Bana er stengt 

Veien til golf kurs 2022

Då har vi starta opp igjen med Veien til golf kurs (VTG) for sesongen. 

Det er framleis slik at du kan sitje heime i ro og mak og ta teoridelen av kurset gjennom eit e-læringskurs. Det er noko tekst men mest videoar som du ser gjennom og svarer på oppgåver knytt til temaet. Den praktiske delen vert gjennomført med ein kveld på treningsområdet vårt og ute på bana med vår trenar Joar Voldsund. Han er der kvar måndag og kan ta med seg 4 - 5 personar kvar gong. 

Når du har tatt dette kurset og er medlem i ein golfklubb, kan du spele på stort sett alle baner rundt om i verda. Kurset/medlemsavgift kostar kr. 1.500 for vaksne og kr. 600 for barn opp til og med 16 år. Då kan du spele så mykje som du ynskjer på bana vår i Vassbotnen i heile 2022. Joar er på treningsfeltet kvar måndag og kan sjølvsagt nyttast til instruksjon for alle gjennom heile sesongen.

Kurset er i 2022 sett opp slik:

  1. E-læringskurs. Dette kan du ta i fred og ro heime. Omfanget er omlag ein time. Golfforbundet anbefalar at du tek kurset på ei datamaskin slik at du kan ha oppe kursmateriellet der du finn "fasiten" medan du svarar på spørsmåla. Om du svarar feil så får du beskjed om det og kan svare om igjen til du har valgt rett svar. Klikk her for instruksjonar og lenke til teoridelen av kurset.
  2. Når du er ferdig med e-læringskurset så får du eit diplom som du sender inn til klubben påThis email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.. Vi gjer då avtale om når du skal møte på den praktiske delen av kurset.
  3. Praktisk del av kurset. Instruktør frå klubben vil gjennomføre denne delen i lag med inntil fem kursdeltakarar i gongen. Her får du prøve forskjellige typar slag på vårt treningsområde (drivingrange, øvingsgreeen og bunker) i tillegg til spel ute på golfbana. Om du ikkje har golfutstyr så har klubben utstyr du kan låne. Den praktiske delen gjennomfører du på ein kveld. 
  4. Bestått og betalt kurs gjev kursbevis og medlemsskap i Volda golfklubb. Bestått kurs er gjennomført teoridel og deltakelse på praktisk del av kurset. Det er ingen eksamen eller ferdighetsprøve for å få godkjent kurset.

Vel møtt til kurs!

Notteroy VTG 14