Begge seniorlaga til Volda GK var i aksjon mot laga frå Ålesund på mandag ettermiddag i Vassbotnen.
Det vart knepen siger til Volda GK 2 med siffera 3,75 -3,25 . Laget stilte med Bente Alice Ørsal og Johan Liadal i singel matchane og Svein Aasen i fourball matchen ( 1 spelar manko).
Med denne sigeren er Volda GK 2 vinnar av 2. divisjon på Sunnmøre.
Volda GK 1 gjekk på eit knepent tap med siffera 3-4. På Volda GK 1 sitt lag spela Sjur Hamar og Per Kristian Langlo singel match og Jostein Digernes og Joar Voldsund fourball match. I 1. divisjon er det 2 gjenståande kampar som vil avgjere kven som vinner og kven som rykker ned i 2.divusjon.
Volda GK 2 sitt lag: Svein Aasen, Bente Alice Ørsal og Johan Liadal