Eiksund, Nupen og Trandal nytta fineveret til ein tur til ein av naboklubbane våre, Stranda golfklubb. På hol 5 så slo Kjetil Eiksund rett i koppen. På det 163 meter lange holet brukte han ein firar hybrid.
Eiksund, Nupen og Trandal nytta fineveret til ein tur til ein av naboklubbane våre, Stranda golfklubb. På hol 5 så slo Kjetil Eiksund rett i koppen. På det 163 meter lange holet brukte han ein firar hybrid.
På søndag klokka 12 så arrangerer Volda golfklubb for fyrste gong ei turnering som er berre for dei med 36 til 54 i handicap (som vanlegvis vert definert som grøntkortklassa). Det har vore eit ynskje at vi skal arrangere ei slik turnering så vi håper at flest mogleg melder seg på. Vert dette ein suksess så vil vi arrangere fleire slike turneringar framover.
Turneringa går over 9 hol (front) og det er utslag frå raudt. Turneringsavgifta er på kr. 100. Det er fine premiar til vinnarane.
Klikk her for å kome til turneringa og påmelding.
Ta kontakt med Olav om du ikkje får til å melde deg på, så legg vi deg inn manuelt.
Då er vi endeleg klare for å ta opp bestilling av golfklede. Det er TS-Bekledning ved Thomas Strand som er leverandør av kleda. Vi har valgt å gå for Callaway og Galvin Green som er godt kjende merker på golfklede og utstyr. Det er enormt mange variantar av kleda men vi har plukka ut eit utval i samråd med Thomas. På grunn av Koronasitusasjonen så er det noko utplukka av storleikar og fargar på piqueane. Dei fargane som ikkje er råd å få tak i er fjerna frå bestillingsskjemaet. Vi har også tatt med den populære softshell jakka som vi har hatt med tidlegare då det har vore fleire spørsmål etter den jakka.
Om du har spesielle ynskjer så skriv du det ned i kommentarfeltet heilt nedst. t.d. om du ikkje ynskjer logo på nokre av produkta Bilda er kanskje litt små og vanskeleg å sjå. Du kan då klikke her for å gå til katalogen og bla deg fram til produkta og zoome inn. Thomas er leverandør av Callaway og kan kanskje ordne andre produkt i katalogen om du spør fint.
Nokre av produkta og nokre storleikar er råd å prøve på klubbhuset. Vi held ope der innimellom ved turneringa o.l. Om du ynskjer å sjå og prøve så kan du ta kontakt med Olav eller Per Arve så kan vi låse opp. Vi er stort sett i Vassbotnen dagleg.
Har du spørsmål om kleda så er det berre å ta kontakt med Thomas på epostadressa
Då er alle matchane i gruppespelet i årets Toyota Sunnmøre Matchplay cup spelt.
Det var mange tette matchar og i fleire av gruppene så var det ikkje klart kven som gjekk vidare til kvartfinalen før siste match var spelt.
Matchane i kvartfinalen vert spelt slik:
Webjørn Yksnøy Bergmann - Johan Liadal
Peder Barstad - Olav Trandal
Per Arve Hovde - Harald Indresøvde
Are Myklebust - Per Kristian Langlo
Vi er no godt i rute men det er lov å starte på kvartfinalematchane når det passer for spelarane.
Resultata i gruppene:
24 deltakarar gjekk SkOlsen Tour 3. Rune Strømmen, Dag Tore Hagen og Per Heltne gjekk alle på -2 og delte førsteplassen men Rune tok sigeren med lavast handicap. Johan Liadal gjekk på -1 og tok fjerdeplassen Sigfred Spissøy vant Grøntkort klassa på -1.
Sigfred Spissøy (Vinnar GK), Dag Tore Hagen, Rune Strømmen (Vinnar), Johan Liadal og Per Heltne.
