Bana er stengt 

Då er alle turneringane lagt inn i kalenderen. Det kan skje nokre endringar utover sesongen. Det er NVT 8 - Ålesund Open der dato er noko usikker og mulig at ei av jubileumsturneringane må flyttast til ein annan dato. Nattgolf turneringa er heller ikkje lagt inn.

Dersom du vil ha ein versjon du kan skrive ut og henge på kjøleskapet kan du klikke på lenka under for å laste ned pdf fila.

Terminliste 2016

 

Joar hol8

Skal du spele golf på ulike baner i Norden, Portugal, Spania, Tyskland og Tyrkia så løner det seg å kjøpe golfheftet. Dette gir deg halv pris på greenfee på alle samarbeidspartnarane til Golfhâftet. Totalt per dags dato er det over 750 baner. Vi har golfheftet på lager. Du betaler via mCASH (last ned Appen gratis) og du kan hente golfheftet på Sunkost på Amfi i Ørsta. Bor du utanfor distriket så kan vi sende deg heftet. Litt porto må da påregnast. Prisen er kun kr 450,- så dette tjener du inn allereie på 2. eller 3. runde. Lykke til med årets golfsesong .

Bruk QR-koden over for å betale for heftet.

Volda GK startar i år opp bedriftserie i golf. Har du 2 personar i din bedrift som spelar golf, uavhengig av handicap, så er det mulig å melde seg på. Første runde går i byrjinga av mai.

Det kostar kr 2500,- per lag å delta og dette dekker alle runder. Finalespel vert lagt til ein helgedag ut på hausten. Det vil bli gitt ekstra slag for kvar siger i seriespelet som ein får bruke i finalen. Vandrepokal til beste bedrift. Kan tidligast vinnast til odel og eige  i 2019 (3 år)

Påmeldingsfrist 30. april

Påmeldig skjer til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Endelig i gong!!
Laurdag 9. april vert det dugnad på bana i Vassbotnen. Ta med rake, rive eller spade og still opp. Etter dugnaden vert det turnering. Fritt spel for dei som deltek på dugnaden. 200 kr i avgift om ikkje du er med.
Påmelding i golfbox

Vi har no montert kortlesar på ballautomaten. Ta med deg golfentusiasten i deg og dine vener å nytt deg av drivingrangen.

Det er kun du som kan trene nok til å bli bedre

Det nærmar seg oppstart golfsesong og onsdagsturneringane startar. Gledelig nytt av året er at det vert fleire 18 hols turneringar på onsdagane. Ifm lanseringa av mCASH som vår betalingsmåte, så håper vi på at flest mogleg lastar ned denne appen på sin maskin eller tlf og legg inn betalingar med bruk av mCASH.

Ei anbefaling er og å betale alle turneringane samla før første gong du spelar. Då får du deltakingkontigent til halv pris. Sett telefonen på QR-koda og søk på Årsavgift onsdagsturneringar.

QR kode

Ynskjer du å utfordre dine fysiske egenskaper? Ynskjer du å kome deg ut i naturen og i tillegg være med i eit sosialt felleskap?

Volda GK har eit tilbod til alle som vil prøve golf. Kvar tirsdag har vi veiledarar som er med ut på bana. Vi vil inkludere deg i eit sosialt og godt miljø.

Volda Golfklubb arrangerer årets første Veien-til-golfkurs 9. mai 2016.

Ynskjer du å melde deg på så send ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Sakliste til årsmøtet i Volda Golfklubb på Volda Turisthotell fredag 5. februar 2016 kl 19.

 

1.  Opning ved styreleiar

2.  Val av møteleiar og referent

3   Godkjenning av innkalling og dagsorden

4.  Val av 2 personar til å skrive under protokollen

5.  Fastsetjing av stemmetal

6.  Revidert rekneskap for 2015
     Revisorfråsegn

7.  Styrets årsmelding for 2015

8.  Kontingent/prisar for 2016

9.  Budsjett 2016

10. Val 

11. Ny lov for Volda Golfklubb.

12. ”Heder og ære”, premiering og takk

13. Medlemsmøte med diskusjon

14. Avslutning