I strålande solskin gjekk SkOlsen snorturnering av stabelen. Snorturnering er ei turneringsform der kvar spelar får utdelt ei snor som er like lang i meter som tal på tildelte slag. Denne snora får ein undervegs bruke til å forbedre ballen sin posisjon på bana. Flyttar ein ballen ein meter må ein klippe av ein meter på av snora. Snora bør ein bruke opp under turneringa, for det gir ingen fordelar å sitte att med snor når ein er ferdig.
Den som brukte snora si smartast var Per Kristian Langlo som gjekk på 29 slag. Tett bak kom Joar Voldsund og Helge Eltvik.
Per Kristian Langlo (vinnar), Joar Voldsund og Helge Eltvik. |
Johan Liadal og Peder Barstad klipper av snora til Olav Trandal. |