Søndag 9. mai hadde vi årets første 18-hols turnering, Vårspretten Felleskjøpet Open. Vår gode samarbeispartner Felleskjøpet har vore fast sponsor for denne turneringa i ei årrekke. Felleskjøpet er vår leverandør av klipparar, gjødsel, sprøytemiddel, m.m.
På grunn av smittevernreglar så måtte vi dessverre seie nei til fleire spelarar denne søndagen, men dei 21 som deltok så var det veldig god stemning. Best steming var det nok i familien Dalsbø, der Håvard Dalsbø gjekk av med sigeren på -4. Far og arrangør Harald tok tredjeplassen på par. Innimellom dei var det ein gjengangar på sigerspallen, Jan Egil Gretland som også gjekk på par. Fjerdeplassen gjekk til Petter Hansen som gjekk på +1. Det var også konkurrert i nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Nærast pinnen var Per Kristian Langlo som var om lag 3 meter frå flagget. Lengste utslag var det Per Arve Hovde som hadde.
Før turneringa starta så hadde Harald Inge Dalsbø frå Felleskjøpet ein liten presentasjon av Felleskjøpet.
Petter Hansen, Jan Egil Gretland, Håvard Dalsbø (vinnar), Harald Dalsbø, Per Kristian Langlo (nærast pinnen) og Per Arve Hovde (lengste utslag)
Kristian Strand skal slå ut frå tee 1.