Bana er opa 

Då startar vi opp igjen med Veien til golf kurs (VTG) for sesongen. Det er ikkje gjort endringar på kurset som i fjor vart tilpassa situasjonen med Covid-19. 

 

Det er framleis slik at du kan sitje heime i ro og mak og ta teoridelen av kurset gjennom eit e-læringskurs. Det er noko tekst men mest videoar som du ser gjennom og svarer på oppgåver knytt til temaet. Den praktiske delen vert gjennomført med ein kveld på treningsområdet vårt og ute på bana med vår trenar Joar Voldsund. Han er der kvar måndag og kan ta med seg 4 - 5 personar kvar gong.

 

Når du har tatt dette kurset og er medlem i ein golfklubb, kan du spele på stort sett alle baner rundt om i verda. Kurset/medlemsavgift kostar kr. 1.500 for vaksne og kr. 600 for barn opp til og med 16 år. Då kan du spele så mykje som du ynskjer på bana vår i Vassbotnen i heile 2021.

 

Kurset er i 2021 sett opp slik:

 

  1. Ta kontakt med Volda golfklubb på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. for påmelding. Klubben sender ut lenke til e-læringskurset som tek for seg teoridelen av kurset.
     
  2. E-læringskurs. Dette kan du ta i fred og ro heime. Omfanget er omlag ein time. Golfforbundet anbefalar at du tek kurset på ei datamaskin slik at du kan ha oppe kursmateriellet der du finn "fasiten" medan du svarar på spørsmåla. Om du svarar feil så får du beskjed om det og kan svare om igjen til du har valgt rett svar. Når du er ferdig med e-læringskurset så får du eit diplom som du sender inn til klubben på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..
     
  3. Praktisk del av kurset. Instruktør frå klubben vil gjennomføre denne delen i lag med inntil fire kursdeltakarar i gongen. Her får du prøve forskjellige typar slag på vårt treningsområde (drivingrange, øvingsgreeen og bunker) i tillegg til spel ute på golfbana. Om du ikkje har golfutstyr så har klubben utstyr du kan låne. Den praktiske delen gjennomfører du på ein kveld.
     
  4. Bestått og betalt kurs gjev kursbevis og medlemsskap i Volda golfklubb. Bestått kurs er gjennomført teoridel og deltakelse på praktisk del av kurset. Det er ingen eksamen eller ferdighetsprøve for å få godkjent kurset.

 

Vel møtt til kurs!

Notteroy VTG 23

I morgon er det årets første 18-hols turnering og tradisjonen tru er det Felleskjøpet som er sponsor på Vårspretten Felleskjøpet Open.

 

Vi har hatt nokre runder i turneringsnemda om korleis vi skal løyse utfordringane med Covid-19 restriksjonane. Vi har vurdert om vi skal avlyse, avgrense til klubbmedlemmer eller avgrense til klubbmedlemmer i Volda og Ørsta. NGF er klare på at det ikkje er tillatt å invitere spelarar frå andre klubbar, så det er utelukka. Anbefalingane er at vi ikkje skal ha arrangement med deltakarar frå andre kommunar. Volda og Ørsta er ein felles bu og arbeidsmarknad og turneringsnemda har konkludert med at det er innanfor å samle klubben sine medlemmer frå Volda og Ørsta til turnering. Det som er dumt er at vi har fått ein del førespurnader utanfrå om å få vere med på turneringa, det gjeld både våre medlemmer og frå andre klubbar. Vi har fått snakka med nokre av dei og avkart at det dessverre på noverande tidspunkt ikkje er mogleg. Paradokset her er at det ikkje er begrensingar på kvar du kjem frå for å gå ei selskapsrunde.

 

Turneringa i morgon vert difor for klubben sine medlemmar frå Volda og Ørsta. Vi kjem til å setje voldingane i lag i flightar for seg og ørstingane for seg. Det er ikkje høve til å gå inn på klubbhuset for andre enn turneringsnemda og kontroll av betaling vert gjort ute. Vi skal vurdere i dag om vi skal ha shotgun start eller kontinuerleg start. Uansett så må alle halde god avstand (som vanleg) under oppvarming på drivingrangen og øvingsgreen. Vi kjem også til å vurdere i løpet av dagen om vi skal opne opp for mobil scoreinntasting. Det må uansett førast scorekort manuelt for kontroll.

