27 deltakarar vart møtt av fantastisk vêr på onsdagsturneringa denne veka. Kanskje var det vêret som gav dei gode resultata også - heile 11 spelarar gjekk på sitt par eller betre! Amund Yksnøy Bergmann gjekk ei svært bra runde og kom inn på -4 og vann turneringa. Rett bak, på -3, kom Lars Kåre Vikestrand og Sjur Hamar på delt andreplass. I grønt-kort-klassa sigra Thomas Sætre med -2.