Bana er opa 

Forrige helg spelte Andreas Nupen Junior tour i region midt på Stiklestad golfklubb. Der klatra han heilt til topps i si klasse. Etter turneringa køyrde dei heim og var framme kl. 02.00 for å få vere med på Jass Maritime Open. Der sette han banerekord på 64 slag. Det var sju birdiar, ein bogey og resten par. 

For nokre helgar sidan var han med på Lag-NM på Fana golfklubb der han spelte for Sunnfjord golfklubb.

Andreas har hatt ei fin utvikling og har gått jamt ned i handicap utover sesongen og er no komen ned på 2,7 i handicap. Det vert spennande å føglje utviklinga framover.

IMG 6828

Andreas i lag med dei andre premievinnarane på Stiklestad golfklubb.

IMG 6826

Overrekking av premiar.

 

19 spelarar våga seg ut for å spele Jass Maritime Open til trass for noko gult på himmelen som laga eit litt skarpt lys. Etter nesten ein månad med samanhengande regn var det godt å gå ei golfrunde utan paraply.

I Jass Maritime Open så vart det konkurrert i Stableford, brutto Herrer og brutto damer. Av damene så var det Elsie Hansen som vant brutto klassen på 88 slag med Bente Ørsal på andreplass på 94 slag. I brutto herrer så var det Andreas Nupen som slo til med ei kjemperunde på 64 slag og sette med det ny banerekord. Nærast Andreas var Lars Kåre Vikestrand på 72 slag og Joar Voldsund på 78 slag. 

Stablefordklassen vart også vunnen av Andreas Nupen på heile 43 poeng, som er meget imponerande når ein har 3,8 i handicap. Til vitande så gjekk Andreas denne runda på +3 i handicap og tok endå eit byks nedover til 2,7 i handicap. Det var eit lite hopp ned til nestemann som gjekk på 37 poeng. Det var tre stykker, med Trond Heltne, Helge Eltvik, Jostein Digernes. 

Det var også konkurrert i lengste utslag frå raudt og gult, og nærast pinnen på hol 7/16. Elsie var den som slo lengst frå raudt utslag og Andreas frå gult utslag. Etter fleire turneringar der Olav Trandal har vore nest nærmast holet så gjekk det endeleg hans veg og ingen kom nærare enn 1,47 m der han la utslaget sitt på hol 7.

Eigar av Jass Maritime, Stein Monsholm stod for premieutdelinga.

2024 09 01 15.49.30

Helge Eltvik, Joar Voldsund, Bente Ørsal, Andreas Nupen (vinnar brutto herrer og Stableford), Lars Kåre Vikestrand, Elsie Hansen (vinnar brutto damer), Jostein Digernes, Olav Trandal, Trond Heltne og Stein Monsholm.

Tradisjonen tru så heldt vår hovudsponsor Sparebank1 SMN si invitational turnering første torsdagen etter klubbmesterskapet. Til trass for at det vart kollisjon med Sparebank1 Invitational på Sunnmøre Golfklubb og ei vermelding som lova godt med regn, så stilde 18 deltakarar opp i årets utgåve av Sparebank 1 Invitational. Deltakarane vart delt opp med tre spelarar på kvart lag. Det var konkurrert i Texas Scramble der alle slår ut, vel den ballen den ønsker og så slår alle ut frå den staden til ein er komen i holet. Kvar spelar måtte ha fire utslag kvar. 

Vinnarlaget med Jan Egil Gretland, Trond Heltne og Lars Johan Holsvik gjekk på -15, som var eit slag betre enn dei to laga bak. Det vart også konkurrert i lengste utslag på hol 19 og nærast pinnen på hol 7/16. Rune Strømmen tok likegodt begge to.