 

Vi var i kontakt med goflbox support i går og det er dessverre ikkje mogleg å avgrense geografisk påmeldingane. Det er difor mogleg for alle klubbmedlemmer å melde seg på og så må vi manuelt fjerne dei. Vi kjem då til å ta kontakt med dei vi fjernar.

 

Harald Dalsbø, vår mann frå Felleskjøpet er klar for turnering. Flagg, premiar, m.m. er alt kome på plass på klubbhuset. Så då er det berre for våre medlemmer i Volda og Ørsta å melde seg på. Hugs påmeldingsfrisen som er i kveld klokka 19.00.

 

2021 05 07 20.43.38

Harald heng opp FK-flagget i går kveld.

Årets første SkOlsen Tour gjekk i flott vårver med heile 24 deltakarar. Ut frå resultata så skulle ein tru at nokre har spelt gjennom heile vinteren. Are Myklebust gjekk på heile -6 med Per Arve Hovde på eit par slag bak. Det var delt tredjeplass på Amund Yksnøy Bergmann og Kristian Strand. Jon Einar Nybøen vann i grønt kort klassa og gjekk i dag på -1.

 

Dei 10 første på resultatlista gjekk på sitt par eller betre. Det var tre nye spelarar med på turneringa i dag som er veldig kjekt. Vi har plass til fleire så det er berre møte opp på onsdagane framover. Neste turnering er Vårspretten Felleskjøpet open på søndag. Det er berre å melde seg på i golfbox allereie no.

 

2021 05 05 20.37.38

Kristian Strand, Jon Einar Nybøen (vinnar GK), Are Myklebust (vinnar), Amund Yksnøy Bergmann og Per Arve Hovde.

 

Resultat SkOlsen Tour 1 2021

Resultat SkOlsen Tour 1 GK 2021

Avtalen mellom Sunnmøre GK og Volda GK om nabomedlemsskap på kroner 1.500,- pr medlem er forlenga og gjeld også denne sesongen. Dette medlemsskapet innebærer fulle spelerettar mot begge klubbar.

Medlemmer som ynskjer å nytte seg av dette må sjølv gå inn på den andre klubben sin nettstad og teikne medlemsskap og vise til avtale og pris. 

Vi trur dette er positivt for våre medlemmer og vil skape meir aktivitet på begge golfbanene.

Ein stor takk til dei om lag 25 som møtte på dugnad i dag. Vi fekk gjort mykje godt arbeid og bana fekk seg eit løft etter vinteren. Det vart dessverre ikkje tatt bilde av dugnadsfolket men nedst så er Johan Liadal avbilda med benkane og borda som han har demontert, høvla, pussa, beisa og montert igjen, i løpet av vinteren. Resultatet vart veldig bra.

 

Etter ei pizzapause så gjekk arbeidarane over i konkuransemodus og var klare for årets første turnering. I dag hadde sjølv Viktor Hovland hatt problem med å hamle opp med Jan Egil Gretland. På ni hol så hadde han 5 birdiar og 4 par. Han tok ein klar siger med 25 poeng. Utan å vere for skråsikker så trur vi at dette må vere banerekord på ei ni-hols runde. Nærast Jan Egil var Svein Andreas Sporsheim som hadde 21 poeng og Per Arve Hovde på 19 poeng.

 

2021 05 01 16.20.20

Per Arve Hovde, Svein Andreas Sporsheim og Jan Egil Gretland (Vinnar)

 

Resultat dugnadsturnering

2021 04 30 19.47.00

Då er terminlista lagt inn i kalenderen på voldagolf.no. Det er mykje likt frå tidlegare år, men vi har lagt inn to grøntkortturneringar for dei som har handicap mellom 36 og 54. Det er også lagt inn ei 27 hols maratonturnering der vi ikkje heilt har landa på formatet. Det vert uansett ei pause i rundene med servering. Svein har fylt 80 år og arrangerer jubileumsturnering 13. juni i formatet foursome.

 

Vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre vil i år arrangere to turneringar. Sparebank 1 Open vert arrangert i midten av juni og den tradisjonelle Sparebank 1 Invitational vert arrangert i slutten på august.

