Bana er opa 

Drivingrangen er opna

Då er det endeleg klart for opning av drivingrangen. På grunn av Koronaviruset så vil det vere ekstra strenge smittevernreglar for bruk av drivingrangen. Ved brot på reglane så vil drivingrangen verte stengt umiddelbart. Betalingsterminalen på automaten er som i fjor vår, litt prega av vinteren. Den er rensa med rensekort men det måtte ein del forsøk på å sette inn kortet før den godkjende kortet. Ver tolmodig!

Klubben har gjort desse grepa for å sikre godt smittevern:

  • Vi har tatt vekk annankvar matte på drivingrangen for å sikre god avstand.
  • Utlånskøllene er låst inne
  • Bøttene er fjerna og låst inne
  • Toalett og klubbhus er fortsatt stengt.
  • Døra på drivingrangen er stengt. Gå inn frå begge sider men hald god avstand til andre.

Reglar for drivingrangen:

  • Ikkje møt opp på drivingrangen om du er i karantene eller har symptom på smitte. Det gjeld også om du har generelle symptom på forkjøling.
  • Følg generelle råd og retningslinjer gitt av helsemyndigheitene og kommunen.
  • Ver tolmodig. Det kan vere noko lenger ventetid enn vanleg.
  • Hald to meter avstand til dei andre på drivingrangen til ei kvar tid.
  • Ta med ein pose eller ei bøtte heimafrå for å ta med ballar frå ballautomaten til drivingrangen.
  • Ikkje ta borti ballautomaten med fingrane når du skal betale. For dei fleste så er det nok å halde kortet framfor Nayax terminalen for å betale.
  • Om alle mattene er opptekne så ventar du i god avstand til det vert ledig.
  • Du skal ikkje låne utstyr med andre eller låne ut ditt utstyr
  • Vi har vurdert omløpshastigheita på ballane som vert brukt til å vere så lang at dei ikkje vil overføre smitte, men …
    • Ikkje ta på ballane når du slår med jern
    • Om du peggar opp, ta minst mogleg på ballane
    • Plukk opp peggane dine (både heile og øydelagde og ta dei med heim)
    • Ikkje plukk ballar som ligg på drivingrangen
  • Ikkje bruk søppelkassene men ta med søpla di heim