Mandag 6. juni kom Sunnmøre GK på besøk og måtte reise heim med 2 tap. Både Volda GK 1 og Volda GK2 vann sine kampar 6-1. Meget bra spel av seniorane våra. Det viser seg at å ha ei skikkelig god bane styrkar egne ferdigheiter. Lukke til vidare i serien
Kom å ta del i eit svært godt miljø. Erstatt sofaen med friluft og meistringsfølelse- Volda golfklubb arrangerer no Vegen-til-golf-kurs. Oppstart tirsdag 28. juni kl 18:00 på klubbhuset til Volda Golfklubb. Kursavgift er kr 1.500,- Melder du deg på dette kurset får du med medlemskap ut året, samt fri spelerett på bana i 2016. Send en fb-melding eller på mail:
Søndag 29. blei ein flott golfdag i Vassbotnen. 65 blide og fornøgde spelarar til start på ei meget bra golfbane. Det blei konkurrert i 6 klasser. Følgjande vinnarar: junior (brutto) Kristoffer Nes Trandal, junior (Stableford) Håkon Overaa Sætre. Vaksen (brutto) Ole Magnus Orlien, vaksen (stableford) Webjørn Yksnøy Bergmann, Senior (brutto) Per Arve Hovde og Senior (stableford) Svein Aasen. Alle frå Volda GK. Det var óg konkurrert i lengste utslag på hol 9 og 18 (blei vunne av Sissel Fiskargard frå Ålesund GK) og i nærast holet på hol 7 og 16 (Blei vunne av Webjørn Yksnøy Bergmann som låg 46 cm frå holet på utslaget).
Den store premien som Møbelringen avd Ørsta sto for blei vunne av Webjørn Yksnøy Bergmann.
Gratulerer til alle vinnarar og stor takk til alle som sette sitt preg på arrangementet.
På grunn av stor interesse på Nordvest-touren vert bana stengd frå kl 08:30 til 18:30 29. mai. Publikum er hjarteleg velkommen til å kome å sjå på. Kaffi og noko å bite i har vi i klubbhuset
Volda GK stilte med 7 deltakarar på årets første NVT Som gjekk på Selje GK. Ei våt bane gjorde forholda vanskelege, men fleire av Volda GK sine spelarar viste at godt treningsgrunnlag virkar. Kristoffer Trandal vann jr. klassa i både Brutto og Stableford, Joar Voldsund vann Brutto for senior og Jan Egil Gretland tok 3. plassen i Brutto i voksenklassa. Gratulerer til alle 3.
Vi kjører straks i gong bedriftserien. Her kan du slå deg saman med andre bedrifter og delta. Send ein mail til
Matchplay er i gong og ligg no i golfbox. Tidspunkta som er oppsett skal ein sjå vekk i frå. Avtal med motspelar eit tidspunkt, men alle matcher må være ferdige før 1. juni. Lukke til med årets Matchplay.
I nydeleg vårveir møtte heile 27 optimistiske spelarar opp til den andre 9 hols Toyota
turneringa i Vassbotnen. Kristoffer Trandal gjekk av med sigeren nok ein gong etter
resultat -4 under eige par, tett fylgd av Arnfinn Strande på -2 og Rune Gaarder på -1.
Også Jan Trygve gretland avsutta runda på -1, men Rune tok tredje plassen på grunn av
lavare handicap.
Ingen grønt kort spelarar var påmelde denne gongen og vi håpar at dei kjem sterkare tilbake
etter kvart. Men kvar var damene ??
Onsdag 18 Mai vert det Toyota scramble 18. hol. og vi håpar på minst like monge
deltakarar då. Merk: Starttid kl.17.30. Vel Møtt.
Det har vore nokre endringar i terminlista. Ny oppdatert liste finn de ved å klikke på linken under eller gå i menyvalet turneringar - Terminliste 2016. Kalenderen er sjølvsagt også oppdatert.
Page 38 of 50