 

SkOlsen er framleis med som sponsor på onsdagsturneringane, SkOlsen Tour og SkOlsen "anna". Prisane for turneringane er uendra i 20021. Det er kr.100 for 9-hols turneringane, kr. 200 for 18-hols turneringane og kr. 1.500 for alle SkOlsen turneringane. Om du veit at du skal gå dei fleste onsdagsturneringane så er det berre å betale inn kr. 1.500  allereie no på Vipps. Nytt av året er at vi også premierer topp 3 samanlagt i bruttoklassen. Då vil dei tre beste i netto-klassen og dei tre beste i brutto-klassen bli premierte på årsmøtet i 2022.

 

Toyota Sunnmøre er også framleis med som sponsor for Matchplay cupen. Vi gjer ingen endringar i år med tanke på gjennomføringa. Med litt korrigeringar i høve gruppespelet i 2019 så gjekk 2020 turneringa veldig greitt. Vi startar gruppespelet i Toyota Sunnmøre matchplay cup i helga 29. - 30. mai. Vi håper å få tatt dei aller fleste matchane i gruppespelet denne helga. Når gruppespelet er ferdig startar vi på sluttspelet og vil stå igjen med ein vinnar ut på hausten.

 

Vi har ikkje høyrt noko om Nordvest Touren men skal klare å finne ein ledig dato om det vert noko av.

 

Webjørn har starta med å legge inn turneringane i golfbox så det er berre å melde seg på. Foreløpig er det lagt opp til 33 turneringar men det er fleire ledige helgar om nokon ynskjer å sponse ei turnering. Turneringsnemda er opne for alle gode forslag.

2020 09 02 19.28.17

Det vert dugnad på laurdag 1. mai frå klokka 11. Det er ein del arbeid som må gjerast for at vi er heilt klar for sesongen. Bunkerane må rakast, plukking av greiner på bana, rake vekk lauv frå teeane, klipping av kratt, m.m. Her er det arbeid for alle.

Vi bestiller pizza og får i oss litt mat før vi startar på turneringa. Dugnadsturneringa er ei ni-hols turnering der startkontigenten er dugnadsinnsatsen tidlegare på dag. 

Vel møtt til ein fin dag i Vassbotnen.

2020 08 14 20.54.33

Det er med stor glede vi kan melde at vi på onsdag opnar greenane for sesongen. Rune melder om god grasvekst og Sindre har i dag slått greenane. Joar vil sette nye hol på onsdag. Når Joar er ferdig så er bana opna for sesongen. 

2021 04 26 19.25.46

Green 9 i dag. Som de ser så er det framleis litt snø igjen på hol 4.

Kortlesaren i ballautomaten er no aktivert. Automaten er testa no i kveld og fungerer fint. Det er ikkje lenger lov å gå ut på drivingrangen å plukke ballar.

2020 05 30 17.30.56

Sakliste til årsmøtet i Volda golfklubb

Digitalt møte fredag 26. mars 2021 klokka 19

KLIKK HER LITT FØR MØTET FOR Å DELTA.

På grunn av smittesituasjonen så har styret bestemt at årsmøtet vert eit digitalt møte. NGF anbefalar at digitale årsmøte vert gjennomført med bruk av Microsoft Teams. Vi kjem på møtedagen til å legge ut lenke til møtet på denne sida. sakliste med lenke til dokument finn de under.

Brukarrettleiing på møter i Teams frå Norges Idrettsforbund. Om du har spørsmål til Teams eller gjennomføringa av det digitale møtet er det berre å ta kontakt med Olav.

 

1. Opning ved styreleiar

2. Godkjenne dei som har røysterett

3. Val av møteleiar og referent

4. Val av 2 personar til å skrive under protokollen

5. Godkjenning av innkalling

6. Godkjenning av sakliste

7. Godkjenning av forretningsorden

8. Styret si årsmelding for 2020

9. Revidert rekneskap for 2020 - Melding frå Kontrollutvalet

10. Behandle eventuelle forslag og saker

  • Ingen saker er meldt inn innen fristen.

11. Fastsette medlemskontingent/prisar for 2021

12. Vedta budsjett for 2021

13. Handsame organisasjonsplanen til klubben

14. Val

15. Premiering og takk

16. Avslutning