Bana er opa 

Evaluering av turneringane i 2019

Planen var å gå gjennom evalueringa av turneringane i 2019 på medlemsmøtet vi skulle ha i starten på april. Møtet vart ikkje noko av men her kjem resultatet.

Det var 21 personar som svarte på evalueringa. 19 av desse har deltatt og 2 har ikkje deltatt på turneringar i 2019. Dei to som ikkje har vore med på turneringar i 2019 har svart på kva som skal til for at dei vil vere med på turneringar. Det er betre helse, betre tid og turneringar for nybyrjarar. Helse og tid får vi ikkje gjort så mykje med men turneringar for nybyrjarar skal vi sjå om vi får til i 2020.

 

SkOlsen turneringane

Det er 17 som har svart på spørsmåla om SkOlsen turneringane.

spm3

 

spm5

  

Kommentarar til SkOlsen turneringane:

  • Fleire 18 hols turneringar (2 stk)
  • Gi ei lita merksemd til bruttoklassa også. For mykje stableford fokus.
  • Likar variasjon i turneringsform, sjølv om der er ein del som eg ikkje likar så godt
  • OK som det var i 2019

 

Andre Turneringar (sponsorturneringar, oppstart- og avslutningsturnering)

17 personar har svart ja på at dei har deltatt på andre turneringar.

 

Kommentarar til dei andre turneringane:

  • Fleire 18 hols turneringar (3 stk. med litt forskjellig ordlyd)
  • Lagturneringer er kjekkest med flere enn 2 spillere på hvert lag.

 

Toyota Sunnmøre Matchplay cup

11 personar har svart på spørsmåla om matchplay cupen.

 

spm10

 

spm12

Kommentarar på gruppespelet:

  • Synest det er merkeleg at ein med tap går vidare på bekostning av ein utan tap 
  • Kjekt med gruppespel, men vanskeleg å få avtalt/gjennomført. Betre om det blei spelt ei eller to bestemte helgar. Då helst ikkje rundt fellesferien.

 

Kommentarar på sluttspelet:

  • Syns det var helt topp, jeg.
  • Folk må passe på å regulere handicap så det vert fair. Handicap juks får negativt utfall for oss som til ei kvar tid passar på å regulere. 
  • fint satt opp, drog ut i tid. Faste tidspunkt, ein dag der matchane vert spelt?
  • Ok

 

Nordvest Tour

12 personar har svart på spørsmål om Nordvest Tour.

 

Kommentarar om Nordvest Tour:

  • Kjekt, men interessa er fallande
  • Virker å være litt nedadgående interesse her. Dessverre. 
  • Ålesund bør ut. Dei bryr seg lite om NVT. 
  • kjekt med bruttoturneringar.
  • Bra levert av Volda GK. Kjekt å spele med folk frå andre stadar. Gode tilbakemeldingar frå dei tilreisande eg spelte med.
  • Godt tiltak som eg håper å kunne delta meir i. Vi treng å spele på andre baner.

  

Tilbakemeldingar til turneringsnemda

  • Tykkjer dei gjer ein god jobb eg.
  • Veldig bra arbeid som blir gjort. stå på!
  • Få til ei turneringshelg med sosialt på laurdagen
  • Utfordringa er å få med fleire ferske og fleire damer på onsdagane. Scramble ser ikkje ut til åleine drage deltakarar, kanskje i kombinasjon med meir sosiale tiltak i klubbhuset av eit eller anna slag?
  • Nei, godt arbeid
  • Snevert turneringsmiljø. Må gjere innsats for å få med damer, og også fleire med høgt handikapp. Nesten  berre hcp under 20 som deltar. Må tenke kreativt her.

 

Kommentar på evalueringa

Tusen takk for tilbakemeldingar på turneringane. Dette er innspel vi skal ta med oss vidare i arbeidet når vi planlegg turneringane for 2020. Fleire 18 hols turneringar går igjen som eit ynskje. Det skal vi sjølvsagt prøve å få til. På grunn av koronasituasjonen så vert det ikkje turneringar før tidlegast 15. juni. For å få arrangert SkOlsen turneringane så er det i forslaget til terminliste no lagt inn turneringar både onsdag og helg (annankvar laurdag og søndag) for at vi skal kome ajour til midten av august. Det gir mulighet for å arrangere 18 hols turneringar i helga. No ser det ut som det kan bli lite reise i sommar og då kan det kanskje høve bra å arrangere fleire turneringar på sommaren. Å få til meir sosialt rundt turneringane er også eit veldig godt innspel som vi skal prøve å få til. To er usikre på om vi bør ha gruppespel men resten ynskjer det. Vi vil difor prøve å få til gruppespel i år også men tilpasse reglane ut frå dei innspela vi har fått både her og langs med.