Vi er no komen til den tida på året der det er fare for frost. Om du kjenner at bakken er frosen skal du ikkje gå på greenane. Det vil gje skader på graset og fotspora dine vil stå som visna gras til våren. Vi hadde eit tilfelle for eit par år tilbake der eit par syklistar hadde sykla over green 3 og 8. Spora dei laga var synlege nesten heile sesongen etterpå. Det er difor viktig at de respekterer dette.
Vi vil gjere vurderingar framover om når vi stenger greenane for sesongen. Då vert flagga fjerna og det vert sett opp vintergreenar.