16 personar stilde til start på SkOlsen 18-hols Scramble. Det vart fire firar-lag fordelte på omlag likt handicap. Laget som vant var Dalsbø, Langlo, Indresøvde og Rebbestad som gjekk 18-hol på 62 slag. Det var to slag som skilde første- og siste-plassen.
Veldig kjekt at damene er med på turneringar. Denne kvelden var det Britt Indresøvde som stilde. Vi håper at vi får med fleire frå damegruppa framover.
Det er også hyggeleg at feriegjestar kjem og er med på turneringa. Denne onsdagen var det Lasse Laran frå Soon golfklubb som var med.
Neste turnering er SkOlsen Tour 8 den 14. august.
Vinnarlaget! Harald Inge Dalsbø, Per Kristian Langlo, Britt Indresøvde og Idar Arne Rebbestad |