Bana er opa

Opning av bana, dugnad og dugnadsturnering

Fredag 21. mars opna vi drivingrangen og laurdag 22. mars opna vi bana for sesongen. Det var det mest prekere som vart ordna på ein impulsiv dugnad på laurdagen. Då vart greenane raka og klipte, og det vart sett nye hol. Det er framleis mykje arbeid som gjenstår og om veret er litt på lag neste laurdag (29. mars) så tenker vi å ha ein dugnad frå klokka 11 og så vert det pizza før ein går ut på dugnadsturnering kl. 14.

Fokus på denne dugnaden er å få gjort bana heilt klar for sesongen. Det må plukkast greiner over heile bana slik at at robotklipparane ikkje køyrer dette fast i klippediskane når dei vert sett i gong. Bunkerane må ordnast og ein heil del andre ting. Det vert tatt ei avgjerd nærare helga om veret er bra nok til å halde dugnad og turnering. 

2025 03 22 12.09.06