Bana er opa 

Vegen til Golf. Kurset for deg som vil begynne å spele golf. 4 kveldar med oppstart måndag 5. mai kl 18-20. Pris kr 1500 som inkluderer gratis spel på bana heile 2014.

       Pris for studenter og juniorer   17-21 år kr 1000,-

       Pris for barn (ungdomar)         10-16 år kr 600.- 

Påmelding til og nærare informasjon, ring/sms til  99378610.

Golf passar for alle uansett alder og gir god trim i eit godt miljø. Hjerteleg velkomne.

Donovan Goosen sitt første besøk i Volda i 2014 er fastsett til torsdag 8. mai. Han vil ha ansvaret for VTG-kurset om kvelden, men vil gi protimar heile dagen frå kl 10. Prisen er kr 450 for ein time, kr 250 for halv time. Påmelding snarast råd til 99378610.

I samarbeid med IBulgaria arrangerer Volda golfklubb IBulgaria Open 31.mai , ei golfturnering der 1. premien blir ei golfreise til Bulgaria med avreise frå Gardermoen i tidsromet 20 – 24 september. Det blir 3 runder med golfspel der ei av rundene går på bana som er omtalt i siste Norsk Golf (side 103-106) ( sjå golfbox IBulgaria for meir informasjon)

Turneringa ligg i golfbox for påmelding.

Startkontingent medlemar kr 200

Greenfeespelarar; halv greenfee Kr 100

Max deltakar er 72

Viss påmelding blir fleire enn 54 blir det 2 starttidspunkt.

Spørsmål om turneringa kan rettast til Jostein Digernes ( tlf 91318349)  eller Svein Aasen (93212822)

ibulgaria

 

Årets første scrambleturnering vart avvikla i strålande sommarver, over 20 varmegrader og 20 deltakarar. Bana er i god stand etter den milde vinteren så forholda ligg godt til rette for ein fin sesong med gode baneforhold..

 Sigeren gjekk til Jostein Digernes og Are Myklebust med par som resultat.

 

Vi minner om påmelding til Match Play Cup. Påmeldingsfrist 17.05.2014.

 

Resultat;

 

Plassering

Namn

Antal slag

Total

1

J.Digernes/ A. Myklebust

35

par

2

H.Indresøvde/ I. Rebbestad

37

+2

3

O. Stranden/ M. Indresøvde

37

+2

4

S. Aasen/ A. Aamås

38

+3

5

J. Voldsund / P. Barstad

38

+3

6

Ø. Tveiten / J. E. Gretland

39

+4

7

R. Strømmen / J. Nes

40

+5

8

B. Indresøvde/ K. Bjørke

42

+7

9

J. Liadal / B. Eiksund

43

+8

10

T. Bjørnsund/ Alias

44

+9

 Scramble 2014-1 
 Jostein Digernes/ Are Myklebust
  
  
  
  
  
  
  
  
  
  
 
 
 

 
                      



lyst åspele golf        

Golfsesongen er i full gang og vi inviterer til.

  • Open dag på golfbana søndag 27. april kl 12-15. Vi har utstyr til låns og tilbyr lett instruksjon og informasjon.
  • Vegen til Golf. Kurset for deg som vil begynne å spele golf. 4 kveldar med oppstart måndag 5. mai kl 18-20. Pris kr 1500 som inkluderer gratis spel på bana heile 2014. Påmelding til og nærare informasjon, ring/sms til 99378610.

Golf passar for alle uansett alder og gir god trim i eit godt miljø. Hjerteleg velkomne.

Førebels terminliste vil bli innlagt på heimesida vår i løpet av kort tid. Lista er foreløpig, då datoane for turneringar i NordVest Tour samarbeidet ikkje er heilt avklara.

Det er i år nytt turneringsystem i golfbox som byr på visse utfordringar for administrasjonen mellom anna vil ikkje den enkelte spelar førebels få tilgang til liste over påmelde spelarar når ein melder seg på scrambleturnering. Når du melder deg på vil du få bekreftelse frå golfbox. Elles er påmeldingprosedyren litt annaleis, ta kontakt med turneringskommiteen viss du har problem.