Opningshelga i Toyota Sunnmøre Matchplay cup har gått i strålande sommarver. Omlag 2/3 av matchane i gruppespelet er gjennomført på dei to første dagane. Det har vore mykje godt spel og mange jamne matchar. Gruppe 3 er ferdigspelt og Per Arve og Per Kristian har gått vidare til sluttspelet. I dei andre gruppene er det fortsatt heilt ope.
Sosialt og kjekt mellom matchane.
Då startar vi med gruppespelet og trekninga vart slik:
Klikk her for å sjå fortløpande resultat etterkvart som dei vert meldt inn.
Då nærmar det seg oppstart av Toyota Sunnmøre Matchplay Cup. Vi har utsett oppstarten ei veke då turneringane denne veka kom litt tett.
Vi hadde i vinter ei undersøking som gjekk på turneringane og de fekk kome med tilbakemeldingar, også på Matchplay cupen. Alle bortsett frå to som var usikre meinte vi burde fortsette med gruppespel. Det var nokre endringar de ynskte og dei har vi tatt med i dei reviderte reglane under. Bl.a. minus poeng for tal hol ned og faste motstandarar frå gruppespel til sluttspel der vinnar i gruppe 1 møter nummer 2 i gruppe 2, osb. slik at ikkje gruppevinnarane spelar mot kvarandre.
Då er det berre å melde seg på!
Reglar for Toyota Sunnmøre Matchplay cup
Gruppespel
Sluttspel
Sluttspelet skal spelast over 18. hol med fullt spelehandicap
Kvartfinalane vert spelt frå 15. juni til 30. juni
Semifinalane vert spelt frå 1. juli til 15. august
Finalen og bronsefinalen vert spelt frå 15. august til 1. september
Avvik frå oppsett plan må avtalast med turneringsnemda.
resultatet etter kvar match i sluttspelet kan de sende som tidlegare til Webjørn Yksnøy Bergmann som vil oppdatere resultata i Golfbox.
På tredje forsøk så klarte vi å finne ein dag det ikkje var snø og vi fikk arrangert Vårspretten Felleskjøpet Open før det vart Sommarspretten. Heile 36 golfarar var med på turneringa. Svein Solum er ivrig å trene og er nesten dagleg i Vassbotnen. I dag så fekk han utteljing for innsatsen og gjekk på heile -5. Ole Magnus Orlien har ikkje fått spelt så mykje i det siste men satte truleg banerekord i dag på 67 slag og tok andreplassen med -2. Jan Egil Gretland er som vanleg stabil og gjekk inn på tredjeplassen også han på -2. Tore Naustdal frå Nordfjord golfklubb tok fjerdeplassen på -1. I Grøntkort klassa så var det ein deltakar. Det var Svein Andreas Sporsheim som gjekk på par.
Det var også konkurrert i nærast pinnen på hol 7/16 og lengste drive på hol 18. Per Heltne var nærast pinnen, omlag 2 meter frå holet. Kristoffer Trandal hadde lengste driven på hol 18.
Ein stor takk til banemannskapet som stilde bana i veldig god stand til turneringane i går og i dag.
Jan Egil Gretland, Kristoffer Trandal, Ole Magnus Orlien, Svein Solum (Vinnar), Tore Naustdal og Harald Dalsbø (Sponsor) |
Kenneth Rusten siktar seg inn mellom trea på utslag 1. Trond Are Ryste og Webjørn Yksnøy Bergmann ventar på tur.
|
Etter ei lang periode med snø var det godt å kome i gang igjen med turnering. 27 spelarar deltok i kveldens turnering. Det var Olav Trandal og Jan Erik Myklebust som gjekk best med -2. Heile 5 spelarar gjekk på -1 og delte tredjeplassen. Svein Andreas Sporsheim vant igjen grøntkort klassa.
Nokre av vinnarane frå SkOlsen Tour 1 og SkOlsen Tour 2. Frå venstre Olav Trandal (vinnar SkOlsen Tour 2), Sindre Winjevoll, Jan Egil Gretland, Rune Strømmen, Johan Liadal og Harald Indresøvde (Vinnar SkOlsen Tour 1).
Page 22 of 50