så det var eit eldorado for knotten. Er usikker på om det var knotten eller om det var Idar Rebbestad som var mest nøgd denne kvelden, men Idar tok ein klar siger på -6. Nærast Idar var Torleif Remme på -3. På delt 3. plass på -2 var Per Arve Hovde, Kai Are Strande og Marius Ryste Skjeret. Petter Hansen med lågast handicap av dei seks som delte 6. plassen var siste som fekk premie. 

Neste onsdag er det SkOlsen to-kølle. Då får du berre ta med deg to køller på runda i tillegg til putteren. Vel møtt!

2023 06 28 20.45.07

Torleif Remme, Per Arve Hovde, Marius Ryste Skjeret, Idar Arne Rebbestad (vinnar), Kai-Are Strande og Petter Hansen

 

Resultat SkOlsen Tour 5 1

Resultat SkOlsen Tour 5 2

Par-tre turneringa er ei av dei artigaste turneringane gjennom året. Då får turneringsnemda kose seg med å gjere alle hola om til par-tre hol. Det er to utslag mot kvar green og lengda varierer frå 5 m til 135 m.

Nærspelskongen i 2023 vart Rune Strømmen som gjekk likt med Sindre Kalvatn men vart dømt foran med lågare handicap. Desse to gjekk på -5. Tore Skåltveit kom inn eit slag bak vinnarane på -4. Olav Trandal og Are Myklebust kom inn på 4. og 5. plassen på -2.

2023 06 21 21.02.50

Sindre Kalvatn, Rune Strømmen (vinnar), Olav Trandal, Tore Skåltveit og Are Myklebust

Resultat par tre

 

 

I strålande sommarver møtte 28 golfarar til årets fjerde SkOlsen Tour. Arnfinn Strande tok ein klar siger med -4. Bak Arnfinn kom Jan Gundersen på -2. Den gamle ringreven Rune Strømmen og den meir ferske Eirik Saure delte tredjeplassen med far Anders Kalvatn og son Sindre Kalvatn. I grøntkortklassa var det Svein Andreas Sporsheim som tok sigeren på +1.

2023 06 14 20.47.28

Eirik Saure, Rune Strømmen, Arnfinn Strande (vinnar), Jan Gundersen og Svein Andreas Sporsheim (vinnar GK)

Resultat SkOlsen Tour 4

Resultat SkOlsen Tour 4 GK

18 spelarar stilde til SkOlsen flaggturnering. Dei første flagga begynte å dukke opp rundt green på hol 16, så kom dei tettare på hol 17, medan flesteparten sette igjen flagget sitt på hol 18. To spelarar starta på tredjerunda og sette igjen flagget sitt på hol 19. Lengst kom Jarle nes som var 45 meter frå flagget på hol 19. Kenneth Rusten kom bak på 225 meter. Tredjeplassen gjekk til Johan Liadal som var i holet på hol 18.

 Hol 19    
 1 Jarle Nes 45 m 
 2 Kenneth Rusen 225 m 
 Hol 18    
 3 Johan Liadal i holet 
 4 Jan Egil Gretland 30 cm
 5 Kai-Are Strande 56 m 
 6 Kristian Sekkeseter Strand 78 m 
 7 Gunnar Inge Eikrem 130 m
 8 Helge Eltvik 183 m
 9 Are Myklebust 188 m
 10 Olav Trandal 228 m
 Hol 17    
 11 Dag Tore Hagen i holet
 12 Joar Voldsund 20 cm
 13 Andreas Nupen 7 M
 14 Torleif Remme 15 m
 15 Jan Gundersen 33 m
Hol 16    
 16 Petter Hansen 20 cm
 17 Arnfinn Strande 50 cm
 18 Jostein Digernes 5 m

 

2023 06 07 22.13.33

På grunn av arbeid på greenane så vert bana stengt frå kl. 16.

Mest truleg så startar arbeidet noko tidlegare, så vis omsyn om du kjem opp i dugnadsgjengen før kl. 16. Om du har mulighet til å vere med å hjelpe til, så tek du kontakt med Rune Strømmen på 95703820.

Arbeid på green

Andreas Nupen var forrige helg i Trøndelag og gjekk Narvesen Tour på Byneset GK på laurdag og Stiklestad GK på Søndag. Han kom heim med gode resultat frå begge banene. Han var vinnar i nettoklassen begge stadar og nummer 3 i bruttoklassen også begge stadar.

Byneset GK netto

Resultat NT Byneset netto

Byneset GK brutto

Resultat NT Byneset bruttoPNG

Stiklestad GK netto

Resultat NT Stiklestad netto

Stiklestad GK brutto

Resultat NT Stiklestad brutto

received 272346181835193

received 266673339153616

I SkOlsen Tour 3 så var det dei yngste og eldste som kom på pallen. Andreas Nupen gjekk ei veldig god runde på heile -6. Bak han kom Joar Voldsund og Sindre Kalvatn på -4. Eldstemann Svein Aasen gjekk som vanleg veldig godt og kom inn på -3. I Grøntkort klassa så var det Stian Gaudestad og Lukas Johansen som kjempa om sigeren. Stian var hakket kvassare denne kvelden og gjekk på +4.

Vi har sett ein tendens i år at fleire er med på turneringane. Fleire turneringa har vi vore rundt 30 deltakarar som er veldig kjekt.

 

Resized 20230531 202442

Sindre Kalvatn, Andreas Nupen (vinnar), Stian Gaudestad (vinnar GK), Joar Voldsund og Svein Aasen

Skolsen Tour 3

Resultat SkOlsen Tour 3 GK

20 spelarar møtte på SkOlsen Fourball og vart fordelt på 10 lag. Begge spelarane spelar på sin ball og beste score innad i laget på kvart hol vert ståande som teljande. Vinnarlaget var Torleif Remme og Jostein Digernes på -4. Bak dei var det fire lag på -3. Kristian Strand og Petter Hansen hadde lågast handicap og vart dømt til andreplassen og fekk premiar frå SkOlsen.

2023 05 24 20.14.49

Torleif Remme (vinnar), Jostein Digernes (vinnar), Kristian Sekkeseter Strand og Petter Hansen

Resultat SkOlsen Fourball

 

 

Andreas Nupen er teken ut til Team Norway Future Camp som er satsinga NGF har for ungdom mellom 13 og 15 år. Forrige helg deltok han på samling i Kristiansand og gjekk Srixon Tour på Bjåvann golfklubb. Denne helga var det konfirmasjon på laurdagen og Narvesen Tour på Solnør på søndagen.

Det vert spennande å følgje med utover sesongen.

Andreas Srixon Tour

Andreas på Srixon Tour på Bjåvann golfklubb