Bana er opa 

I samsvar med lov for Volda Golfklubb § 14 pkt. 3 kallar vi med dette inn til årsmøte fredag 26. mars 2021. Vi kjem tilbake med klokkeslett og møtestad.

Vi håpar på å få til eit fysisk møte, men om koronarestriksjonar tilseier det vert det eit nettmøte.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument vil bli tilgjengelege på www.voldagolf.no seinast ei veke før årsmøtet. 

 

Innkallinga er sendt ut på e-post til alle medlemmer. Om du ikkje har fått det tilsendt må du sjekke om eposten har hamna i søppelpost. Om den ikkje er å finne må de ta kontakt med Peder Barstad for å eventuelt få endra kontaktinformasjon i Golfbox.

Nok ein søndag med flott "vinterver". 14-15 grader og heile 21 golfarar i aksjon. Svein Andreas Sporsheim gjekk på heile 45 poeng og tok med det sigeren i Lauvfall V. Bak Svein kom Rune Strømmen og Jostein Digernes, begge med 39 poeng. Fjerdeplassen tok Svein Aasen med 37 poeng.

 

Veret ser ikkje heilt lovande ut med tanke på Lauvfall VI neste helg men vi får sjå an veret og tek beslutninga seinare i veka.

 

Takk igjen til Jass Maritime for premiar til Lauvfall turneringane.

 

2020 11 15 15.09.16

Svein Andreas Sporshiem (vinnar), Rune Strømmen, Jostein Digernes og Svein Aasen

 

Resultat Lauvfall V 2020

SmallLogo

I midten av september så hadde vi besøk av Student-TV frå Høgskulen i Volda som laga ein reportasje om golf. Sjå filmen nedst i artikkelen. Takk til Morten som ein god ambassadør for Volda golfklubb som sporty stilde opp.

 

Tekst frå Student-TV:

Dette er første av forhåpentlegvis mange episodar av vår eigen lille miniserie: Student-TV tester!

I denne episoden testar vi golf saman med fritidsgolfer Morten Tjessem Våge på Volda golfklubb si utruleg vakre golfbane. Det blir opplæring, konkurransar og golftips, medan vi badar i sol blant vakre naturomgjevnadar!

Takk til:
Morten Tjessem Våge (gjest)
Volda golfklubb (utstyr)
Epidemic Sound (musikk)

  

Mildveret held fram til stor glede for oss som er glade i golf. Så langt tilbake som vi har brukt Golfbox til turneringar så er det ikkje registrert så mange Lauvfall turneringar etter avslutningsturneringa som i år. Det var eit år det vart arrangert to Lauvfall turneringa og no er vi oppe i fire. Berre eit år tidlegare har vi hatt turnering i november og i år har vi hatt to. Det ser heller ikkje ut som mildveret har tenkt å gi seg så de skal ikkje sjå vekk frå at det vert arrangert Lauvfall V neste helg. Det vert spennande å sjå om vi kan spele heilt fram til jul.

 

I dag var det Per Kristian Langlo som gjekk aller best med heile 40 poeng. Olav Trandal tok andreplassen med 37 poeng. Are Myklebust var strålande nøgd med sin tredjeplass som var på par (36 poeng) og Jan Egil Gretland på fjerdeplass med 35 poeng. Det har vore ei fin auke i tal på spelarar frå gong til gong i Lauvfall turneringane og i dag var det heile 20 spelarar med.

 

Ein stor takk til Jass Maritime for sponsing av premiar til Lauvfall turneringane.

 

2020 11 08 15.11.29

Jan Egil Gretland, Are Myklebust (strålande nøgd med tredjeplassen), Per Kristian Langlo (vinnar) og Olav Trandal

 

Resultat Lauvfall IV 2020

SmallLogo

Med 14-15 grader i november så ramla påmeldingane inn og det var heile 19 stykker som stilde til start i dagens turnering, Lauvfall III. 

 

Jon Einar Nybøen var den som vant dagens turnering med heile 44 poeng. Jan Trygve Gretland tok andreplassen med 39 poeng. Peder Barstad har kvilt seg i form i haust og tok tredjeplassen på 38 poeng. Lars Olav Winjevoll tok fjerdeplassen med 37 poeng.

 

Vermeldingane til Yr ser bra ut for neste helg men Storm har ikkje så bra ver, så følg med på Golfbox om vi legg ut Lauvfall IV.

 

Takk til Jass Maritime for premiar til Lauvfall turneringane.

 

20201101 151246

Peder Barstad, Jan Trygve Gretland, Jon Einar Nybøen (vinnar) og Lars Olav Vinjevoll

  

Resultat Lauvfall III 2020

SmallLogo

Jan Egil Gretland hadde hole in one i dagens Lauvfall turnering. Med eit sjuarjern slo han rett i koppen på hol 11. Gratulerer!!

 

Jan Egil HiO 2020

"Finveret" fortset så då vart det ei ny Lauvfall turnering. 10 golfarar var med i Lauvfall II. Ein som verkeleg har begynt å finne haustforma er Jan Egil Gretland som i dag gjekk på heile 42 poeng. Jan Egil klinka til med ein hole in one på hol 11 og har med det heile to hole in one i si golf karriere. Joar Voldsund er ein annan som har ei fin haustform og gjekk på 37 poeng i lag med Sindre Winjevoll. På fjerdeplass kom Helge Eltvik som gjekk på par (36 poeng). Vi ser an veret og lysta og kjem attende med om det vert Lauvfall III.

 Takk til Jass Maritime for premiar til Lauvfall turneringane.

Vinnarane Lauvfall II

Jan Egil Gretland (vinnar), Joar Voldsund, Sindre Winjevoll og Helge Eltvik.

 

Resultat Lauvfall II 2020

 

SmallLogo

Tradisjonen tru når bana er spelbar etter avslutningsturneringa så arrangerer vi turneringa Lauvfall I, II, III, osb. til vi må stenge greenane for vinteren. Dei aller tøffaste golfarane stilde sjølv om snøen låg godt ned i Rotsethornet. Til tross for litt kvitt i fjellet så var det gode speleforhold. Det som kanskje var mest utfordrande var å spele med så mykje klede. Det var ingen som spelde betre enn sitt handicap men Johan Liadal var nærast med 34 poeng tett fulgt av Svein Aasen og Joar Voldsund på 33 poeng. Fjerdeplassen gjekk til Olav Trandal som gjekk på 31 poeng.

Vermeldingane til søndag 25. oktober ser bra ut så då arrangerer vi Lauvfall II, så her er det berre å melde seg på.

 

2020 10 18 15.39.24

Joar Voldsund, Olav Trandal, Johan Liadal (vinnar) og Svein Aasen

 

Resultat Lauvfall I 2020

2020 10 18 11.47.06

Heile gjengen før utslag på hol 1

 

2020 10 18 12.10.25

Rune Strømmen er klar til å slå inn på green 3 medan Joar Voldsund inspiserer svingen til Rune. Jan Egil Gretland plukker oppslegen torv og legg den fint på plass.

Vi er no komen til den tida på året der det er fare for frost og spesielt nattefrost. Vi kjem difor til å sette blokkering i golfbox på tidspunkt som vi ikkje ynskjer at det skal vere spel på greenane. Sjølv om vi ikkje har blokkert tidspunkt så skal det sjølvsagt ALDRI spelast på greenane om det er frost.

 

Vi vil gjere vurderingar framover om når vi stenger greenane for sesongen. Då vert flagga fjerna og det vert  sett opp vintergreenar.

 

800px Frozen grass