Bana er opa 

Denne onsdagen gjekk alle spelarane på raudt utslag. Dei aller fleste spelar vanlegvis på gult utslag og måtte tenke heilt nytt i høve val av linjer og lengder. Halvor Pettersen som er heime på ferie frå Bergen gjekk på heile -7 og fekk ei kraftig nedskriving med seg på vegen tilbake til Bergen. 

2019 07 24 22.13.46 2
Leon Myrvåg, Håvard Dalsbø, Halvor Pettersen (Vinnar) og Olav Trandal
 
Resultat SkOlsen raud
 

 

 

Det er kjekt å sjå ukjende spelarar på bana vår frå inn og utland. At enkelte kjem igjen fleire dagar på rad tyder på at dei trivest i Vassbotnen. Banemannskapet vårt gjer ein framifrå jobb og held bana i veldig god stand. Dei siste brune flekkane på green 4 og 7 har fått fine grøne striper med gras etter Rune sitt siste kjøp, ei Verti Seed såmaskin. Det er nok ikkje lenge før alt er grønt og fint. Pass på at de ikkje trakker på desse områda så det får fred til å gro.

Ein del av våre fjernmedlemmer kjem heim på ferie for å spele golf., noko som er veldig hyggeleg. Vi minner på at fjernmedlemmene også må betale greenfee. Dette gjeld også sjølv om dei har andel.

Vi har eit godt samarbeid med vår naboklubb Sunnmøre golfklubb og har ein avtale om nabomedlemsskap. Dvs.at våre medlemmer kan melde seg inn i Sunnmøre golfklubb for kr. 1.500 og spele så mykje ein ynskjer på bana deira og omvendt. Vi vil oppmode deg om å nytte deg av dette tilbodet.

Har du kjende som ynskjer å starte med golf så bør du nytte deg av kampanjen "Ta med ein venn". Du brukar registreringsskjemaet som ligg i klubbhuset så kan du ta med deg ein ven ut på bana å spele ei runde.

Vi satsar på eit nytt Veien til golf kurs i august. Det kjem meir informasjon når vi har fått spikra dato for kurset.

Med ynskje om ein fortsatt god golf-sommar

Olav Trandal
Leiar Volda golfklubb

 

 

Halvvegs i SkOlsen Tour 2019 er det Sindre Winjevoll og Rune Strømmen som deler førsteplassen om samanlagtsigeren med 172 slag. Lars Kåre Vikestrand er tre slag bak på tredjeplassen. Det er no elleve spelarar som har spelt meir enn fem turneringar (av seks) og har eit teljande samanlagtresultat. Det er dei fem beste turneringane som er teljande.

SkOlsen Tour 2019 oom 1 6

24 deltakarar var med på SkOlsen Tour 6 i godt og varmt sommarver. Olav Trandal og Kai Rune Bjørke gjekk begge på -2 og delte førsteplassen. Det var heile fem stykker som delte tredjeplassen og gjekk på par. Reglane på SkOlsen Touren er at den med lågast handicap vert dømd fremst og då var det Helge Eltvik og Per Heltne som fekk premiar denne gongen. Det var også gledeleg å ha med ein spelar i Grønt kort klassa. Det var Svein Andreas Sporsheim som gjekk av med sigeren der.

Det var veldig jamt denne kvelden. Det skilde berre 7 slag frå vinnarane og ned til sisteplassen.

2019 07 17 20.37.10 2
Per Heltne, Helge Eltvik, Olav Trandal, Svein Sporsheim og Kai Rune Bjørke
 
Resultat SkOlsen Tour 6
Resultat SkOlsen Tour 6 GK

 

Då har vi trekt kvartfinalane i Toytota Sunnmøre Matchplay cup.

Kvartfinale 1
Joar Voldsund - Jan Egil Gretland

Kvartfinale 2
Sindre Winjevoll - Per Kristian Langlo

Kvartfinale 3
Torstein Akslen Lianes - Lars Kåre Vikestrand

Kvartfinale 4
Terje Kalvatn - Are Myklebust

Vi er noko etter skjema og kvartfinalane skulle vore ferdigspelt til 7. juli. Men den datoen er forbi og det er ferietid så det kan vere vanskeleg å få til matchar. Vi håper likevel at de kan finne eit høveleg tidspunkt så snart begge er i bygda så vi kan ta inn igjen litt tid. Resultata av matchane skal meldast til Webjørn Yksnøy Bergmann.

Sluttspelet skal spelast over 18 hol med fullt handicap. Vinnaren av kvartfinale 1 skal spele semifinale mot vinnaren av kvartfinale 2 og vinnaren av kvartfinale 3 skal spele semifinale mot vinnaren av kvartfinale 4.

Lykke til!

 

Toyota sunnmre matchplay cup

 

I strålande sommarsol stilde 21 deltakarar til start i SkOlsen flaggturnering. Alle deltakarane fekk utdelt eit "flagg" med namnet sitt på som dei plasserte der dei landa i det dei hadde brukt opp slaga sine. Tildelte slag er bana sitt par som er 70 + tildelte slag ut frå handicap. T.d. Jan Egil Gretland som har 7,5 i handicap får 5 tildelte slag. Han får då 70 + 5 = 75 slag.