Vi startar opp onsdag 23.04 med scrambleturnering og så vekslar det med Toyota Tour og scramble kvar onsdag/laurdag (til hausten)  ut sesongen.

Første 18 hols turneringa Vårspretten blir søndag 03.05 deretter vekslar det mellom klubbens 18 hols turneringar og NordVest Tour.

Vi vil spesielt oppmode våre nye spelarar om å delta på scrambleturneringane, dette er lærerikt og du blir lettare kjent med andre spelarar.

Den stor turneringa i år blir IBulgaria som blir 31. mai. 1. premien her blir ein golftur til Bulgaria. Nærare orientering kjem seinare.

I slutten av juni er det planer om ei ”grillturnering” dette blir bestemt med ei vekes varsel når verutsiktene er gode.

Vi vil også vurdere ei nattgolf turnering i månadskifte sept./ oktober viss oppslutninga blir god.

Turneringnemnda

Du finn den førebelse terminlista her.

 

Tusen takk til dei som eg utfordra på å kome med tilbakemeldingar på testnettstaden. Eg trur eg har fått oppfylt dei fleste ynskja. Vervarsel er vel det einaste eg ikkje har fått inn. Eg har laga modulen og skal sjå om eg finn ein grei plass å putte den. 

Eg har fått lagt over alt som eg vil ha med meg frå den gamle nettstaden og har oppdatert informasjonen så langt som det er råd pr. dags dato.

Det er kun eg som er registrert som brukar på nettstaden i skrivande stund. Vi kjem ikkje til å ha ein "skjult" del på nettstaden lenger, så det er ikkje nødvendig for alle å registrere seg. Eg kjem til å registrere dei brukarane som skal publisere noko på nettstaden, men dei vert ikkje lagt inn før eg har laga ei lita brukarrettleiing. Eg håper at eg får tid til å lage det i nær framtid. Dersom nokon har noko dei vil ha publisert så kan dei sende det til meg.

For dei observante så manglar det ein del gamle artiklar. Ingenting er sletta!! Eg skal lage eit menyval som tek oss til artikkel arkivet.

Svein seier at terminlista snart er klar, så eg håper å få lagt den ut på nettstaden og i kalenderen på slutten av denne veka.

Dersom det er ting som de ser manglar, er feil, m.m. så må de ta kontakt med meg så vi får ordna det.

stemningsbilde

Her finn de papira til årsmøtet den 28. februar 2014 kl. 19.00.

Sakliste årsmøte

Vedlegg til saker:

Sak 6 - Årsmeldinga

Sak 7 - Rekneskap 2013

Revisorfråsegn

Sak 8 - Kontigent og prisar for 2014

Tilleggsopplysingar til sak 8.
"Styret foreslår uendra kontingentsatsar, men foreslår å redusere prisen på andel til kr 1500. Hovudgrunnen er å lette tilgangen på nye medlemar. Eitt anna moment er at vi  tidlegare har tatt bort kravet til andelar for alle over 67 år. Vi har nå fleire nye medlemar i 60 åra som kan risikere å måtte betale andelarar 1-2 år før dei slepp unna ved fylte 67. Det er også slik at prisar på andelar/aksjar i norske golfklubbar synest generelt å vere fallande. Fokus må vere på kontingentinntekter. "

Sak 9 - Budsjett 2014

Sak 10 - Val

Varsel om kontingentinnbetaling for 2014 vert utsendt pr e- post i neste veke.

Klubbkassa er slunken etter "vinteren" så vi ber medlemane halde betalingsfristen som vert sett til 15.03.2014.

mvh
Styret

BANA ER FRAMLEIS OPEN, MEN LITT AVHENGIG AV TEMPERATUR.

SOMMARGREENANE HAR RAUDE FLAGG OG SKAL KUN SPELAST PÅ NÅR DEN ER HEILT FRI FOR RIM.

VINTERGREENANE HAR GULE FLAGG. 

LITT INFO OM MERKINGA PÅ VINTERGREEN:

YTTERKANT GREEN MERKA MED GUL LINJE.

IKKJE ALLE HOLA HAR KOPP, MEN EIN GUL SIRKEL PÅ CA 1M DIA.

HAR DU BALL PÅ, ELLER INNAFOR SIRKELEN, ER DET EIN "GIVEN".