Sparebanken stilde med tre tilsette som sytte for ein matbit og drikke før ein gjekk ut og varm mat når spelarane kom inn igjen. Veldig kjekt at både Lars Johan Holsvik og Frank Vatne frå Sparebank1 SMN stilde i turneringa. Karen Otterstad frå Sparebank1 SMN Regneskapshuset fekk jobba litt og passa på golfarane som kom innom ved runding.

Takk til Sparebank1 for eit flott arrangement. 

2024 08 29 17.26.37

Idar Arne Rebbestad, Jarle Nes, Bente Ørsal, Jan Egil Gretland, Trond Heltne, Lars Johan Holsvik, Jostein Digernes, Johan Liadal, Harald Indresøvde, Frank Vatne og Rune Strømmen.

Resultatlista finn de her

Helga 24. og 25. august så arrangerer dei fleste golfklubbane i landet klubbmesterskap. Det skal kårast ein klubbmester herre og ein klubbmester dame. I tillegg kan klubbane arrangere klubbmesterskap i andre klassar. Vi i Volda golfklubb har klassene Junior, vaksen, senior og eldre senior. I tillegg så konkurrerer alle i stableford klassa. Klubbmesterskapet går over to dagar der  ein speler 18 hol kvar dag. 

I år var det veldig jamt og etter dag 1 så skilde det eitt slag mellom dei fire beste i kampen om å bli klubbmester for herrer. Jan Egil Gretland og Lars Kåre Vikestrand gjekk første dag på 71 slag og Andreas Nupen og Ole Magnus Orlien gjekk på 72 slag. Det var jamt ganske lenge, men Ole Magnus hadde birdie på hol 13, 14, 15 og 16 og med det fekk eit lite forsprang som han holdt heilt inn. Ole Magnus vart med det klubbmester herrer for 15. gong.

I dameklassa så gjekk Iben Louise Hansen på 90 slag på dag 1 og 85 slag på dag 2. Med totalt 175 slag vart ho klubbmester dame.

I junior klassa så var det Andreas Nupen som vant på 146 slag. Han var lenge med i kampen om å bli klubbmester herre men enda til slutt nokre slag bak Ole Magnus. Andreas har hatt ein god sesong med spel på Srixon touren der dei beste i aldersbestemte klasser er med. Han var også med på lag-NM for nokre veker sidan. Han vil nok vere med å gi Ole Magnus kamp om klubbmestertittelen i åra som kjem. I vaksen klassa så var det Ole Magnus som vant med totalt 139 slag. I senior klassa så var det Jan Egil Gretland som vant med totalt 142 slag og var med det nærast Ole Magnus i kampen om å bli klubbmester herre. Jan Egil vant også stableford med 82 poeng. Heile 10 poeng foran nestemann som var Lars Kåre Vikestrand og Kenneth Rusten. I år var det ingen deltakarar i klassa eldre senior.

Det var i tillegg konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Andreas Nuipen var den som slo lengst og Ole Magnus var den som kom nærast pinnen. 

Resultatlistene finn de her

2024 08 25 16.22.56

Andreas Nupen (Klubbmester Jr.), Lars Kåre Vikestrand, Kenneth Rusten, Ole Magnus Orlien (Klubbmester herre (vinnar av vaksenklassa), Iben Louise Hansen (Klubbmester dame) Jan Egil Gretland (klubbmester senior) og Sindre Winjevoll

2024 08 25 14.08.03

Utsikta dei to klubbmesterskapsdagane.

2024 08 24 13.49.21 2

Helge Eltvik fekk ei idrettsskade og kunne dessverre ikkje vere med på klubbmesterskapet, men stilde opp på dag 1 å kokte pølser og steikte vafler til deltakarane. På dag 2 så kokte Joar Voldsund pølser og Roy Inge Nupen stod for serveringa. 

2024 08 25 15.46.35

Andreas puttar på green 18 medan Ole Magnus følgjer spent med.

2024 08 25 15.48.01

Jan Egil set sin siste putt for seier i senior og stableford klassa.

