Bana er opa 

Vi opplever at monge endå ikkje har betalt sin medlemskontigent for i år. Investeringane i klubben blir gjort i starten av året og vi er derfor avhengig av å få inn dei kroner vi kan for at drifta skal fungere. Vi forskuddterar medlemskontigenten til alle som er registrert i klubben  pr. 1. januar til golfforbundet. Derfor er siste frist for utmelding 31.12. Håper at den som endå ikkje har hatt andledning til å betale inn kan gjere dette med det første. Det hjelper klubben din mykje. Har du spørsmål så ta kontakt med styre på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Det nærmar seg parturneringa laurdag 16. juni! Her er det muleg å melde seg på både som par og som enkeltspelar. Enkeltspelarane blir satt sammen til lag etterkvart.

Einaste kravet er at ein er ein herrespelar og ein damespelar pr. lag. Formatet er scramble, og vi går 9 hol før det vert middag med  valfri medbrakt drikke til.

Påmelding i golfbox, eller til mob. 952 73 966 - Webjørn.

Førstkomande søndag køyrer vi ei kvalifiseringsturnering til lag-NM.

18-hols slagturnering der dei beste får representere Volda GK i NM 21. og 22. juli.

Kontingenten er med å dekke reiseutgifter til deltakarane.

Utsatt påmeldingsfrist! På grunn av få påmelde har vi forlenga fristen til søndag kl. 21.00.

Oppstart første runde vil vere mandag kl. 19.00. - Husk å avtale tidspunkt for spel med motstandaren.

Fredag 1. juni vert bana stengd for spel pga arbeid på bana. Bana blir opna att så fort arbeidet er ferdig. Dess fleire som møter på dugnad fredag dess fortare blir bana opna att. Rangen er open.

Vi har allereide spelt to av turneringane i SkOlsen Touren. Første runde med 21 deltakarar og sist onsdag var det heile 29 spelarar i fantastisk vêr.

SkOlsen Tour 2: På grunn av utfordringar med maskinparken var greenane var litt meir treigare enn ønskelig, men nokre spelarar meistra denne utfordringa svært godt. Øvst på resultatlista finn vi Dag Tore Hagen 2 slag under par. På 2. plass kom Olav Trandal med -1 og like bak endte Jørn Persson og Per Heltne på par. 15 spelarar har vore med på begge turneringane og dermed komt seg godt i gang i kampen om samanlagtpremiane. Ein må som tidlegare år ha vore med på minimum 5 turneringar i touren, og er ein med på fleire er det dei 5 beste resultata som vert teljande.

Vinnarar SkOlsen Tour 1: Helge Eltvik, Kenneth Rusten, Dag Tore Hagen, Johan Liadal og Brodie Bramich.
Vinnarar SkOlsen Tour 1: Helge Eltvik, Kenneth Rusten, Dag Tore Hagen, Johan Liadal og Brodie Bramich.
Vinnarar SkOlsen Tour 2: Jørn Persson, Olav Trandal og Dag Tore Hagen.
Vinnarar SkOlsen Tour 2: Jørn Persson, Olav Trandal og Dag Tore Hagen.

Link til resultatliste for SkOlsen Tour 1: https://www.golfbox.no/app_livescoring/tour/?language=1044#/competition/1526719/results

Link til resultatliste for SkOlsen Tour 2: https://www.golfbox.no/app_livescoring/tour/?language=1044#/competition/1566914/results

Etter ein hard vinter har sesongstarten på golfbana i Volda vore noko seinare enn tidlegare år. Søndag 20. mai stilte 25 spelelystne til start i årets første 18-holsturnering. Det har vore lagt ned ein formidabel innsats frå dugnadsgjengen for å få bana speleklar. Vinteren teken i betraktning er bana i svært god stand, sjølv om nokre greenar enno treng litt tid for å verte så god som vi er vande med. Sola skein, men den tidvis sterke vinden gjorde spelet litt meir utfordrande. Fellekjøpet stilte trufast opp som sponsor av turneringa, og det vart ein god og jamn kamp om pallplasseringane. Jan Erik Myklebust og Jostein Digernes spelte svært godt og kom inn med likt resultat. Jan Erik tok førsteplassen avgjort av HCP, med minst mogleg margin. På tredjeplass kom Brodie Bramich og på fjerde Jan Egil Gretland, alle med gode resultat så tidleg i sesongen.
Mandag 4. juni startar vi opp nytt golfkurs, ta med deg ein venn og meld deg på!