Til vanleg kjempar Andreas Nupen og Marius Søvik Hjelle om sigeren i Narvesen Touren i region midt, men denne laurdagen var dei på lag i årets siste scramble turnering. Med seg på laget så hadde dei dei to ringrevane Jostein Digernes og Johan Liadal. Dette viste seg å vere ein god kombinasjon. Med 5 birdiar og 4 par, så holdt det til siger på -6. Det skilde berre 2 slag mellom første og sisteplassen så det var ei meget jamn turnering.
Neste laurdag er det siste turneringa i SkOlsen Touren og helga etterpå er det søndagsturnering der vi har årets avsluttingsturnering over 18 hol med premiering i både Stabelford og brutto klassar. Om veret held seg utover hausten så vert det Lauvfall turneringar i dei påfølgjande helgane. Det er også planlagt ei nattgolfturnering. Vi ser an veret men håper å få til denne på ein fredagskveld enten neste helg eller helga etter.
Vinnarlaget bestod av Jostein Digernes, Johan Liadal, Marius Søvik Hjelle og Andreas Nupen.