Bana er opa 

Matchplay er i gong og ligg no i golfbox. Tidspunkta som er oppsett skal ein sjå vekk i frå. Avtal med motspelar eit tidspunkt, men alle matcher må være ferdige før 1. juni. Lukke til med årets Matchplay. 

I nydeleg vårveir møtte heile 27 optimistiske spelarar opp til den andre 9 hols Toyota

turneringa i Vassbotnen.  Kristoffer Trandal gjekk av med sigeren nok ein gong etter

resultat -4 under eige par, tett fylgd av Arnfinn Strande på -2 og Rune Gaarder på -1. 

Også Jan Trygve gretland avsutta runda på -1, men Rune tok tredje plassen på grunn av

lavare handicap.

IMG 0361

 

Ingen grønt kort spelarar var påmelde denne gongen og vi håpar at dei kjem sterkare tilbake

etter kvart.  Men kvar var damene ??

 

Onsdag 18 Mai vert det Toyota scramble  18. hol. og vi håpar på minst like monge

deltakarar då.  Merk: Starttid kl.17.30.  Vel Møtt.

 

Hei alle sammen.
Vårens vakraste eventyr gjkk av stabelen i Vassbotnen 09.05.16. I eit aldeles nydeleg vårvær spelte Sjur Hamar og Torleif Remme singlematch, medan Joar Voldsund og Øivind Andre Tveiten spelte fourball mot Stranda Golfklubb. Volda Golfklubb gjkk av med sigeren.
Takkar for kampen mot dei hyggelege motspelarane Einar Lyse, Kolbein Langlo, Jens Arne Ødegaard og Olav Lillebø.

10. mai startar vi opp med "Golf for alle". Eit prosjekt som vi trur vil hjelpe alle å kome eit steg vidare i golfspelet sitt. Kvar tirsdag vil veiledarar være klare til å instruere deg. Vi startar kl 17:30.  

Nordvest-touren går av stabelen på Volda Golfbane 29. mai Årets sponsor er Møbelringen avd. Ørsta og vi kan friste med ein Ekornes-stol til vinnaren. Påmelding i Golfbox under Sunnfjord GK. Det er satt eit max tak på 52 spelarar.

 

Årets første 18-holsturnering vart arrangert søndag. Totalt 32 deltakarar var med, der i blant sju Sunnmøre Golfklubb og Stranda Golfklubb. I skiftande vind og delvis overskya vêr var det Are Myklebust som gjekk inn til ein knusande siger 7 slag under sitt par. På andre og tredje plass i same klasse kom Bjørn-Arve Korsfur med +3 og Webjørn Y. Bergmann med +4. I seniorklassa vann Bente Alise Ørsal på sitt par framføre Johan Liadal og Robert Buchan Graham (Sunnmøre Golfklubb) begge på +3.

Vi minner alle om at Matchplay Cup 2016 har start 14. mai. Påmelding i golfbox.

 

F.v.: Bente Alise Ørsal, Robert Buchan Graham, Are Myklebust, Webjørn Y. Bergmann og Bjørn-Arve Korsfur.

Varspretten vinnarar

Resultat Senior:

Resultat varspretten senior

Resultat Herrer:

Resultat varspretten herrer

9. mai kl 18:00 starar Volda GK opp kurssesongen. Har du ein draum om å lære deg å spele golf vil Volda GK hjelpe deg langt på veg. Etter at kurset er ferdig får du veiledning kvar tirsdag gjennom heile sesongen for å bli ein betre spelar. I tillegg til dette blir du inkludert i eit godt golfmiljø og får spele på Sunnmøres flottaste bane. Prisen på Vegen-til-golf-kureset er kr. 1500,- og dette inkluder då fritt spel på Volda Golfbane ut sesongen. Meld deg på ved å sende ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Søndag 1. mai kl 11:00 er det duka for årets første storturnering. Værmeldinga tilseier at det blir perfekte forhold for ei runde golf. Premiebordet er stort framfor denne sesongåpninga. Meld dykk på i Golfbox. Sparebank1 vil være på plass frå kl10:00 å informere om bruken av mcash.

Gledeleg med heile 29 deltakarar på årets første Toyota Tour turnering i Vassbotnen.  Mykje godt spel i flott vær, der 6 av deltakarane oppnådde forbetra handicap.  Konkurranseforma var slagkonkurranse med fullt s.h. over 9 hol.

Heilt til topps gjekk Hang Nguyen Thi med 5 slag under eige par tett fulgt av Øivind Andre Tveiten og Jan Egil Gretland begge med 3 under par.

Nytt i høve turneringane i år er at det gode været skal fortsette framover heile sommaren….

Toyota Tour 1 2016