 

2024 08 25 15.48.40 2

Ballen på veg ned i holet for å sikre klubbmesterskap nummer 15.

 

Tradisjonen tru så vert det Sparebank 1 Invitational første torsdagen etter klubbmesterskapet. I fjor var vi nesten tredve deltakarar og vi håper på minst like mange i år. Yr lover fint og varmt ver, så vi får håpe at varselet held og vi får ein flott sommardag på bana. 

Turneringsforma er Scramble med trear eller firarlag (alt etter kva som går opp med tal påmelde). Om ein har spesielle ønsker om kven ein vil gå i lag med så er det berre å skrive ned det i påmeldinga. Det vert premie til dei tre beste laga. Det vert også premie for lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16.

Banken stiller med representantar denne dagen og det vert servert ein matbit og drikke før ein går ut og så vert det eit varmt måltid når ein kjem inn igjen.

Alle er invitert og det er berre å melde seg på her.

Vel møtt!

rgb SB1 SMN verti neg bak

2023 08 24 17.33.40

Bilete frå premieutdelinga i 2024.

17 spelarar deltok i SkOlsen Tour 9. Like sikkert som hausten er i anmarsj så kjem ein formtopp på unge herr Gretland, som er svært vanskeleg å slå på denne tida av året. Denne onsdagen gjekk Jan Egil på -4 og tok sigeren med to slag betre enn Per Kristian Langlo på andreplass. Fire stykker delte tredjeplassen og dei to med lågast handicap var reiste heim, så så då gjekk premiane til dei to blide karane Jostein Digernes og Svein Aasen.

Heile resultatlista finn de her.

IMG 00231

Per Kristian Langlo, Jan Egil Gretland (vinnar), Jostein Digernes og Svein Aasen.

Her kjem oppsummering frå andre del av sommarturneringane.

SkOlsen Tour 7

Resultatlista SkOlsen Tour 7

(Du skiftar resultatliste mellom klassene med å trykke på Grønt Kort eller A oppe til høgre.)

2024 07 24 20.34.52

Johan Liadal, Olav Trandal, Helge Eltvik, Kariann Russenes (vinnar GK) og Jan Egil Gretland (vinnar)

I perfekt sommarver var det 22 spelarar som stilde til start i den sjuande runda av SkOlsen Touren. Det var mykje godt spel og heile 4 personar gjekk på -2. Det var Johan Liadal, Olav Trandal, Helge Eltvik og Jan Egil Gretland. Jan Egil har lågast handicap tok med det sigeren. I grønt kort klassa så var det Kariann Russenes som vart vinnar. Veldig kjekt at vi får med damer på turneringane.

 

SkOlsen 18-hol Scramble

Resultatlista SkOlsen 18-hol Scramble

SkOlsen logo

Her gløymde vi dessverre å ta bilde, men vinnarlaget var Joar Voldsund, Jon Andre Rebbestad, Peder Barstad og Erik-Marius Riise. 

 

SkOlsen Tour 8

Resultatlista SkOlsen Tour 8

IMG 20240810 103331

Andreas Nupen (vinnar), Joar Voldsund og Jan Egil Gretland

Denne kvelden var det meldt regn og torden så det var berre 7 modige spelarar som vågde seg ut. Best av desse 7 var Andreas Nupen, Joar Voldsund og Jan Egil Gretland som alle gjekk på -1. Andreas har lågast handicap og tok med det sigeren.

 

Lag-NM for juniorar

31. juli til 2. august var Andreas med på Lag-NM for juniorar på Fana golfklubb. Der han representerte han Sunnfjord Golfklubb. Andreas var på lag med Øyvind Sægrov og brødrene Nikolai og Marcus Goosen. Dei enda til slutt på ein respektabel 9. plass. Dei gjekk fem 18-hols runder på tre dagar. Runde 1 og 3 var Foursome, runde 2 og 4 var Fourball og runde 5 var single. 