Vinnaren Jostein Digernes kom seg heilt til hol 19 og var 6 meter i frå flagget. Nærast Jostein var Jan Gundersen som også kom til hol 19 men var 80 meter i frå flagget. Det vart delt tredjeplass mellom Petter Hansen, Jan Egil Gretland og Helge Eltvik som alle kom seg i holet på hol 18.

2019 07 10 22.42.19 2
Petter Hansen, Helge Eltvik, Jan Egil Gretland, Jostein Digernes (Vinnar) og Jan Gundersen.
 
Plass Namn Flaggplassering
1 Jostein Digernes Hol 19 -6 meter
2 Jan Gundersen Hol 19 -80 meter
T3 Jan Egil Gretland Hol 18
T3 Helge Eltvik Hol 18
T3 Petter Hansen Hol 18
6 Olav Trandal Hol 18 -3 meter
7 Kai Rune Bjørke Hol 18 -10 meter
T8 Torleif Remme Hol 18 -15 meter
T8 Svein Aasen Hol 18 -15 meter
10 Joar Voldsund Hol 18 -55 meter
11 Tore Skåltveit Hol 18 -80 meter
12 Lars Olav Winjevoll Hol 18 -140 meter
13 Idar Arne Rebbestad Hol 18 -230 meter
14 Rune Strømmen Hol 17 - 1 cm
15 Sindre Winjevoll Hol 17 -1 meter
16 Are Myklebust Hol 17 -6 meter
17 Per Kristian Langlo Hol 17 -50 meter
18 Arnfinn Strande Hol 17 -80 meter
19 Bjørn Arve Korsfur Hol 16
20 Trond Are Ryste Hol 16 -50 cm
21 Dagfinn Gjerde Hol 14 -2 meter

 

SkOlsen Tour 5 vart vunnen av Rune Strømmen som gjekk på -3. Andreplassen tok Helge Eltvik på -2. Det vart delt tredjeplass mellom Joar Voldsund og Johan Liadal som begge gjekk på -1.

 

Resultat SkOlsen Tour 5

I SkOlsen par-tre turneringa så vart alle utslaga flytta slik at kvart hol vart eit par-tre hol. Lengda på kvart hol varierte frå omlag 20 meter til omlag 150 meter. Det var Joar Voldsund som var den som mestra nærspelet best denne kvelden og gjekk av med sigeren. Johan Liadal gjekk likt med Joar men på grunn av høgare handicap kom han på andre plassen. Eit slag bak desse kom Svein Aasen. 

2019 06 26 21.09.16 2
 Svein Aasen, Joar Voldsund (Vinnar) og Johan Liadal
 
 Resultat par tre turnering
 

 

Heile 27 spelarar deltok på SkOlsen Tour 4. Det var veldig jamt denne gongen. Fire slag skilde førsteplassen frå 15. plassen. Det var to som delte førsteplassen denne kvelden. Det var Jostein Digernes og Trond Are Ryste. Heile fire stykker delte tredjeplassen. Det var Lars Kåre Vikestrand, Petter Hansen, Svein Aasen og Idar Arne Rebbestad.

 

2019 06 19 20.30.57 2
Petter Hansen, Trond Are Ryste (vinnar), Lars Kåre Vikestrand, Idar Arne Rebbestad, Jostein Digernes (vinnar) og Svein Aasen
 
Resultat SkOlsen Tour 4
 

 

Det var 24 påmelde til årets Pink Cup som var delt opp i åtte trear-lag som konkurrerte mot kvarandre i scramble. Vinnarlaget var Rolf Ørsal, Joar Voldsund og Trond Are Ryste. To slag bak kom Jan Egil Gretland, Bente Ørsal og Janne Monsholm. På tredje plass, tre slag bak vinnarane kom Svein Aasen, Sindre Winjevoll og Per Arve Hovde. Det var også premie til lengste dameutslag og herreutslag på hol 3 og nærast holet på hol 7. Britt Indresøvde slo lengst av damene og Trond Are Ryste slo lengst av herrane. Webjørn Yksnøy Bergmann var den som kom nærast holet.

Pink Cup er eit samarbeid mellom Norges golfforbund og kreftforeningen. Overskotet av turneringa går til brystkreftsaka.I tillegg til turneringsavgift var det sal av suppe, kaker, kaffe, m.m. Det var også loddsal der premiane var gitt av våre gode samarbeidspartnerar Sparebank 1 Søre Sunnmøre, SkOlsen, Møbelringen, Stein Gisle Monsholm, Vienna Mote, SunKost Ørsta, m.fl. Foreløpig oppteljing viser eit overskot på nesten kr. 7.000. Det er litt ned frå i fjor, men då hadde vi fleire gjestar frå naboklubbane. I år arrangerer bl.a. Sunnmøre golfklubb Pink Cup sjølve. 

Ein stor takk til damegruppa i Volda golfklubb for eit flott og godt gjennomført arrangement.

2019 06 12 20.53.26
Vinnarane og arrangementskomiteen.
 
Resultat Pink cup 2019
2019 06 12 20.16.09
Øivind og Svein var heldige og fikk sitte på damebordet.
 
2019 06 12 20.16.31
 
2019 06 12 20.13.36
 
Arrangørkommiteen Pink cup og morenytt
Arrangementskomiteen vert fotografert av reporter frå Møre Nytt.