På fredag 27. september vert det nattgolf. Shotgunstart kl. 20.00.
Vi har kjøpt nye lys til fairway som skal lyse endå betre enn glowsticksa som vi har brukt tidlegare. Vi set dei opp på 50, 100 og 150 meter i tillegg i retning flagget på blinde utslag. Det vert merking av tee og rundt greenane med glowsticks. Vi fikk nye lys på flagga i fjor som lyser goft opp som gjer at du aldri er i tvil om retninga.
Vi går hol 1, 2, 3, 7, 8 og 9 frå raudt/framtrekt utslag. Ved godt vêr går vi tre runder der dei dei to beste scorane på kvart hol vert teljande. Fint om alle tek med haudelykt/lommelykt - men merk at den ikkje skal brukast under spel.
Pizza og to nigthflyer ballar er inkludert i kontingenten. (kr. 350) Ta med det du sjølv ønskjer å drikke.
Velkomen til årets mest sosiale turnering!