Heile resultatlista frå Lag-NM for juniorar

 

 

Til trass for ferietid så har det vore godt oppmøte på SkOlsen turneringane i sommar. Lenke til resultatlista og bilete av vinnarane på dei tre første turneringane i juli finn de under. 

SkOlsen To-kølle

Heile Resultatlista

20240703 201044

Svein Aasen og Kenneth Rusten (vinnar)

SkOlsen Tour 6

Heile Resultatlista

20240710 202228

Harald Indresøvde (vinnar), Johan Liadal, Joar Voldsund, Kennth Rusten

 

SkOlsen Raud

Heile Resultatlista

2024 07 17 21.53.19

Olav Trandal, Joar Voldsund (vinnar), Kenneth Rusten, Jan Egil Gretland og Kai-Are Strande

I regi av vår hovudsponsor Sparebank1 SMN arrangerte vi Sparebank1 SMN open med heile 38 deltakarar. Det var ikkje berre deltakartalet som var bra denne dagen, det var også spelet til Christer Adrian Mork som gjekk på 65 slag og mest truleg sette ny banerekord. Han tok med det også sigeren i klasse brutto jr./vaksen, heile 4 slag færre enn Oliver Sulebakk Sylte på 2. plass. Sveinar Øvrelid tok 3. plassen på 70 slag. Pallen i brutto jr./vaksen klassa var dominert av gjestane frå Sunnmøre golfklubb med beste volding på 4. plass. Det var Lars Kåre Vikestrand som var nokre slag bak. I klassa brutto senior var det Volda GK sin eigen Joar Voldsund som toppa lista på 73 slag med Per Bernt Aske på 2. plass på 74 slag og Robert Graham på 3. plass med 76 slag. Vi hadde nokre deltakarar som gjekk frå raudt utslag og det vart premiert for beste bruttoresultat i denne klassa. Det var Harald Indresøvde som vant denne klassa på 81 slag.

I Stableford klassa så vert det gitt poeng på kvart hol ut frå tildelte slag etter spelaren sitt handicap. I denne klassa var alle dei 38 spelarane med. Det var Christian Adrian Mork som dominerte denne klassa også. Sjølv Hovland ville hatt problem med å følgje denne karen i dag, med 7 birdiar, så enda Christian opp på heile 47 poeng. Hallgeir Frøystadvåg gjekk på 43 poeng og tok andreplassen. Trond Heltne og Robert Graham delte 3. plassen på 41 poeng. Det var mykje godt spel og dei 11 første på lista spelte på sitt handicap eller betre.

Det var også premie til den som kom nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag frå både gult og raudt utslag på hol 18. Det var Eldar Djupvik Johansen som kom nærast pinnen og var om lag 1 meter frå holet på sitt utslag. Bente Ørsal var den som slo lengst frå raudt utslag og Marius Ryste Skjeret frå gult. Marius slo om lag 250 meter i motvinden, noko som er mildt sagt imponerande.

Resultatlistene finn de her!

 rgb SB1 SMN verti neg bak

29. august kl. 13 er det Sparebank1 SMN Invitational, så det er berre å sette av datoen og ordne seg ein halv ferie/avspaseringsdag. I denne turneringa er det det sosiale og kosen som står i høgsetet. Det vert Scramble med 3 eller 4 på lag. Sparebanken stiller med noko å bite i før ein går ut og litt mat når ein kjem inn og ventar på premieutdelinga.

2024 06 30 15.56.10

Eldar Djupvik Johansen, Hallgeir Frøystadvåg, Per Bernt Aske, Sveinar Øvrelid, Christer Adrian Mork (vinnar brutto jr./vaksen og Stableford), Joar Voldsund (vinnar brutto senior), Trond Heltne, Marius Ryste Skjeret, Oliver Sulebakk Sylte, Robert Graham, Harald Indresøvde (vinnar brutto raudt), Olav Trandal og Bente Ørsal