Nye lokale reglar er vedtekne. Kort oppsummert så er det nytt at det er droppsone på hol 4 og at det kjem kvite stakar mellom hol 4 og 5, som gjeld spel på hol 4/13. Det er også teke med korleis ein skal forholde seg til robotklipparane på bana. Under finn de fullstendige lokale reglar etter mal frå NGF.
Lokal regel E-1.1 (Droppsoner på hol 3/12, 5/14 og 9/18)
Dersom ballen til ein spelar er i straffeområdet, «borga», på hol 3/12 og 9/18 eller bak greenen på hol 5/14, inkludert når det er kjent eller så godt som sikkert at ein ball som ikkje er funnen kom til ro i straffeområdet, har spelaren følgjande fritaksmoglegheiter, kvart med eitt straffeslag:
- Ta fritak etter regel 17.1, eller
- Som ein ekstra moglegheit, droppe den opphavelege ballen eller ein annan ball i droppsona
Straff for å spele ball frå ein feil stad ved brot på lokal regel:
Generell straff etter regel 14.7a.
Lokal regel E-1.3 (Droppsone på hol 4)
Dersom ballen til ein spelar er i straffeområdet mellom hol 4 og hol 5 etter utslag frå tee 4 eller spel frå nordsida av elva, inkludert når det er kjent eller så godt som sikkert at ein ball som ikkje er funnen kom til ro i straffeområdet, har spelaren følgjande fritaksmulegheiter, kvart med eitt straffeslag:
- Spelaren kan ta slag-og-lengde fritak etter regel 17.1d(1), eller
- Spelaren kan droppe den opprinnelege ballen eller ein annan ball i droppsona på sørsida av elva, om lag der straffeområdet går over i Out of Bounds på nordsida av elva. Droppsona er eit fritaksområde etter regel 14.3.
Spelaren kan ikkje ta fritak etter reglane 17.1d(2) eller 17.1d(3).
Straff for å spele ball frå ein feil stad ved brot på lokal regel:
Generell straff etter regel 14.7a.
Lokal regel A-4 (OB på hol 4 og 13)
Under spel på hol 4 og 13, er det på høgre side av holet definert med kvite stakar, utanfor bana.
Dei kvite stakane vert å sjå på som grensegjenstander under spel på hol 4 og 13. For alle andre hol er dei uflyttbare hindringar.
Lokal regel N-1 (Robotklipparar)
På denne bana vert det nytta motoriserte robotklipparar som ikkje må stoppast, løftast eller påverke klipperetninga til. En klippar i ro og i ladestasjon er ei uflyttbar hindring. Fritak må takast etter regel 16.1.
Ein ball i bevegelse som ved et uhell vert stoppa eller får forandra retning av en klipper i bevegelse, må spelast frå der den kjem til ro, sjå regel 11.1b.
En ball i ro som vert flytta av en klipper i bevegelse må plasserast tilbake, sjå regel 9.6.
Dersom ein klippar i bevegelse fysisk påverkar spelet, kan spelaren vente til klipparen har flytta seg og ikkje lenger gjev ein slik påverknad.
Straff for å spele ball frå ein feil stad ved brot på lokal regel:
Generell straff etter regel 14.7a.