Bana er stengt 

Viktig informasjon til medlemane i Volda Golfklubb.

  • Nytt kurs Vegen til Golf startar måndag 25. august kl 18. Vi vil denne gongen auke innsatsen på marknadsføring og vil annonsere og også prøve å få omtale i Regionavisa og Fjordingen (Stryn). Vi treng fleire spelarar og det er viktig at medlemane også tar ansvar for rekrutteringa og tar tak i vener og kjente som kan vere interesserte. Prisen er lav; berre kr 1500 for kurset og prøvemedlemskap resten av 2014 og heile 2015.
  • Protimar. 2. kursdag blir torsdag 28. august. Då kjem Donovan og vil ha ansvaret for kurskvelden. Vi vil også bruke tilby oppfrisking for dei som som nyleg har gått kurs og slit med å kome i gang. Vi er klar over at mange vil spele Vik Ørsta si turnering den dagen, men det er så absolutt høve til å få seg ein protime. Det må då vere før kl 15. Ring/SMS til 99378610 dersom du vil ha protime.
  • Arbeid på bana. Vi har ikkje hjelp frå NAV i år og det blir for mykje arbeid på banesjefane. Vi treng hjelp til å stelle bunkerane. Det må lukast ugras i fleire av dei. Bruk ein time og du får gjort mykje nyttig arbeid for klubben. Vi treng også hjelp til ballplukking i høggraset på begge sidene av drivingrangen. Der ligg det mange ballar.

Lukke til.

Styret i VGK