Bana er opa 

Avsluttingsturneringa

Avsluttingsturneringa gjekk forbausande nok i "fint" haustver og dei heftige regnbygene som har vore i heile haust heldt seg borte. Det var konkurrert i både Stableford og brutto klasse. Jan Egil Gretland var i ei eiga klasse og vant både Stableford og brutto. Han gjekk på 72 slag som var 8 slag betre enn Johan Liadal og Robert Graham som kom på 2. og 3. plass. I Stableford klassa så var det også Robert Graham som var nærast. Han var eit poeng bak Jan Egil som gjekk på 39 poeng. Jostein Digernes tok 4. plassen og Per Heltne 5. plassen, begge på 36 poeng. 

Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Det var ingen som tok lengste utslag frå raudt utslag då ingen av dei landa i fairway. Frå gult utslag så var det heilt likt mellom Rune Strømmen og Kai-Are Strande som delte denne. Nærast pinnen var Robert Graham.

Vermeldingane ser dårlege ut framover så det kan spøke for Lauvfall turneringane og nattgolfen. Om dei vert arrangert så vert det lagt ut melding om det både her og på Facebook.

2023 10 08 16.24.20

Jostein Digernes, Kai-Are Strande, Robert Graham, Rune Strømmen og Jan Egil Gretland (Vinnar brutto og Stableford)

Stableford

Resultat avsluttingsturneringa