Bana er opa 

Klubbmesterskapet 2024

Helga 24. og 25. august så arrangerer dei fleste golfklubbane i landet klubbmesterskap. Det skal kårast ein klubbmester herre og ein klubbmester dame. I tillegg kan klubbane arrangere klubbmesterskap i andre klassar. Vi i Volda golfklubb har klassene Junior, vaksen, senior og eldre senior. I tillegg så konkurrerer alle i stableford klassa. Klubbmesterskapet går over to dagar der  ein speler 18 hol kvar dag. 

I år var det veldig jamt og etter dag 1 så skilde det eitt slag mellom dei fire beste i kampen om å bli klubbmester for herrer. Jan Egil Gretland og Lars Kåre Vikestrand gjekk første dag på 71 slag og Andreas Nupen og Ole Magnus Orlien gjekk på 72 slag. Det var jamt ganske lenge, men Ole Magnus hadde birdie på hol 13, 14, 15 og 16 og med det fekk eit lite forsprang som han holdt heilt inn. Ole Magnus vart med det klubbmester herrer for 15. gong.

I dameklassa så gjekk Iben Louise Hansen på 90 slag på dag 1 og 85 slag på dag 2. Med totalt 175 slag vart ho klubbmester dame.

I junior klassa så var det Andreas Nupen som vant på 146 slag. Han var lenge med i kampen om å bli klubbmester herre men enda til slutt nokre slag bak Ole Magnus. Andreas har hatt ein god sesong med spel på Srixon touren der dei beste i aldersbestemte klasser er med. Han var også med på lag-NM for nokre veker sidan. Han vil nok vere med å gi Ole Magnus kamp om klubbmestertittelen i åra som kjem. I vaksen klassa så var det Ole Magnus som vant med totalt 139 slag. I senior klassa så var det Jan Egil Gretland som vant med totalt 142 slag og var med det nærast Ole Magnus i kampen om å bli klubbmester herre. Jan Egil vant også stableford med 82 poeng. Heile 10 poeng foran nestemann som var Lars Kåre Vikestrand og Kenneth Rusten. I år var det ingen deltakarar i klassa eldre senior.

Det var i tillegg konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Andreas Nuipen var den som slo lengst og Ole Magnus var den som kom nærast pinnen. 

Resultatlistene finn de her

2024 08 25 16.22.56

Andreas Nupen (Klubbmester Jr.), Lars Kåre Vikestrand, Kenneth Rusten, Ole Magnus Orlien (Klubbmester herre (vinnar av vaksenklassa), Iben Louise Hansen (Klubbmester dame) Jan Egil Gretland (klubbmester senior) og Sindre Winjevoll

2024 08 25 14.08.03

Utsikta dei to klubbmesterskapsdagane.

2024 08 24 13.49.21 2

Helge Eltvik fekk ei idrettsskade og kunne dessverre ikkje vere med på klubbmesterskapet, men stilde opp på dag 1 å kokte pølser og steikte vafler til deltakarane. På dag 2 så kokte Joar Voldsund pølser og Roy Inge Nupen stod for serveringa. 

2024 08 25 15.46.35

Andreas puttar på green 18 medan Ole Magnus følgjer spent med.

2024 08 25 15.48.01

Jan Egil set sin siste putt for seier i senior og stableford klassa.

 

2024 08 25 15.48.40 2

Ballen på veg ned i holet for å sikre klubbmesterskap nummer 15.