SkOlsen Tour 11 gjekk i fint haustver. Det var saudesanking og fotballkamp mellom Volda og Ørsta (som Volda vant 3-0), og kanskje andre grunnar til at det var litt få på turnering denne gongen. Det la ingen dempar på spelet til dei frammøtte. Sveinar Øvrelid frå Sunnmøre golfklubb gjekk på -3 og tok sigeren foran Olav Trandal på -2. Joar Voldsund og Svein Aasen gjekk på -1. I Grøntkortklassa var det Isak Hovdenakk Eriksen som tok sigeren på +6.
Heile resultatlista finn de her.
Olav Trandal, Isak Hovdenakk Eriksen (vinnar GK), Joar Voldsund og Sveinar Øvrelid (vinnar)