Bana er stengt 

Turneringar 2021

Då er terminlista lagt inn i kalenderen på voldagolf.no. Det er mykje likt frå tidlegare år, men vi har lagt inn to grøntkortturneringar for dei som har handicap mellom 36 og 54. Det er også lagt inn ei 27 hols maratonturnering der vi ikkje heilt har landa på formatet. Det vert uansett ei pause i rundene med servering. Svein har fylt 80 år og arrangerer jubileumsturnering 13. juni i formatet foursome.

 

Vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre vil i år arrangere to turneringar. Sparebank 1 Open vert arrangert i midten av juni og den tradisjonelle Sparebank 1 Invitational vert arrangert i slutten på august.

 

SkOlsen er framleis med som sponsor på onsdagsturneringane, SkOlsen Tour og SkOlsen "anna". Prisane for turneringane er uendra i 20021. Det er kr.100 for 9-hols turneringane, kr. 200 for 18-hols turneringane og kr. 1.500 for alle SkOlsen turneringane. Om du veit at du skal gå dei fleste onsdagsturneringane så er det berre å betale inn kr. 1.500  allereie no på Vipps. Nytt av året er at vi også premierer topp 3 samanlagt i bruttoklassen. Då vil dei tre beste i netto-klassen og dei tre beste i brutto-klassen bli premierte på årsmøtet i 2022.

 

Toyota Sunnmøre er også framleis med som sponsor for Matchplay cupen. Vi gjer ingen endringar i år med tanke på gjennomføringa. Med litt korrigeringar i høve gruppespelet i 2019 så gjekk 2020 turneringa veldig greitt. Vi startar gruppespelet i Toyota Sunnmøre matchplay cup i helga 29. - 30. mai. Vi håper å få tatt dei aller fleste matchane i gruppespelet denne helga. Når gruppespelet er ferdig startar vi på sluttspelet og vil stå igjen med ein vinnar ut på hausten.

 

Vi har ikkje høyrt noko om Nordvest Touren men skal klare å finne ein ledig dato om det vert noko av.

 

Webjørn har starta med å legge inn turneringane i golfbox så det er berre å melde seg på. Foreløpig er det lagt opp til 33 turneringar men det er fleire ledige helgar om nokon ynskjer å sponse ei turnering. Turneringsnemda er opne for alle gode forslag.

2020 09 02 19.28.17