Bana er stengt 

Det er god påmelding til søndagens turnering som er oppsatt med shootgun start.

Det medfører at bana vil være fullbooka av turneringsspelarar frå kl 1100 til 1530.

Turneringsnemnda

Første turnering i Toyota Tour 2015 vart avvikla onsdag under gode forhold. 24 spelarar deltok, i år har vi samla dame/herre senior og dame/herre(A klassa) i kvar sine klasser, i tillegg har vi ei eiga klasse for spelarar på klubb HCP (37-54).

Vi har no fleire ti tals spelarar som spelar på klubb HCP - damer og herrar , så vi vil spesielt oppmode disse om bli med på turneringane.

A-klassa vart vunne av Helge Eltvik på -1 under sitt par, i seniorklassa sigra Jostein Digernes på par. I GK klassa sigra Jarle Arnstein Nes på +1.

Vi minner om nytt golfkurs som starter 11. mai kl 1800 i Vassbotnen

Søndag 3 mai er det stor turnering i Vassbotnen Vårspretten/Felleskjøpet Open , meld deg på i golfbox.

Resultat klasse A (herrar/damer)

Plassering Namn Resultat
1 Helge Eltvik -1
T2 Per Arve Hovde Par
T2 Kai-Rune Bjørke Par
T4 Lars Kåre Vikestrand +1
T4 Jan Egil Gretland +1
6 Birger Nilsen +3
7 Olav Andre Trandal +6
8 Are Myklebust +9
9 Joar Voldsund +10
10 Peder Barstad +11
11 Trond Are Ryste +17

Resultat klasse Senior (herrar/damer)

Plassering Namn Resultat
1 Jostein Digernes Par
2 Harald Indresøvde +2
3 Svein Aasen +3
4 Oddvar Stranden +4
5 Sjur Hamar +5
T6 Johan Liadal +6
T6 Alf A. Aamås +6
8 Jan Trygve Gretland +7
9 Idar Arne Rebbestad +11
10 Torleif Remme +13
11 Øivind Andre Tveiten +15

Resultat GK (hcp 37-54);

Plassering Namn Resultat
1 Jarle Arnstein Nes +1
2 Kristoffer Trandal +3

Toyota tour 2015 1 bilete

Jostein Digernes, Helge Eltvik og Jarle Arnstein Nes

I fjor hadde vi over 20 varmegrader på opningsturneringa, i år var det kuling og regn.

Fleire melde seg av , husk å melde frå viss du ikkje kjem dette er spesielt viktig i parturneringar

Turneringa vart vunne av Johan Liadal / Odd Saur med 37 slag.

Neste «scrambleturnering» vert ei four-ball turnering ala Nordea Pairs. Laga blir trekt før start. Alle kan delta.

Max hcp 54 , 75% hcp godtgjørelse.

Husk å melde deg på til MatchCup Play 2015, påmeldingsfrist er 18.mai.

Resultat;

Plassering Namn Antal slag Total
T1 J. Liadal/ Odd Saur 37 +2
T1 S. Aasen/ P. Barstad 37 +2
3 J. Gretland/ E. Høydal 38 +3
T4 R. Strømmen7/ M. Indresøvde 39 +4
T4 I.Rebbestad/ A.Aamås 39 +4
6 O. Stranden/ J. Digernes 40 +5
T7 J. Voldsund / J.   Nes 42 +7
T7 S. Hamar / Alias 42 +7

9378610

vtg opplaringspakke

Nytt golfkurs starter opp mandag 11. mai kl 1800 i Vassbotnen.

Pris:

Voksne og studenter                         kr 1500.-

Barn og ungdomar (10-17 år)            kr  600.-

For dette beløpet spelar du fritt i heile 2015.

Påmelding Harald Indresøvde  tlf 99378610  eller mail This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..

Styret.

 

 

 

 

 

Volda Golfklubb ynskjer å invitere deg til Ibulgaria Open 2015 den 24. mai. Nettoslagturnering med fullt slaghandicap (maks 36) 1. Premien er gitt av www.ibulgaria.no og har en verdi på kr 10.000,- Tur, opphold og spel på Bulgarias og kanskje Europas mest spektakulære baner. Turen varer 1 uke. Dei 10 beste blir premiert. Turneringa ligg åpen for påmelding i golfbox. Først til mølla prinsippet. Velkommen til pinsegolf i Volda.

Under nokre bilde frå turen til fjorårets vinnar Are Myklebust.

Are bil Are ibulgaria
Are drivingrange Are utsikt

Dugnad 2015

Dagens dugnad i Vassbotnen samla nærare 20 mann som gjorde ein ypperleg jobb.

Bana er no så bra som ho aldri har våre før så tidleg i sesongen. Greenane er ei lyst å putte på.

Så no er det berre å pusse redskapen å kome i gang.

Første turnering er scrambel  den 22.april så då hoper vi på godt frammøte. Meld deg på i golfbox.

Dugnadsturneringa som vart avvikla etter dugnaden vart vunne av Helge Eltvik.

Resultat dugnadsturnering
 

Banestatus pr. 8. april. Bana er tørr og fin med nyklipte og strøkne greenar. Fairways er rulla og røffen er kort.

Gjestespelarar er hjarteleg velkomne.

Voldagolfklubb10april

 

Vi startar kl 1000 og jobbar til kl 1400.

Oppvarning og utslag i turnering kl 1430.

Arbeidsoppgåver;

Rydding/raking av kvist og kvast.

Kantstikking og stell av bunkerane.

Div.

Ta med rive og stikkspade og ei brødskive eller to så set vi på kaffi.

NB: Turneringa er kun for dugnadsgjengen.

Påmelding i golfbox frå i morgen

Banenemnda.

 

2013 04 27 2

Bana er no open for spel( NB: greenane er stengde ved frost).

Polletter til driving range kan kjøpast hos Kiwi og Statoil

Meir informasjon om sesongen kjem i løpet av påska.

Styret

SAKLISTE TIL ÅRSMØTET I VOLDA GOLFKLUBB FREDAG 27. FEBRUAR 2015 KL 1930.

 

1.  Opning ved styreleiar

2.  Val av møteleiar

3   Godkjenning av innkalling og dagsorden

4.  Val av 2 personar til å skrive under protokollen

5.  Fastsetjing av stemmetal

6.  Revidert rekneskap for 2014

7.  Styrets årsmelding for 2014

8.  Kontingent/prisar for 2015       Ligg på heimesida

9.  Budsjett 2015   

10. Val  

11. ”Heder og ære”, premiering og takk

12. Medlemsmøte med diskusjon

13. Avslutning

 

Det blir servert pizza og litt drikke på klubbens rekning.

Styret