Jostein Digernes runda 75 år i juli og på turneringsnemda si oppfordring så vert det jubileumsturnering den 6. september klokka 11. Det er 18-hols snorturnering med fine premiar.
Snorturnering er ei turneringsform der kvar spelar får utdelt ei snor som er like lang i meter som tal på tildelte slag. Denne snora får ein undervegs bruke til å forbedre ballen sin posisjon på bana. Flyttar ein ballen ein meter må ein klippe av ein meter på av snora. Snora bør ein bruke opp under turneringa, for det gir ingen fordelar å sitte att med snor når ein er ferdig.
Etter turneringa vert det sosialt lag på den nye platten med mat og drikke som er inkludert i startkontigenten på kr. 400. Meir informasjon om maten kjem seinare.
Vel møtt til ei sosial og kjekk turnering!