Bana er opa

Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open 2022

Søndag 3. juli arrangerte Volda golfklubb, Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open. Det var konkurrert i både Stableford og brutto. 

Det var 20 spelarar som trassa det ustabile sommarveret og fekk seg ei flott runde i Vassbotnen. Joar Voldsund hadde ei veldig god runde og gjekk på 74 slag som er 4 slag over banepar. Nærast Joar var Petter Hansen og Johan Liadal på 76 slag. I Stableford var det Johan Liadal som tok ein suveren siger med heile 44 poeng. Bak Johan var det fem spelarar på 37 poeng. Når det er lik poengsum så er det den med lågast handicap som går vert dømt først. Det gav denne rekkefølgja: Joar Voldsund, Jon Tore Sætre, Olav Trandal, Ståle Eikrem og Trond Are Ryste.

I dameklassa var det Mari Chluba som brukte færrast slag og vant med 91 slag over Grete Eikrem på 96. I Stableford var det snudd rundt og Grete vant med 30 poeng over Mari på 24.

Det var ingen deltakarar i grøntkort klassa.

Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Petter Hansen var den som slo lengst frå gult utslag og Svein Aasen frå raudt utslag. Kenneth Rusten var den som kom nærast pinnen på hol 7/16 med 1 meter og 77 centimeter.

Etter turneringa var det premieutdeling i klubbhuset med flotte premiar frå Sparebank 1.

2022 07 03 15.55.05

Petter Hansen, Kenneth Rusten, Dag Roar Ørsal, Mari Chluba (vinnar brutto dame), Joar Voldsund (vinnar brutto herre), Svein Aasen, Johan Liadal (vinnar Stableford herre), Jon Tore Sætre og Olav Trandal.

 

Nokre stemningsbilder frå fotograf Rune Strømmen.

IMG 20220703 194145

IMG 20220703 194142

IMG 20220703 194129

IMG 20220703 194137