Bana er opa 

Sparebank1 SMN Open

I regi av vår hovudsponsor Sparebank1 SMN arrangerte vi Sparebank1 SMN open med heile 38 deltakarar. Det var ikkje berre deltakartalet som var bra denne dagen, det var også spelet til Christer Adrian Mork som gjekk på 65 slag og mest truleg sette ny banerekord. Han tok med det også sigeren i klasse brutto jr./vaksen, heile 4 slag færre enn Oliver Sulebakk Sylte på 2. plass. Sveinar Øvrelid tok 3. plassen på 70 slag. Pallen i brutto jr./vaksen klassa var dominert av gjestane frå Sunnmøre golfklubb med beste volding på 4. plass. Det var Lars Kåre Vikestrand som var nokre slag bak. I klassa brutto senior var det Volda GK sin eigen Joar Voldsund som toppa lista på 73 slag med Per Bernt Aske på 2. plass på 74 slag og Robert Graham på 3. plass med 76 slag. Vi hadde nokre deltakarar som gjekk frå raudt utslag og det vart premiert for beste bruttoresultat i denne klassa. Det var Harald Indresøvde som vant denne klassa på 81 slag.

I Stableford klassa så vert det gitt poeng på kvart hol ut frå tildelte slag etter spelaren sitt handicap. I denne klassa var alle dei 38 spelarane med. Det var Christian Adrian Mork som dominerte denne klassa også. Sjølv Hovland ville hatt problem med å følgje denne karen i dag, med 7 birdiar, så enda Christian opp på heile 47 poeng. Hallgeir Frøystadvåg gjekk på 43 poeng og tok andreplassen. Trond Heltne og Robert Graham delte 3. plassen på 41 poeng. Det var mykje godt spel og dei 11 første på lista spelte på sitt handicap eller betre.

Det var også premie til den som kom nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag frå både gult og raudt utslag på hol 18. Det var Eldar Djupvik Johansen som kom nærast pinnen og var om lag 1 meter frå holet på sitt utslag. Bente Ørsal var den som slo lengst frå raudt utslag og Marius Ryste Skjeret frå gult. Marius slo om lag 250 meter i motvinden, noko som er mildt sagt imponerande.

Resultatlistene finn de her!

 rgb SB1 SMN verti neg bak

29. august kl. 13 er det Sparebank1 SMN Invitational, så det er berre å sette av datoen og ordne seg ein halv ferie/avspaseringsdag. I denne turneringa er det det sosiale og kosen som står i høgsetet. Det vert Scramble med 3 eller 4 på lag. Sparebanken stiller med noko å bite i før ein går ut og litt mat når ein kjem inn og ventar på premieutdelinga.

2024 06 30 15.56.10

Eldar Djupvik Johansen, Hallgeir Frøystadvåg, Per Bernt Aske, Sveinar Øvrelid, Christer Adrian Mork (vinnar brutto jr./vaksen og Stableford), Joar Voldsund (vinnar brutto senior), Trond Heltne, Marius Ryste Skjeret, Oliver Sulebakk Sylte, Robert Graham, Harald Indresøvde (vinnar brutto raudt), Olav Trandal og Bente Ørsal